Statsbudsjettet blir lagt fram i dag, og der ligg det pengar til fylkesvegar, lovar Elin Rodum Agdestein, stortingsrepresentant for Høgre i Nord-Trøndelag.
- Direkte: Alt om statsbudsjettet
– Betre framkomst og tryggleik
– Vi styrkar rammene til samferdsel i fylka fordi dette er det viktigaste regionalpolitiske verkemiddelet for å sikre vekst og verdiskaping og for å skape trygge arbeidsplassar i heile landet, seier ho.
Tiltaka er også svært viktig for framkomsten og trafikktryggleiken. Ulempene med avstand for næringslivet skal bli reduserte, slik at næringslivet i distrikts-Noreg skal få betre konkurransekraft.
– Det er eit betrakteleg etterslep på fylkesvegane, som sårt treng oppgradering. Derfor meiner vi at det er viktig å styrke satsinga på nettopp desse vegane, seier Agdestein.
Følg framlegginga av statsbudsjettet her:
Pengar frå tre pottar
– Vi styrkar fjorårets satsing på fylkesvegar med 200 millionar kroner, slik at dette no utgjer over 1 milliard kroner. Samstundes styrkar vi rentekompensasjonsordninga som regjeringa innførte i fjor, og aukar investeringsramma for transporttiltaka i fylka med 1 milliard, frå 2 til 3 milliardar årleg, seier Agdestein.
I statsbudsjettet ligg det òg 272 millionar for å styrke tunneltryggleiken i fylka.
Sør-Trøndelag får 42,7 millionar direkte frå kommunaldepartementet, Nord-Trøndelag får 26,5. Det er ei auke på 8,5 og 5,3 millionar frå året før.
I tillegg kjem altså rentekompensasjonen, som utgjer 140 millionar for Nord-Trøndelag sin del, og 190 millionar i Sør-Trøndelag.