Hopp til innhold

Even (18) omkom i kollisjon med toget – no er rapporten klar

Varselsignala ved planovergangen fungerte truleg slik dei skulle, viser rapporten frå Statens havarikommisjon. Dei har undersøkt ulykka i over eitt år.

Blomster til omkomne Even.

OMKOM: Vener og familie tok seg til ulykkestaden for å legge ned blomar og tenne lys. Bilen er Engan sin.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Torsdag kom havarikommisjonens rapport frå ulykka på Støren, som skjedde 31. mai i fjor.

18 år gamle Even Moe Engan var på jobb og køyrde ein traktor med grus då han skulle krysse overgangen til toglinja.

Planovergangen har ikkje bom, men lyd- og lyssignal, som skal varsle om at toget skal passera.

Likevel blei Engan køyrd på av eit passasjertog då han kryssa sporet. Traktoren hamna i elva Gaula, som ligg rett ved togsporet, og det blei tidleg bekrefta at Engan var død.

I over eitt år har havarikommisjonen undersøkt om signala ved planovergangen fungerte. I rapporten skriv det er svært sannsynleg at systema var i orden.

«Havarikommisjonen har gjennom sin sikkerheitsundersøking identifisert fleire moglege medverkande faktorar, men har ikkje kunne fastslå kva som gjorde at traktoren oppheldt seg på planovergangen då toget kom til » skriv dei i rapporten.

Det er om lag 30 like planovergangar i Noreg, som berre er sikra med lyd- og lyssignal. Havarikommisjonen meiner Bane Nor bør undersøka om sikkerheita ved desse kan bli betre.

Representanter fra Stanes Havarikommisjon prøver et lysanlegget ved siden av toglinja. Det lyser rødt i lampen. Vi ser noen folk i gule klær som sitter på bakken, mens andre står litt unna og kikker på.

Rett etter ulykka testa Bane Nor lampa som skal varsle om innkommande tog. Sjølve lampa fungerte, som bildet viser, men no har havarikommisjonen undersøkt heile varslingssystemet.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Fleire ulykker

I etterkant av ulukka blei kriminalteknikarar frå Trondheim og ulykkesgruppa til Statens vegvesen sendt til staden. Arbeidstilsynet blei også varsla.

– Det er ein planovergang det ikkje har skjedd mange ulykker på før, sa pressevakt hos Bane Nor, Thea Rønningen.

Bane Nor si undersøking- og analyseeining vil gjere egne undersøkingar av planovergangen.

Blomster og lys ved ulykkesstedet

Mange la ned blomar og tente lys for å minnast Even Moe Engan.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Godt likt av alle

Venner og kjente beskriv Engan som omsorgsfull, positiv og glad.

– Even var godt likt av alle saman, sa Elise Winsnes Bjerkan, som kjente Engan frå vidaregåande.

Fleire av ungdommane i miljøet rundt Engan har vore sterkt preget etter ulykka. I fjor møtte mange av dei opp ved staden kor ulykka skjedde for å leggja ned blomar.

– Det er ingen her som ikkje blir rørt ved av ei så trist hending, det er ei flott ungdom frå området som ikkje er her lengre, sa kommunedirektør i Midtre Gauldal kommune, Bodil Brå Alsvik etter ulykka.

Les også Venner av omkomne Even (18): – Han var godt likt av alle

Blomster til omkomne Even.