Hopp til innhold

Martin brukte over 12.000 på laksefiske – så blei det stansa

Mange fiskarar har på førehand betalt tusenvis for laksefisket som no er stengt. Elveeigarane meiner staten må ta rekninga.

Martin Fossli på laksefiske med faren.

INGEN FISKING: Fossli og faren på laksefiske i fjor. I år blei fiskeferien stoppa.

Foto: Privat

Fredag kveld bestemte Miljødirektoratet at laksefisket blir stoppa i 33 elver i Noreg. Stenginga er ifølge direktoratet naudsynt for å verne laksebestanden.

– Eg veit ikkje kva vi skal gjere når vi ikkje veit om vi får pengane tilbake, seier Martin Fossli.

Han er ein av mange fiskarar som har betalt for både reise, overnatting og fiskerettigheitar dei no ikkje får brukt.

Fluefiske etter laks. To menn står i elva og fisker. Bildet er tatt i Trøndelag og Stjørdalselva, ved stedet Flora

Stopper laksefisket flere steder i landet: – Uforståelig

Manglar pengar til ferie

Fossli, som til dagleg bur i Tromsø, skulle feriere på Grande Gaard saman med sin far, kone og barn.

Der skulle dei fiske laks i elva Namsen frå måndag til onsdag. To dagar med fiske og opphald kosta familien 12.500 kroner.

– Det er klart det er ein stor del av feriebudsjettet.

Sidan det blei klart at elva blei stengt for fiske på fredag, har Fossli forsøkt å få refundert pengane slik at familien kan gjere noko med feriedagane.

– Det har vore vanskeleg å få konkrete svar frå grunneigaren. Vi får berre beskjed om å prate med vårt forsikringsselskap.

Fossli forklarar at han ikkje får pengane tilbake på reiseforsikringa. No ønsker han at grunneigaren tar grep.

– Eg synest det er veldig uprofesjonelt å trenere dette i fleire dagar.

Disse elvene er stengde.

– Det er ikkje noko hemmelegheit at dei har heldt på i mange år og tent store pengar på laksefisket. Da burde dei klare å handtere dette raskare.

Familien er no i Trondheim, men utan å få pengane tilbake veit dei ikkje kva dei skal gjere med ferien.

– Eg har ikkje 12500 liggande slik at vi kan gjere noko anna.

Får pengane tilbake

– Vi veit veldig lite om kva som skjer framover, seier Anne Ovidie Hagerup. Ho driv Grande Gaard der Fossli og familien skulle fiske laks.

Ho seier situasjonen har vore uoversiktleg etter at stenginga kom brått på fredag kveld.

– Vi er usikker på kva som går på fiskarane sine reiseforsikringar, kva som går på vår forsikring og kva det er vi må betale.

– Vi jobbar med å få oversikt også skal vi ordne opp i det økonomisk med fiskarane også

Anne Ovidie Hagerup

Anne Ovidie Hagerup driv Grande Gaard. Ho fortel at situasjonen har vore uoversiktleg etter at laksefisket blei stoppa på kort varsel.

Foto: Eivind Aabakken

Nokon timar etter NRK tok kontakt har begge partar bekrefta at Fossli vil få pengane tilbake.

Hagerup seier refusjonen tok nokon dagar sidan situasjonen etter at laksefisket blei stengt har vore kaotisk.

Ho skulle ønske myndigheitene handterte situasjonen på ei anna måte.

– Dette er ein vanskeleg situasjon. Dei stengde elva brått og no veit vi veldig lite om når ho opnar for fiske igjen.

Meiner staten må ta rekninga

– Det er ikkje fiskarane eller rettigheitshavarane i elver som er årsaka til at elvene blir stengt, og da er det ikkje dei som burde ta rekninga, seier Torfinn Evensen. Han er generalsekretær i Norske Lakseelver.

Evensen peiker på at det er oppdrettsnæringa, vasskraft og klimaendringar som har gjort at Miljødirektoratet no ser seg nøydd til å stenge lakseelvene.

– Vi vil no gå inn for å få på plass ein refusjonsordning for dei som mister inntekter på grunn av dagens situasjon.

– Dette er ein ekstraordinær situasjon og da meiner vi det er grunnlag for å sjå på ein refusjonsordning.

Korleis ein slik refusjonsordning meiner Evensen det enda er for tidleg å seie.

– Det blei gått opp ein løype under pandemien. Den trur vi kan brukast som ein mal, samstundes som ordninga må bli tilpassa dagens situasjon.

Tony Bell og John Olav Oldren står i Verdalselva med fiskeutstyr.

Laksestopp får store konsekvenser – kontakter advokat

Garanterer refusjon

Statskog forvaltar og sel fiskekort i ei rekke lakseelver.

Dei garanterer at fiskarar som har kjøpt fiskekort får pengane refundert. Det melder Statskog i ei pressemelding.

– Alle våre kortkjøparar i dei stengde lakseelvene har allereie fått melding frå oss om situasjonen, seier fagsjef for jakt og fiske, Jo Inge Breisjøberget.

–Vi kan også forsikre dei som har fiskekort frå Statskog i stengt lakseelv, at de vil få refundert kortkjøpet.

Statskog vil gjennomføre refusjonen så snart situasjonen er avklart.