Hopp til innhold

Studentar gler seg til meir fysisk undervisning: – Føler ikkje eg har starta på studentlivet endå

NTNU opnar for 80 prosent fysisk undervisning. Slik blir hausten på landets studiestadar.

Studentar ved NTNU utanfor hovudbygget på Gløshaugen.

NY STUDIEHAUST: Andreårsstudentane Andrine Haugdal (20) f.v., Ingrid Helgeland Sannæs (19) og Maximilian Rønseth (19) ser fram til ein meir normal studiehaust ved NTNU i Trondheim.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Eg føler eigentleg ikkje at eg har starta på studentlivet endå. Eg var nesten ikkje på førelesingar på campus i heile fjor, så eg føler nesten at eg er førsteårsstudent igjen, seier Andrine Haugdal (20).

NRK møter ho på Gløshaugen i Trondheim, i lag med studievennane Ingrid Helgeland Sannæs (19) og Maximilian Rønseth (19).

Dei er andreårsstudentar ved NTNU, og har enno ikkje fått oppleve ein heilt normal studiekvardag.

Koronapandemien herjar framleis, men fleire er håpefulle før årets studiestart på landets høgskular og universitet. Kan det bli eit tilnærma normalt studentliv for studentane denne hausten?

Endrar ikkje timeplanen: – Eit komplisert puslespel

Prorektor for utdanning ved NTNU, Marit Reitan, har trua på at denne hausten vil bli meir vanleg for studentane.

Ho er likevel avventande, sidan regjeringa valde å utsette trinn fire av gjenopningsplanen. Ei ny vurdering vil bli teken i løpet av august.

Marit Reitan, prorektor for utdanning, NTNU

HÅPEFULL: Prorektor for utdanning ved NTNU, Marit Reitan, fortel at mesteparten av undervisninga ved NTNU vil føregå med fysisk oppmøte denne hausten.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Studiehausten vil i stor grad bli fysisk undervisning, tilbake til normalen. Tidspunkt for gjenopningsplanen vil avgjere dette. Foreløpig gjeld einmetersregelen i undervisningsromma, og derfor kan vi ikkje fylle dei opp heilt, fortel ho.

NTNU planlegg å gjennomføre 80 prosent av undervisninga med fysisk oppmøte.

– Det aller meste av undervisninga vil føregå fysisk, og det vil gjelde for dei fleste studentane.

Men store emne og førelesingar som er planlagde å vere heildigitale, kan ikkje gå over til å bli med fysisk oppmøte i løpet av hausten.

– NTNU kjem ikkje til å legge om timeplanen, sjølv om regjeringa lettar på tiltaka. Det er eit veldig komplisert puslespel som vi startar med nesten eit halvår før semesterstart, fastslår ho.

Sjekk korleis undervisningssituasjonen blir ved din studiestad:

Vil ha mest mogleg fysisk oppmøte

Andreårsstudentane ved NTNU er glad for å høyre at det opnar for meir fysisk oppmøte.

– Fysisk undervisning er ein veldig viktig del for samhaldet mellom studentane, seier Helgeland Sannæs.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) legg vekt på at studentane bør få vere mest mogleg fysisk til stades på campus i det komande haustsemesteret.

– Eg ynskjer at studentane skal få ein oppstart på studiet som er mest mogleg normal, både fagleg og sosialt. Eg har forståing for at det er krevjande å planlegge for studiestadene når situasjonen er så usikker som den har vore under pandemien.

– Kva vil du seie til studentar som er bekymra for at det blir fysisk undervisning – trass i at dei fleste studentane ikkje er fullvaksinerte?

– Eg forstår at enkelte kan vere bekymra. Men vi er i ein heilt anna situasjon enn under studiestarten i fjor. Dei fleste har fått første vaksinedose av koronavaksinen. Vi veit den beskyttar mot alvorleg sjukdom, og reduserer faren for smitte, seier Asheim.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim

HÅP FOR STUDIEHAUSTEN: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier han er oppteken av at dei inngripande smitteverntiltaka i så liten grad som mogleg skal gå utover innhaldet i utdanninga.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

FHI har sagt at studentar vil få andre dose av koronavaksinen i kommunen der dei studerer, slik at dei slepp å reise heim.

Tysdag gjekk dessutan helseminister Bent Høie (H) ut med gladmeldinga om at ein vil kunne leve som normalt i slutten av september.

– Då kan ein danse tett og «gå på one night stands» igjen, sa helseministeren til NRK.

Held fram med digital eksamen

Sjølv om det blir opna for meir fysisk undervisning, vil fleire av studiestadane NRK har vore i kontakt med halde fram med digital eksamen.

Trondheim kommune nyttar NTNU sine eksamenslokale på Sluppen til vaksinering. Kommunen spurte tidleg om dei kunne bruke lokala ut året, og NTNU stilte dei til disposisjon.

– Vi vil ha ei blanding av digital eksamen og eksamen under tilsyn. Det vil bli brukt andre eksamenslokale då, opplyser Reitan.

– Eg synest det er fint med digital eksamen. Det er mindre stress for oss når vi slepp å reise til eksamenslokala, humrar andreårsstudent Rønseth.

19-åringen seier at det er fort å tru at folk juksar under heimeeksamen, men han påpeikar at karaktersnittet likevel har vore lågt.

– Det er ein vinn-vinn-situasjon å ha eksamen heime. Det handlar om tillit mellom studenten og studiestaden.

– Ei krevjande tid

Andreårsstudentane synest det har vore utfordrande å vere student i dei usikre tidene under pandemien.

– Det har vore ganske kjipt fordi ein har mista så mykje av det sosiale. Det har skjedd veldig lite på fritida, seier Helgeland Sannæs.

Ho er glad for at ho klarte å skaffe seg eit sosialt nettverk i fjor haust, sjølv om det ikkje var mange samankomstar for studentane.

– Det er fint å ha nokon å vere med, og nokon som ein kan spørre om hjelp, fastslår ho.

– Eg tenkjer på studentane og situasjonen dei har stått i under pandemien. Dei har handtert det veldig bra. Det er mange som har ofra mykje, og det har vore ein krevjande studiekvardag, seier Reitan.