Hopp til innhold

Sikta for å ha køyrt i 192 kilometer i timen – får tilbake førarkortet

Råkøyringa i 80-sona vart filma av passasjerar og lagt ut på Snapchat. Den sikta 18-åringen nektar for at det var han som køyrde. Retten manglar bevis, og har gitt han førarkortet tilbake.

LA UT PÅ SNAP: Dette er ein av videoaene politiet fekk. VIDEO: Politiet

Køyringa skal ha skjedd 16. juni i 80-sonen på E6 ved Tungasletta i Trondheim.

På ein av videoane av råkøyringa som vart delt på Snapchat, står det «Oss når 05 legg ut at dæm trene på 3T».

Politiet fekk tilsendt fleire videoar, og rekna ut hastigheita bilen må ha hatt basert på haldepunkt langs vegen. Utrekninga viser altså 192 kilometer i timen.

«05» er ein del av ei nemning politiet nyttar på innsatsleiar-patruljen sin, men me veit ikkje om det er det ungdommane siktar til. «05» er også eit begrep som vert brukt om 2005-årskullet.

Lånte bort bilen til ein annan «gjeng»

Det er far til ein ven av sikta som eig bilen.

Venen, sikta og to andre køyrde litt rundt i Trondheim denne onsdagen. Ved ein butikk møtte dei ein annan «gjeng» på fire.

Det forklarte 18-åringen då han møtte i retten onsdag. Her ville han ha tilbake førarkortet mens etterforskninga går føre seg.

Sikta forklarte at dei fire frå den andre gjengen fekk prøvekøyre bilen. Dei har også forklart seg for politiet, men seier dei berre fekk sitte på.

Beskytte egne gjenger

Trøndelag tingrett meiner det er fleire uklare sider ved forklaringane til alle dei åtte unge mennene. Namnet til den andre som skal ha køyrt er det ingen som har opplyst.

Retten skriv vidare:

«Det er videre betenkelig at disse åtte guttene basert på bilder, ikke skal kunne klare å peke ut hvem føreren av bilen var. Det er noen som bryter sin sannhetsplikt, og det er behov for ytterligere avklaring rundt dette punktet. På nåværende tidspunkt har ikke retten forutsetninger for å si at den ene forklaringen er mer riktig enn den andre, da begge gruppene anses for å beskytte sine «egne gjenger»».

Tungasletta i Trondheim.

TUNGASLETTA: Råkøyringa skjedde langs E6 på Tungasletta.

Foto: Ole Marius Trøen / NRK

Ser ikkje på videoane kven som køyrer

I retten viste forsvarer Erik Vatne fram ein av videoane for domaren.

Vatne meinte det ikkje er mogeleg å fastslå om det er sikta som køyrer.

Heller ikkje politiet har så langt greidd å bevise kven som køyrer.

Retten er samd og meiner det ikkje er nok bevis til å inndra førarkortet mens etterforskninga går føre seg.

På videoen ser ein deler av høgrearmen til den som køyrer. Vedkomande har på seg ein lys genser.

Domaren spurte sikta kva han hadde på seg den dagen. Han svarte han trudde det var ei jakke.

Politiadvokat Ellen Moksnes Andresen opplyser til NRK at dei skal vurdere om avgjerda skal ankast til lagmannsretten. I mellomtida får sikta tilbake førarkortet sitt.

Så blir det opp til politiet å avgjere om nokon seinare skal straffeforfølgjast for råkøyringa.