Hopp til innhold

Stengjer skular og massetestar elevar etter smitteutbrot i Midtre Gauldal: Varslar fleire tiltak

Rundt 150 personar skal vere i karantene etter at ti personar har testa positivt for korona i Midtre Gauldal. No varslar kommunen nye tiltak.

Rådhuset i Midtre Gauldal

Rådhuset i Midtre Gauldal.

Foto: Morten Andersen / NRK

Til no har kommunen registrert i alt ti positive koronatestar dei to siste dagane. Kriseleiinga i kommunen hadde møte i ettermiddag for å diskutere handteringa av utbrotet.

– Det er ein litt uoversiktleg situasjon no. Derfor stengjer vi barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, sa kommunedirektør Alf-Petter Tenfjord før møtet.

Skulane vil i første omgang vere stengde fram til helga. Rådhuset vert også stengt i same tidsrom.

Kommunen innfører også mellombels besøksforbod på Midtre Gauldal sjukeheim, foreløpig for torsdag og fredag. Besøksforbodet gjeld også i andre kommunale fellesareal i tilknyting til bueiningar i omsorgsbustader, bufellesskap og liknande.

I ei pressemelding klokka 20 skriv kommunen at rundt 150 personar er i smitte- og ventekarantene.

Varslar om nye lokale tiltak på torsdag

Kommunen førebur no ei lokal forskrift med tiltak som blir lagt fram for formannskapet torsdag ettermiddag.

Kommunen ber folk om å førebu seg på at den nasjonal gjenopninga, som er planlagt natt til fredag, ikkje vert gjennomført i Midtre Gauldal med det første. Kommunen vurderer også andre tiltak.

Vaksineringsprogrammet går foreløpig som planlagt.

Jobbar med smittesporing

Kommunedirektør Alf-Petter Tenfjord seier mange jobbar hardt med smittesporing og at dei håper å vite meir om korleis folk har blitt smitta i løpet av kvelden.

– Vi er ikkje heilt sikre, men det kan tyde på at smitta kjem frå dei same kjeldene, seier han.

– Fleire skuleklassar er i karantene. Fleire vaksne har og vore i nærkontakt med smitta. Vaksenopplæringa er og råka. Vi skal få ein oversikt over kor mange som sit i karantene i kveld, seier kommunedirektøren.

– Vi har ei viss oversikt over korleis smitta har spreidd seg, men vi veit ikkje korleis og kvar den opphavlege smitta kom inn i gruppene, seier kommuneoverlege Bjørn Lyngen.

Han legg til at dei også har registrert smitte i SFO på barneskulen og i fleire familiar.

Alle elevar på skulane i kommunen skal no bli testa. Det vil derfor bli oppretta enda ein teststasjon.