Hopp til innhold

Ran knytt til Foxtrot i Trondheim: Ber om opp til åtte års fengsel

Aktor ber om mellom seks og åtte års fengsel for dei tre politiet meiner er sentrale bakmenn bak ranet av ein trøndersk artist.

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

TEAM FOX: Ein av dei tiltalte hadde logoen knytt til Foxtrot-nettverket på meldingstenesta Signal.

Foto: politiet

I løpet av ein periode på tre veker tok artisten og familien imot grove truslar frå eit tungt kriminelt miljø.

Det seier aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne.

Totalt er seks personar tiltalte for medverknad til grovt ran av ein trøndersk artist.

Les også Sonen til artist blei kidnappa: «Æ har hata livet mitt siden det der»

– Tre sentrale bakmenn

Totalt kan elleve personar knytast til ran av artisten med kvar sine roller.

Fire av dei blei i desember dømt for kidnapping av sonen og medverknad til ran. Ein person fekk påtaleunnlating for å ha skrive eit trusselbrev som blei vidareformidla til artisten.

No sit dei seks siste personane på tiltalebenken for grovt ran av artisten.

Tre personar skil seg ut som sentrale bakmenn, seier aktor.

Det er svensken, 25-åringen og 26-åringen. Dei to sistnemnde var under open soning saman i den aktuelle perioden.

Hovudmålet for gruppa var å gjennomføre eit ran.

For dei tre ber aktor om høvesvis seks år, åtte år og sju år og åtte månader i fengsel.

Les også Kidnapping og ran knytt til Foxtrot – svensken hadde saker å løyse i Trondheim

Skjermbilde fra en telefon med meldingsvarsel fra appen Signal fra brukeren Aloe Vera

Organisert kriminell gruppe

Aktor ser på 19-åringen i Trondheim som er tiltalt som bindeleddet til Trondheim for hovudmennene.

Han orienterer om kva som skjer i Trondheim, legg aktor til.

Difor ber aktor om to år fengsel der eit år må sonast og eit år er betinga for 19-åringen.

Hovudmennene og 19-åringen i Trondheim er tiltalt for å tilhøyre ei organisert kriminell gruppe. Dette meiner aktor at dei også må dømmast for.

Samarbeidet har eit profesjonelt preg. Mellom anna ved bruk av krypterte kommunikasjonsplattformer. Her skjer det intern kommunikasjon, seier Schjetne.

Statsadvokat og aktor Per Morten Schjetne (til høyre) står sammen med medaktor og politiadvokat Bente Bøklepp. De er begge i en rettsal og det er pause i retten. Vi ser tomme dommerstoler i bakgrunnen

Aktoratet i saka er politiadvokat Bente Bøklepp og statsadvokat Per Morten Schjetne.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

19-åringen fekk hjelp av ein ven, 20-åringen som også er tiltalt for medverknad, til å sende ei trusselmelding til artisten.

Aktor ber om 270 timar samfunnsstraff for 20-åringen.

Til sist er ein 26-åring tiltalt for kvitvasking av delar av ranssummen. For han ber aktor om 88 timar samfunnsstraff.

Pengane blei overført frå artisten til 25-åringen som igjen overførte delar av ranssummen til 26-åringen han sona saman med. Dei to er tiltalte for sjølvvasking.

Les også Tiltalt for å rane artist – meiner dei er brikker i andre sitt spel

En svart sko av merket Nike. Vi ser bilde av den høyre skoen og kan skimte den venstre i bakgrunnen. Bildet er tatt innendørs på parkettgulv. Dagslys kommer inn i den øvre venstre del av bildet. Vi ser deler av et møbel til høyre

Overførte bitcoin til Foxtrot

Delar av ranssummen frå den trønderske artisten blei overført som bitcoin til ein sentral person i Foxtrot-nettverket.

Artisten overførte 750.000 kroner til 25-åringen frå 23. til 31. mai 2023.

Av ranssummen blei det kjøpt bitcoin for 200.000 kroner. Noko av bitcoin-summen blei overført til ein sentral person i Foxtrot-nettverket.

I notat på mobiltelefonen skriv svensken om saker han må ordne i Trondheim, fleire ulovlege rusmiddel, summar og reknestykke.

I notata skriv han: «Fox 🦊», «betala av fox skuld» og «Mina saker o lösa skulder. 1: Trondheim».

Delar av midlane hamnar i Tyrkia, legg aktor til.

Personen i Foxtrot-nettverket som enda opp med 62.000 kroner og har opphalde seg i Tyrkia skal vere ein som står nær ein av gjengleiarane i nettverket.

Resten av summen er brukt til varekjøp og overføringar til andre personar og ukjente lommebøker.

Les også Artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk: – Har prøvd så godt eg kan å fortrenge dette

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betle penger. Det ligger en pistol på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

Trua med å partere familien

«Du har til slutten av denne veka på å betale 1,5 millionar kroner før alle på lista får besøk. Ein etter ein skal eg partere familien din.»

Dette var ei av fleire meldingar artisten fekk i løpet av mai 2023.

I fleire telefonsamtalar og meldingar fekk artisten beskjed om at familien kom til å bli partert dersom han ikkje gav dei pengar.

– Dei kjem til å partere familien din.

Det sa 25-åringen som ramsa opp fleire av familiemedlemmane til artisten, dagen etter at sonen hadde vore kidnappa.

– Me har ganske mange namn på lista, la tiltalte til.

Truslane heldt fram heilt til artisten overførte pengar til 25-åringen i slutten av mai.

– Det var ei enorm psykisk belasting, sa artisten i retten.

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betle penger. Det ligger en pistol på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

I trusselbrevet

Foto: politiet