Hopp til innhold

Forsvann for tre år sidan – foreldra får truleg aldri svar på kva som skjedde med Odin

Ei falsk forklaring og sein innhenting av videomateriale kan ha svekka sjansane for å finne Odin André Hagen Jacobsen. Det meiner foreldra til 18-åringen som forsvann etter ein bytur i Trondheim.

Foreldrene til Odin André Hagen Jacobsen (18) fra Skaun

MANGE TURAR TIL HAMNA: Onsdag var mor og far til Odin nok ein gong på staden der sonen sist er sett på video.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det blir rett og slett forferdeleg om saka blir lagt bort for vi har ikkje fått noko svar, seier mor Ingunn Hagen.

I dag er det tre år sidan Odin ikkje kom heim igjen til foreldra sine i Skaun. Dei melde han sakna sundagskvelden fordi det var uvanleg at sonen ikkje gav lyd frå seg.

Politiet er no i sluttfasen med å gå gjennom forsvinningssaka ein gong til.

Alt tyder på at den kjem til å bli lagt bort over nyttår, og no tek politiet sjølvkritikk.

Odin André Hagen Jacobsens mor, Ingunn Hagen

UTAN SVAR: Odin si mor, Ingunn Hagen, synest det er forferdeleg om saka blir lagt bort utan at dei har fått svar på kva som skjedde med sonen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Mange eigendelar funne på hamna

Etterforskinga avdekka at mobilen hans var gått tom for straum klokka 23.28 laurdagskvelden. Det viste data som politiet henta ut frå basestasjonar. Mobilen, passet og fleire bankkort vart tolv dagar seinare funne på Brattøra i Trondheim.

Også nokre klede og sko vart funne like ved. Desse hadde Odin i den blå treningsbagen sin. På overvakingskamera fann politiet få dagar etter forsvinninga Odin gåande gjennom sentrum, berande på bagen sin.

Men kva Odin gjorde nede på hamna sundagsmorgonen er eit mysterium.

Usemje om sletta videoopptak kunne gjenskapast

Då ting som tilhøyrde Odin vart funne på hamna, vart fokuset til politiet flytta dit. Trondheim hamn har mange overvakingskamera på det store området.

Lova seier at slike opptak skal takast vare på i sju dagar. Men sidan det hadde gått tolv dagar, var risikoen stor for at opptak frå 18. november var skrive over av nye opptak. Det fekk politiet opplyst av eksterne dataekspertar, opplyser påtaleansvarleg Hans Vang i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Foreldra til Odin ser annleis på saka. Dei snakka med ekspertar som absolutt ikkje utelukka at ein kunne gjenskape sletta filer.

– Vi trygla politiet om å gjenopprette videobileta. Vi ville gjerne betale for å få arbeidet gjort av eventuelle eksterne ekspertar. Det seier mor til Odin, Ingunn Hagen til NRK.

– Då vi møtte politiet rett før jul i 2018 og forstod at politiet ikkje ville prøve ein gong, då braut eg saman.

Politiet tek sjølvkritikk

Først då Trondheim hamn skulle skifte serverane to månader etter, bestemte politiet seg for å ta beslag i dei gamle. Politiet utvikla eit eige analyseverktøy som vart brukt på materialet i håp om å gjenopprette opptak.

I månadsvis skanna verktøyet filene på politihuset i Trondheim.

Til slutt lukkast det å finne nokre små videokutt av Odin, gåande langs kaia på hamna like før klokka 6 på morgonen 18. november.

– Hadde vi visst at gjenopprettinga var noko vi kunne få til, så ville vi beslaglagt serverane tidlegare. Det har vi tatt lærdom av. Dessverre får ikkje det like stor nytte i denne saka, seier Vang.

Den kvite bilen

I mars 2020 vart det kjent at politiet hadde gjenoppretta fleire små videosnuttar på det sletta materialet frå Trondheim hamn.

Klokka er like før 12 sundagsmorgonen 18. november.

Her køyrer ein kvit bil rundt på området. Føraren ryggar inn til nokre paller, går bak bilen og blir skjult for kamera. Dette er der Odin sist vart sett på video seks timar før.

