Ina (9) brukte bursdagspengane på ny sykkel – no er den stolen

TRONDHEIM (NRK): Sykkelen til Ina Øyangen Hjellen (9) blei stolen då den stod låst utanfor skulen. Politiet i Trondheim melder om 30 prosent fleire sykkeltjuveri i sommar, samanlikna med i fjor.

Ina Øyangen Hjellen (9) utanfor Singsaker skole

SYKKELTJUVERI: Ina Øyangen Hjellen (9) sin sykkel stod låst utanfor Singsaker skole i Trondheim då den blei stolen.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Eg kjøpte sykkelen for mine eigne pengar som eg fekk i bursdagsgåve, seier niåringen fortvila.

Måndag for ei veke sidan blei den stolen utanfor Singsaker skole i Trondheim. Både hjelmen og sykkelen til Ina var låst i sykkelstativet. Begge deler var sporlaust forsvunne då skuledagen var over og Ina skulle heim.

– Eg var veldig forvirra. Eg såg meg rundt og tenkte: «Hæ? Kor er den?» Så ringde eg mamma, og spurte kva eg skulle gjere. Ho sa at eg måtte gå heim, og så skulle vi ordne det seinare.

Politiet: – 30 prosent fleire sykkeltjuveri

Ina er ikkje den einaste som nyleg har opplevd sykkeltjuveri.

Dag Olav Tiller i Trondheim fekk alvorlege skadar då han overraska sykkeltjuvar og blei overfallen. Det har gått snart tre veker sidan han tok dei tre sykkeltjuvane på fersk gjerning på Skansen.

Pål Berg er politioverbetjent i Trøndelag politidistrikt. Han bekreftar ein tydeleg auke i talet på sykkeltjuveri i Trondheim denne sommaren.

– Det har vore ein auke på 30 prosent frå mai og fram til midten av august i år, samanlikna med i 2019. Det er for tidleg å seie om det er permanent auke. Erfaringsmessig går kriminaliteten opp og ned, informerer han.

Politioverbetjent Pål Berg med stjålne sykler

POLITIET: Pål Berg og kollegaene i politiet har ein enorm jobb med å oppklare saker der det ikkje er vitne til sykkeltjuveria. Dette biletet av stolne syklar er frå 2018.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Talet aukar fleire stadar i landet. I Tromsø går det mot eit toppår i sykkeltjuveri som har blitt meldt til politiet.

I 2019 blei 12.657 syklar meldt stolne i Noreg, ifølge tal frå Finans Norge. Året før blei det stole 10.497 syklar. Dette er ein auke på om lag 21 prosent. Men det er enorme mørketal.

– Den enklaste måten for oss å spore ein sykkel på, er at vedkommande melder sykkelen stolen, og at dei har rammenummeret – eit unikt nummer for kvar sykkel, seier Berg og held fram:

– Vi har mange sykkeltjuveri i Trondheim, og kvart enkelt tjuveri er eitt for mykje. Alle gode forslag blir mottekne med takk.

MDG-politikar: – Eit tidsspørsmål når sykkelen blir stolen

Ask Ibsen Lindal har konkrete forslag til korleis ein skal redusere talet på sykkeltjuveri i byen. Han er bystyrerepresentant for Miljøpartiet dei Grøne (MDG) i Trondheim.

– Over mange år har eg opplevd Trondheim som ein by det er kronglete å eige sykkel i. I alle fall viss ein ikkje har parkeringskjellar eller ein trygg plass å sette sykkelen på. Det er berre eit tidsspørsmål når den blir stolen, meiner han.

Han har sjølv blitt fråstolen sykkelen to gonger, og har fått brote av batteripakkar på elsykkelen.

Torsdag i førre veke fremma han eit forslag i bystyret i Trondheim med ein strategi som skal redusere talet på sykkeltjuveri i byen.

Ask Ibsen Lindal, MDG, Trondheim

IKKJE HALDBART: – Du kan ha garasje eller kjellar heime der du har sykkelen, og så kjem du på jobb og må sette den utrygt til. Sjølv om du har ein veldig god sykkellås, risikerer du at det blir gjort hærverk på sykkelen, seier Ask Ibsen Lindal i MDG.

