Hopp til innhold

Sjøkreps frå Frøya

På fiskemottaket Seashell på Frøya får dei inn levande sjøkreps frå Frohavet.

Helge Myrseth og Inge Johnsen.
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

Radiokokk Inge Johnsen har sjeldan laga mat av så ferske råvarer.

Inge Johnsen og Norgesglasset sin reporter Tron Soot-Ryen har tatt turen til fiskemottaket Seashell, heilt nord på Dyrøya på Frøya. Her er råvarene på sitt aller, aller ferskaste.

- Dette er Noreg på sitt beste. Så bra råvarer får vi ikkje i byen, seier Inge Johnsen.

Levande sjøkreps

Sjøkrepsen lever i det radiokokken finn den på kjølelageret. Den vil gi eit fabelaktig måltid, er kokken heilt sikker på. 

- Krepsen krev at vi behandlar den veldig forsiktig, seier Johnsen. 

- Denne krepsen er fiska med ei teine på Frohavet. Den kom inn for eit par timar sidan, forklarar mannen bak fiskemottaket Magne Myrseth.

Stikk den bak augo

Krepsen blir avliva med eit lite knivstikk, forklarar radiokokken.

- Eg stikk den bak augo og fører kniven nedover langs halen. Etterpå tek eg ut innmaten og riv ut tarmen.

Vidare tek han litt olje på krepsen. Planen er å peparsteike den.

- Eg legg krepsen med kjøtsida ned i steikepanna. Der skal den ligge og grille seg. Etter ei lita stund snur eg den, slik at den skal få litt varme på skjella under, seier Inge Johnsen.

Pynt med dill og lime

Tilslutt blir krepsen tilsett litt finhakka dill og nokre dråpar pressa limesaft.

- Eg har ikkje tilsett salt, så det er berre naturlege smaker som er i sjøkrepsen. Den har lagt på 200 meters djupn for nokre timar sidan, og treng ikkje salt, ler radiokokken.