Konstituert lensmann Vidar Sunde synest framferda i trafikken er nedslåande:
- Generelt kjører folk altfor hardt på heile strekninga frå Steinkjer til Namsskogan, seier han.
Verst utpå dagen
Farten varierer med tida på døgnet.
- Dei store fartssyndarane møter vi ofte litt utpå ettermiddagen. Da har folk kjørt langt, det begynner å bli varmt, og dei blir stressa, fortel Sunde.
Ekstrakontrollane blir sett i verk på grunn av røynslene frå tidlegare år. Dei viser at folk kjører ekstra hardt om sommaren, og det gjeld heile E6.
Kontroll kvar dag
Dei lokale lensmannskontora gjennomfører kontrollar saman med UP kvar dag i tida som kjem.
- Vi vil at folk skal sjå at vi er ute på vegen kvar einaste dag, seier Sunde.