Hopp til innhold

Stoppa sjåfør i 198 km/t i 80-sone: – Urovekkjande

Politiet fryktar dødsulukker på Dovre i sommar etter at dei i dag tok svært mange trafikantar med høg fart over fjellet.

Tatt i 198 km/t på Dovre

198 KM/T: Politiet er uroa over at dei i dag stoppa ein 18 åring i 198 km/t på Dovre.

Foto: UP

Utrykkingspolitiet (UP) skreiv ut 36 forenkla førelegg og tok ifrå fem sjåførar førarkortet på Dovre i kveld. Kontrollen var på E6 Hjerkinn like over fylkesgrensa til Innlandet.

Den raskaste sjåføren vart målt i 198 km/t i ei 80-sone.

Anders Sjøtrø, distriktsleiar i UP i Midt-Noreg er svært bekymra.

– Det her er ein fartskontroll i rekkja av fleire den siste tida. Det gjennomsnittlege fartsnivået på Dovrefjell er urovekkjande høgt, seier han.

Fartskontroll over dovre

FLEIRE TATT I HØG FART: UP-Midt Noreg stoppa fleire personar i over 100 km/t på Dovre i dag.

Foto: UP

18-åring stoppa i 198 km/t i 80 sone

Den raskaste sjåføren som mista lappen på Dovre i kveld var 18 år gammal og hadde berre hatt lappen i nokre få månadar, ifølgje politiet.

– Ingen av oss har råd til å miste nokon. Om vi har vener som køyrer på ein slik måte så snakk med dei. Kanskje det hjelper, seier Sjøtrø.

Om sommaren vert det meir trafikk på vegane i Noreg. No vil politiet halde fleire kontrollar på Dovre, som følgje av dei mange grove fartslovbrota der den siste tida.

– Den gjennomsnittlege farta der må ned. Får vi ein frontkollisjon i dei hastigheitene der, så er det nesten sikkert at nokon blir drepne, seier han.

Anders Sjøtrø, distriktsleder UP Midt

Anders Sjøtrø, distriktsleiar i UP Midt.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Fryktar dødsulukker

UP-leiaren fortel at dei har sett veldig mange grove fartslovbrot på Dovre i det siste. Den gjennomsnittlege farta på trafikantane er langt over fartsgrensa på staden, erfarer Sjøtrø.

– Vi har faktisk hatt kapasitetsproblem med å reagere på hastigheit under 100 km/t. Det betyr at vi først har begynt å skrive førelegg når folk køyrer raskare enn det, seier han.

Ifølgje Sjøtrø har det vore mange dødsulukker på Dovre før.

– Dei siste ti åra har vi i alle fall hatt fem dødsulukker der. Vi har ei viss prioritering av denne strekninga, men det vi har sett i det siste uroar meg veldig, seier han.