Foto: Marita Solheim / NRK

Ibsen Lindal ber kommunedirektøren om å gå i dialog med politiet, Syklistenes Landsforening og forsikringsselskapa for å få målretta tiltak mot sykkeltjuveri.

Politikaren delte sine tankar i ei sykkelgruppe for Trondheim på Facebook. Mange engasjerte seg og kom med konkrete forslag i kommentarfeltet.

Forslaga han plukka opp var fleire låsbare sykkelskåp, sykkelsporing, eit kommunalt sykkelregister og god infrastruktur for å kunne parkere sykkelen trygt.

– Tjuveri utan vitne

Fleire i kommentarfeltet meiner at politiet må bry seg meir, og at dei er for raske med å leggje bort saker med sykkeltjuveri.

– Når henlegginga ligg i postkassa kan folk hente ut ny sykkel hos forsikringsselskapet. Slik vert ein ond spiral skapt, der ein kan oppleve det som lite risikofylt å stele syklar, påpeikar MDG-politikaren.

– Kvar dag står vi overfor store utfordringar og prioriteringar. Sykkeltjuveri er ein type kriminalitet som ofte skjer utan vitne. Det gjer arbeidet vanskeleg, svarar Berg i Trøndelag politidistrikt på kritikken.

Trondheim kommune vedtok i 2014 eit mål om å bli Noregs beste sykkelby innan 2025.

– Viss Trondheim har som mål å bli sykkelby nummer éin, så er ikkje situasjonen haldbar, fastslår Ibsen Lindal.

– Eit felles ansvar

Syklistenes Landsforening rosar initiativet til MDG-politikaren.

Fagsjef Mats Larsen i Syklistenes Landsforening

LÅS OG FORSIKRING: – Om du har ein dyr sykkel bør du bruke ein god lås, og ha ei god forsikring. Ein må parkere sykkelen på trygge stadar, og ta den med innandørs der det er mogleg, seier fagsjef Mats Larsen i Syklistenes Landsforening.

Foto: Kjetil Hasselgård / Syklistenes Landsforening

– Vi er positivt overraska. Sykkeltjuveri er ei utfordring som krev innsats frå fleire, seier Mats Larsen, fagsjef i Syklistenes Landsforening.

Han meiner både myndigheitene og arbeidsplassane må legge til rette for trygg sykkelparkering. Kvar enkelt syklist må også ta sin del av ansvaret.

Syklistenes Landsforening har ei nasjonal ordning som heiter «Sykkelvennlig arbeidsplass». Der skal dei hjelpe arbeidsplassar med råd om korleis dei kan legge til rette betre for sykling til og frå jobb. Trygg sykkelparkering er eit viktig punkt i denne ordninga.

Håpar på å få tilbake sykkelen

Tilbake på Singsaker skole er det fleire av klassevenninnene til Ina som no leitar etter sykkelen sin.

– To syklar og to sparkesyklar har blitt stolne berre på femte trinn, seier Ina.

Mor Monica Øyangen fortel at dei har meldt saka til politiet.

– Vi har lagt ut bilete av sykkelen på Facebook, slik at folk kan dele vidare. Ingen har meldt seg. Vi har også sjekka om det er lagt ut annonse av sykkelen på Finn.no.

Ina Øyangen Hjellen (9) med sykkel

SYKKELEN: Ina (9) sin stolne sykkel er lett å kjenne att. Snart har Ina bursdag. Ho må kanskje bruke bursdagspengane sine på ny sykkel denne gongen også.

Foto: Privat

Frende Forsikring anslår at berre éin av fire politimelder sykkeltjuveri, og aksjonsgruppa «Ikke Stjel Sykkelen Min» hevdar at 55.000 syklar blir stolne i året. Det betyr at éin sykkel blir stolen kvart tiande minutt.

Både mor og dotter kryssar fingrane for at sykkelen snart kjem til rette.

Kva synest du om denne typen oppførsel?

– Veldig dårleg oppførsel. Spesielt når det rammar ungar. Barnesyklar som forsvinn synest eg lite om, seier Monica.