Føraren melde seg ikkje, men via Åsted Norge på TV 2 kom det inn eit anonymt tips om kven bilføraren kunne vere. Det viste seg at han hadde vore inne til avhøyr eit år tidlegare.

Det var i samband med at politiet nok ein gong måtte skifte fokus i etterforskinga.

Ny vending i saka

For i april 2019 kontakta ein person politiet og sa han hadde funne eigendelar ved Jonsvannet som han meinte kunne tilhøyre Odin.

Funnstaden ligg femten kilometer frå hamna. Då vart Kripos kopla inn og ei omfattande etterforsking på Jonsvannet vart sett i gong.

– Om det er nokon som har funne gjenstandar på Piren og brakt dei opp til Jonsvatnet, må dei ta kontakt med politiet og fortelje om det, sa påtaleansvarleg Vang til NRK.

Politiet sette opp videokamera i turområdet på Jonsvannet for å finne ut kven som ferdast der. Over 100 personar vart innkalla til avhøyr.

NRK hadde opplysningar om at dei delvis utbrende gjenstandane vart funne i eit bål i skogen.

Forklarte seg falskt

Ein av dei som vart avhøyrt var ein mann som hadde vore ved Jonsvannet. Men han avviste å ha noko med saka å gjere.

Hausten 2020 vart han innkalla på nytt. Det viste seg at han var føraren av den kvite bilen. Han erkjente at det var han som hadde tatt gjenstandar som han fann på hamna i Trondheim. Då han skjønte at dei kunne tilhøyre Odin, fekk mannen panikk. Han drog til Jonsvatnet for å brenne dei opp.

Mannen i 40-åra har i ettertid blitt nøye sjekka av politiet.

– Vi har ikkje funne konkrete haldepunkt for at mannen skal ha noko med forsvinninga til Odin å gjere, seier Vang.

– Men han har forklart seg falskt i det første avhøyret. Kva betyr det for truverdet hans?

– Han er jo sikta for falsk forklaring. Vi har gått gjennom den nye forklaringa hans og ikkje funne noko som ikkje er rett, svarar Vang.

Bilføraren si framferd kan ha forpurra etterforskinga, meiner foreldra til Odin. Funnet av gjenstandane på Jonsvatnet førte til mykje ekstra etterforsking før det viste seg at Odin neppe hadde vore på Jonsvatnet då han forsvann.

– Tvilar på at Odin har hoppa i havet

Då etterforskinga starta jobba politiet ut ifrå fire teoriar som dei alltid har i forsvinningssaker:

Frivillig forsvinning, ei ulukke, ei kriminell handling eller at vedkomande har valt å avslutte livet sitt.

Etter tre år meiner politiet at dei ikkje har funne noko som tyder på at Odin har vorte utsett for noko kriminelt.

No går politiet gjennom saka ein siste gong for å finne eventuelle «hol» som må etterforskast nøyare. Så langt har dei ikkje funne noko.

Derfor kjem politiet til å innstille på at saka blir lagt bort. Det blir opp til statsadvokaten i Trøndelag å ta avgjerda.

– Ein veit frå andre saknasaker at ofte er det krimting bak, peikepinnen er at ein ikkje finn kroppen. Her påstår ein at kroppen kan ha hamna i vatnet. Men ein har ikkje funne noko sjølv etter omfattande leiting, seier Dan Yngve Jacobsen.

Dan Yngve Jakobsen, far til Odin Andrè Hagen

- HOPPA IKKJE: Far Dan Yngve Jacobsen trur ikkje sonen har hoppa i sjøen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Foreldra trur ikkje det er Odin som har lagt frå seg sko og klede som vart funne på hamna.

– Han var veldig nøye med å passe på tinga sine, seier mor.

– Eg tvilar på at Odin har hoppa i havet sjølv. Det har vi ikkje noko haldepunkt for, seier far til Odin.

Foreldrene til Odin André Hagen Jacobsen (18) fra Skaun

SIST SETT: Det var her på Brattøra i Trondheim Odin sist blei sett.

Foto: Morten Andersen / NRK