Hopp til innhold

Petter Northug tapte for Jönsson

Svenske Emil Jönsson blei for sterk og slo Petter Northug i sprinten i Drammen.

Petter Northug under sprinten i Drammen

Petter Northug i aksjon under sprinten i Drammen.

Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

– Det var veldig viktig for meg å få til eit godt løp igjen. Dette er fantastisk. Eg er veldig glad over å slå nordmennene, sa Emil Jönsson til NRK rett etter løpet.

Han er den første utanlandske løparen som vinn i Drammen.

– Det var revansje for Emil Jönsson idag. Det er alltid morsomt å bryte ei norsk sigersrekke i Drammen, seier Arild Monsen som er svensk sprinttrenar.

Andrew Newell blei nummer tre i sprinten.

Les også: Bjørgen vann i Drammen

Sliten og treg

Petter Northug merka tidleg i løpet at han var sliten.

– Det var tøft for meg. Dette var den første skikkelege økta etter 5-mila. Eg var sliten då eg kom i gang og var skikkeleg sliten i semifinalen, sa Petter Northug rett etter løpet.

Han blei sjuk etter dei olympiske leikane i Canada. Det var ingen god opplading før dagens løp.

–Eg ville uansett tatt det rolig etter OL, men det er ikkje optimalt å liggje sju, åtte dagar i senga, seier Northug.

Han legg til at det ikkje var muleg å slå Emil Om Jönsson i dag.

– Emil er umuleg. Eg er altfor treig og for dårleg og hadde ingenting å spurte med.

Petter Northug har deltatt i Drammen to gonger tidlegare, men aldri gått vidare. I dei olympiske leikane i Vancouver blei han nummer tre på sprinten.

Veslebror rauk ut

Veslebroren til Petter Northug, Tomas Northug deltok også i sprinten. Han rauk ut i kvartfinalen.

– Det var artig. Det blir noko heilt anna å stille opp mot denne gjengen. For meg var det eit erfaringsløp. Eg seier meg nøgd med å komme vidare frå prologen, sa Tomas Northug til NRK rett etter løpet.

Hattestad rauk i semifinalen

Petter Northug, Ole Vigen Hattestad, Øystein Pettersen, Erik Bransdal og Eldar Rønning gjekk alle vidare til semifinalen.

Der rauk Ola Vigen Hattestad ut i det første heatet.

– Eg blir stressa av dette, så eg gjer tekniske feil. Emil Jönsson var så teknisk, og gjekk bra, når han rykte så hadde eg ikkje sjans. Kjenner eg er i bra form, så håper det blir endå betre fram til søndag, sa Vigen Hattestad til NRK rett etter løpet.

Svenske Emil Jönsson vann det første semifinaleheatet, framfor Andrew Newell.

Eldar Rønning og Øystein Pettersen tok seg vidare frå kvartfinalen, men rauk ut i semifinalen.

– Det er hyggeleg å kose litt med russarane. Men det er på grensa den gåinga dei driv med. Dei går i klabb og babb, sa Pettersen etter kvartfinalen.

Vil gå i Kollen

Det er etter dagens løp 252 poeng som skil Petter Northug og tsjekkiske Lukas Bauer i verdscupen samanlagt. Bauer stilte ikkje til start i Drammen og med ein andreplass fekk Petter Northug 80 verdscuppoeng.

Bauer er kanskje den største favoritten til å vinne 5-mila i Holmenkollen til helga.

– Eg har frykteleg lyst å gå 5-mila. Om eg ikkje gjer det blir eg stoppa av støtteapperatet. Eg føler det som eit folkekrav at eg skal gå den, seier Northug.

Han legg til at han i fjor var i angrep, men i år må han forsvare seg.

– Eg er i den posisjonen eg vil vere i, og må halde fram og forsvare.

Jon Kristian Dahl, Jens Arne Svartedal og Oddbjørn Hjelmeseth greidde ikkje kvalifisere seg til kvartfinalane.

Slik endte herrefinalen:

1. Jönsson
2. P. Northug
3. Newell
4. Brandsdal
5. Onda
6. Lassila

Slik endte kvinnefinalen:

1. Bjørgen
2. Saarinen
3. Muranen
4. Pajala
5. Bjellånes
6. Kowalczyk