Hopp til innhold

80 år og superspreke – dette er hemmeleg­heita til Stones-gutane

Det er ikkje nødvendigvis damer, dop og alkohol som er oppskrifta, seier forskar. Likevel har rockarane gjort noko som er både rett og viktig.

Ronnie Wood, Mick Jagger og Keith Richards i forbindelse med plateslipp 'Hackney Diamonds' 6. september, 2023.

HELD KOKEN: Ronnie Wood, Mick Jagger og Keith Richards i London i september i år.

Foto: Scott Garfitt/Invision/ / AP

Allereie i 1964 song dei «Time is on my side» – noko som har vist seg å stemme rimeleg greitt for dei tre medlemmene som er att i The Rolling Stones.

Alle er, eller nærmar seg, 80 år. Men det er inga hindring. For i dag slepp dei ei ny plate, og om eit par månader startar ein ny verdsturné.

Det er ikkje til å leggje skjul på at musikarane har levd harde liv. Vi snakkar heroin, kokain, alkohol, røyk og mykje festing.

Når ein les litt om Keith Richards, står det gjerne at han skulle vore død for mange år sidan. Eit reknestykke viser at han har røyka omtrent 500.000 sigarettar i løpet av livet.

Det fortel Geir Selbæk, som er professor og forskingssjef ved Nasjonalt senter for aldring og helse.

Men sjølv om Jagger, Richards og Wood er godt opp i åra, sprett og hoppar dei rundt på scena som aldri før. Korleis er dette mogleg? Forskaren trur han veit svaret.

SÅ KLART IKKE RELEVANTE: The Rolling Stones har vært seg selv gjennom over seks tiår på scenen. Nå har de fylt, eller nærmer seg, åtti.

Keith Richards blir 80 år i desember, Ron Wood er 76, medan Mick Jagger har passert 80 år.

Foto: AFP

Gå opp ei bratt bakke og syng «Satisfaction»

Geir Selbæk meiner det dei tre musikarane gjer på scena, er heilt ekstremt.

Det er verkeleg fascinerande når du veit at Mick Jagger har passert 80 år, og at Keith Richards fyller 80 i desember. Det er ikkje til å tru. Du kan jo prøve å gå opp ei bratt bakke samtidig som du syng «Satisfaction» – så skjønner ein kva dette går ut på.

Selbæk er sjølv fan, og har lese seg opp på bandet.

Han seier at Keith Richards er eit godt døme på ein mann som nok har fått med seg det som er av risikofaktorar for å døy tidleg.

Han brukte mykje heroin i mange år. Og regelmessig kokain fram til 2006. Det er omdiskutert kor mykje akkurat det påverkar helsa, men det som ikkje er omdiskutert er at alkohol påverkar helsa di negativt. Og det blir sagt at Richards drakk éi flaske bourbon per dag.

Det er ein del meir enn éin til to einingar som er tilrådd som maksgrense fortel forskaren.

I tillegg er favorittmaten til gitaristen pølse og potetmos.

For legenda Mick Jagger er historia ei litt anna.

Geir Selbæk

Geir Selbæk er professor og forskingssjef ved Nasjonalt senter for aldring og helse.

Foto: Aleksandr Nedbaev

Ein helsefrik

Ifølgje Selbæk er Jagger ein helsefrik. Sjølv om det har vore litt dop inne i biletet, har han alltid vore oppteken av helsa si.

Dei siste 20 åra skal Jagger ha gått på ein nøye planlagd diett. Han har personleg trenar og driv med både yoga, pilates, boksing og jogging.

Og det er kanskje ikkje så rart, for faren til Jagger var ein ganske kjent gymlærar. Så han har vakse opp med at det er viktig å ta vare på helsa, seier Selbæk.

6 til 8 veker før bandet dreg på turné, startar Jagger å trene. Programmet skal vere både hardt og variert.

Les også «Tukler ikke med arven»

The Rolling Stones

Men kva med Ron Wood? Her har ikkje Selbæk så mykje å seie:

Han blir litt anonym blant dei to andre, eigentleg. Han er også litt meir tilbakelent på scena.

Men kva er så hemmelegheita til desse rockegutane?

– Det dei driv med er viktig, seier forskingssjefen.

The Rolling Stones på Hotell Viking i Oslo,.23. juni 1965. Sittende fra venstre Charlie Watts, Mick Jagger og Keith Richards. Stående fra v. Bill Wyman og Brian Jones.

The Rolling Stones på Hotell Viking i Oslo 23. juni 1965. Sittande frå venstre Charlie Watts, Mick Jagger og Keith Richards. Ståande frå venstre: Bill Wyman og Brian Jones.

Foto: CC BY-NC-ND / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
The Rolling Stones ankommer Oslo, via Fornebu flyplass, 23. juni 1965. Brian Jones skriver autografer. Mick Jagger til høyre i bildet.

The Rolling Stones kjem til Oslo, via Fornebu flyplass, 23. juni 1965. Brian Jones skriv autografar, og Mick Jagger er til høgre i biletet.

Foto: CC BY-NC-ND / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
The Rolling Stones spiller på Sjølyst 24. juni i 1965. Det er Mick Jagger med mikrofonen.

Mick Jagger og resten av The Rolling Stones spelar på Sjølyst 24. juni i 1965.

Foto: CC BY-NC-ND / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Viktig med meining

Selbæk forklarer at mykje har med flaks og uflaks å gjere – nærare bestemt gena dine.

Men han seier det også er ein annan faktor, som betyr mykje. Og dette har støtte i forskinga:

– At det du driv med har ei meining. At ein har ei oppgåve i livet, og at ho gjer deg glad. Ein optimisme rundt livet er med på å sikre at du lever lenger med god helse.

Og det er kanskje noko å tenkje på innimellomat om ein opplever meining, kan det i seg sjølv påverke aldringsprosessen.

Forskaren peiker på at det å ete sunt, å unngå for mykje alkohol og halde seg unna røyk, framleis gjeld. Men likevel er det viktig å få fram andre perspektiv.

Du kan ha sjukdom, men likevel oppleve at du har ein god alderdom. Det positive perspektivet er viktig.

The Rolling Stones

The Rolling Stones er ute med ny plate, og skal snart turnere rundt om i verda.

Foto: Reuters

Høyr meir om helsa til medlemmane i Rolling Stones i P1+.