Hopp til innhold

Trøndersk artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk – no startar rettssaka

Seks menn er tiltalt for grovt ran av trøndersk artist og kvitvasking av pengane artisten utbetalte etter truslar om å partere familien.

En liten kjellerbod med tre sorte klappstoler. Det ligger søppel og glasskår på gulvet.

KIDNAPPA: Det heile starta med at sonen til artisten blei kidnappa og heldt fanga i denne kjellarbua natt til 9. mai 2023.

Foto: politiet

Han er veldig spent. Han liker ikkje dette, han synest det er skummelt. Ikkje minst med tanke på dei som sit på tiltalebenken i denne runden.

Det seier artisten sin bistandsadvokat, Erik Widerøe.

No skal den trønderske artisten møte dei som trua å partere familien hans og sprenge bustadane deira i retten.

– Det har påverka han veldig. Han er jo artist og artistar står gjerne framfor eit publikum. Og det er ikkje særleg hyggeleg når du ikkje veit kven som er publikum, seier bistandsadvokaten.

Det heile begynte etter at sonen blei kidnappa natt til 9. mai i Trondheim i fjor.

Les også Artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk som sa dei skulle drepe sonen

Softgun-pistol som er svart og gul.

«Ein etter ein skal eg partere familien din»

«Du har til slutten av denne veka på å betale 1,5 millionar kroner før alle på lista får besøk. Ein etter ein skal eg partere familien din.»

Dette var ei av fleire meldingar artisten fekk i løpet av mai 2023.

I meldinga hadde personen ramsa opp namn og bustadadressene til barna, broren, faren, vener og slektningar av artisten.

Og meldinga var signert «han dere skylder penger».

Det har vore jævlig, rett og slett eit helvete, sa artisten i rettssaka som handla om kidnappinga av sonen.

Les også Sak knyttet til Foxtrot – skal ha truet med å drepe sønnen om de ikke fikk penger

Tyholt-tårnet i blåtimen

Etter noko forhandlingar blei dei einige om eit kompromiss og at 750.000 var nok for å betale ut ei narkogjeld sonen visstnok hadde.

Ein av dei tiltalte meiner påtalemyndigheita at har tilknyting til det svenske kriminelle nettverket Foxtrot.

Det er ingen av dei seks som er tiltalt for å ha tilknyting til Foxtrot-nettverket. Men det ligg opplysingar i saka som trekker i retning av at ein av dei tiltalte kan ha knytingar til nettverket.

Det seier statsadvokat og aktor, Per Morten Schjetne, i forkant av rettssaka.

bilete av ein logo merket "Team Fox", det er ein rev som holder et gevær.

Denne logoen merka «Team fox» hadde svensken som no er tiltalt som profilbilete på appen Signal.

Foto: politiet

Dette er dei tiltalte

Totalt er seks unge menn mellom 19 til 26 år, tiltalt i rettssaka som skal gå i Trøndelag tingrett frå 8. til 23. april.

Tre av dei, ein svensk mann og to frå Austlandet, er tiltalt for å planlegge og organisere innkrevjing av ei visstnok narkotikagjeld sonen til artisten hadde.

Me meiner det er desse tre personane som er såkalla hovudmenn. Dei har lagt til rette for, og til dels organisert, fridomsfråtakinga som blei sett i verk for å skaffe eit tvangsmiddel. For å skaffe pengar, seier aktor.

Dei samla inn informasjon om familien til artisten og sende direkte truslar slik at artisten blei tvinga til å betale. Austlendingane er også tiltalt for kvitvasking av pengane og for oppbevaring av 28,4 kg hasj.

Klienten ser på den komande rettssaka som ei stor påkjenning for han, men ser fram til å få dette overstått no, seier forsvarar til ein av austlendingane, Sidra Sahar Bhatti.

Dei tre andre tiltalte har mindre oppgåver i denne samanhengen. Dette er noko som går føre seg store delar av mai og dei har relativt ulike roller, legg aktor til.

Ein er tiltalt for medverknad til ranet av artisten fordi han sende eit trusselbrev og krav på 1,5 millionar kroner til artisten. Han sende også tekstmelding til artisten og kona.

Han forstår alvoret i saka. Sjølv om han sjølvsagt føler ein viss avstand til dei gjerningspersonane som har gjort dei mest alvorlege handlingane, så ser han jo at medverknaden hans er av betyding for saka.

Det seier Ole Richard Holm-Olsen, forsvarar til 20-åringen frå Austlandet som er tiltalt etter at han sende trusselbrev til artisten og kona.

I tillegg er ein trønder er tiltalt for medverknad til ranet av artisten og ein siste mann frå Oslo er tiltalt for kvitvasking av pengane.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå alle forsvararane til dei tiltalte.

Les også 17-åring droppa ut av skulen – eit halvt år seinare var han med på kidnapping og ran

En liten kjellerbod med tre sorte klappstoler. Det ligger søppel og glasskår på gulvet.

Fire dømt for å kidnappe sonen

I desember blei fire unge menn frå Trøndelag domfelt for kidnapping av sonen til artisten og til dels for medverknad til ranet av artisten.

Saka for dei fire er avgjord. Dei som me no fører sak mot er seks andre personar som me meiner anten var bakmenn eller medverka til det ranet som fann stad, forklarar Schjetne.

Påtalemyndigheita meiner det er dei tre hovudmennene i den nye rettssaka som også sette i verk kidnappinga i mai.

Me tenker at tre av dei tiltalte er dei som engasjerer og set i verk oppdraget i Trondheim retta inn mot dei fire som gjennomfører fridomsfråtakinga, seier aktor.

Og artisten synest denne rettssaka blir meir skremmande enn den første.

Den første saka var mot dei unge gutane. Dei fire unge gutane, som var eit lokalt miljø. No er det jo nettverket, og kor stort det nettverket er, det veit me ikkje, seier Widerøe i forkant av rettssaka.

Les også – Desse fire ungdommane tar støyten for det profesjonelle kriminelle har gjort

Natt til 9. mai blei sonen til ein trøndersk artist bortført medan faren blei pressa for pengar.