Hopp til innhold

Odin-saka: Politiet ønskjer kontakt med førar av kvit bil

Politiet ønskjer å kome i kontakt med føraren av bilen som var på hamna i Trondheim seks timar etter at Odin André Hagen Jacobsen var sett der. Personen parkerte ved staden der eigedelar til den sakna 18-åringen vart funne nokre dagar seinare

Dette biletet er henta frå ei gjenoppretta videofil frå eit overvakingskamera på hamna i Trondheim.

GJENOPPRETTA VIDEOFIL: Dette biletet er henta frå ei gjenoppretta videofil frå eit overvakingskamera på hamna i Trondheim..

Foto: Politiet

Videofiler på i alt drygt tre minutt vart måndag kveld frigitt av politiet i Trondheim. Filmen er frå føremiddagen sundag 18. november 2018. Det gjenoppretta materialet er funne på sletta harddiskar frå overvakingskamera til Trondheim hamn. Det var Åsted Norge på TV 2 som først viste videoen måndag kveld.

Odin

FORSVANN I 2018: Odin André Hagen Jacobsen forsvann etter ein tur på byen i Trondheim i november 2018.

Foto: Privat

Kva såg bilføraren?

Videoen viser ein kvit bil som nøyaktig kl. 12 køyrer inn på området, snur og ryggar så inn mot pallar med brustein som står på kaia. Føraren går ut og framfor bilen.Der blir han ståande i om lag 15 sekund og sjå seg om.Så går han mot bakenden av bilen og blir usynleg for kamera bak pallane.

Det var oppe på ein av desse at den eine skoen til Odin vart funnen knappe to veker seinare. På bakken låg ein plastpose med treningstøy som også tilhøyrer Odin.

På den neste videobiten som er gjenoppretta er klokka 12.03.40. Då er den kvite bilen borte.

Den førebels siste videoen av Odin vart offentleggjort i november i fjor. Den viser at han var ute på Pir 2 like etter klokka 6 på sundagsmorgonen.

Overvåkningsvideo, Trondheim havn

TRONDHEIM HAMN: Måndag kveld vart denne videoen frigitt av politiet i Trondheim. Filmen er frå føremiddagen sundag 18. november 2018.

Omfattande leiting

Odin André Hagen Jacobsen forsvann etter ein bytur i Trondheim natt til sundag 18. november i 2018.

Ei omfattande leiting og etterforsking har ikkje gitt svar på kva som skjedde med han.

Politiadvokat Hans Vang seier til NRK at dei er svært interesserte i å kome i kontakt med bilføraren som visast på videoen.

– Viss sjåføren har opplysningar om den eine skoen og treningstøyet låg der seks timar etter at Odin var der, så er det svært sentralt for oss.

– Kvifor det?

– Det er for å kome nærare svaret på om det er Odin som har lagt frå seg gjenstandane, eller om det er andre som har gjort det seinare, svarer Vang.

Også bankkort, pass og mobil som tilhøyrer Odin vart funne ved ei bygning i hamneområdet eit par veker etter forsvinninga.

Dette var skoen som vart funnen på ein palle ved hamna i Trondheim eit par veker ettar at Odin André Hagen Jacobsen var meldt sakna.

SKATESKO: Dette var skoen som vart funnen på ein palle ved hamna i Trondheim eit par veker etter at Odin André Hagen Jacobsen var meldt sakna.

Foto: Politiet

Eigedelar funne 15 kilometer unna

For knapt eit år sidan var det snakk om å avslutte etterforskinga, men så tok saka ei brå vending.

Ein person kontakta politiet i april og sa han hadde funne eigedelar ved Jonsvatnet som han meinte kunne tilhøyre Odin.

Etter det NRK veit, vart funnet gjort i eit bål, og gjenstandane var delvis brent. Jonsvatnet ligg 15 kilometer frå hamna. Politiet avhøyrde då over 100 personar som hadde vore ved Jonsvatnet, men utan å kome nærare korleis eigedelane hadde hamna der.

Det er ingenting som tyder på at Odin var på Jonsvatnet den kvelden eller natta han forsvann.

Hans Vang

ØNSKJER KONTAKT: Politiadvokat Hans Vang seier politiet er svært interessert i å kome i kontakt med bilføraren.

Foto: Morten Andersen / NRK

Framleis eit mysterium

Korleis eigedelane hamna der er derfor eit mysterium. Her kan den så langt ukjende bilføraren på hamna kanskje hjelpe politiet eit steg vidare, meiner Vang.

– Utelukkar de at bilføraren kan ha noko med forsvinninga å gjere?

– Det kan vere mange grunnar til at han ikkje har meldt seg. Per no har vi ikkje nokon grunn til å tru at vedkomande har noko med saka å gjere. Men at han eller ho kan gje oss viktig informasjon om saka, seier Vang.

Far til Odin, Dan Yngve Jacobsen, seier til NRK måndag kveld at han håper sjåføren melder seg:

– Det er svært viktig for oss at bilføraren kan fortelje kva han eventuelt såg ved pallane der han parkerte så få timar etter at Odin var sett der.

Det var før jul i fjor at politiet fekk fram videofilene med bilen frå 18. november 2018.

Trass grundige undersøkingar, veit ikkje politiet sikkert kva bilmerke det er. Derfor ber dei også om at personar som kan ha opplysningar om det, å ta kontakt.

Om lag 230 personar er avhøyrde som vitne i Odinsaka. Ingen har hatt status som mistenkte.

Overvåkingsbilde av Odin savnede (18)

OVERVAKINGSKAMERA: Odin er observert på fleire kamera i Trondheim.

Foto: Politiet