Tyske Ronny Ackermann vann kombinertsprinten etter å ha leia etter hopprennet. Ackermann var 10,5 sekund før austerrikske Felix Gottwald på andre, mens Græsli var 11,3 sekunder bak vinnaren.
Græsli blei også nummer tre i laurdagens kombinertsprint, og også søndag vann han eit spurtoppgjer om tredjeplassen.
Petter Tande frå Byåsen hamna tilslutt på ein tiande plass, 44,4 sekund bak Ackermann.
Ola Morten Græsli slo tyske Georg Hettich med ein meter i spurten. Foto: Bjørn Sigurdsøn/Reuters
Vil bli i toppen
Ola Morten Græsli frå Tydal har ingen spesielle førebilete i kombinert, men har prøvd å lære av dei beste innan kvar grein, langrenn og hopp.
- Bjarte Engen Vik har eg sjølvsagt sett opp til då eg var
yngre. Men i det siste har eg heller forsøkt å lære av dei beste langrennsløparane, som Ole Einar Bjørndalen, og dei beste hopparane som Tommy Ingebrigtsen, seier Græsli.
Græsli låg på tredjeplass etter hopprennet og klarte å halde plasseringa i mål.
Laurdag klarte Græsli så vidt å sikre Noregs første pallplassering på nesten to sesongar. Søndag hadde han lært.
- Eg drøymde om spurten i heile natt. Det var godt at eg fekk vist at eg kan få tåa litt lenger fram ved målpassering, seier Græsli.
Resultat
1) Ronny Ackermann, Tyskland 18.19,2 (1-21),
2) Felix Gottwald, Østerrike 0.10,5 min. bak (14-2),
3) Ola Morten Græsli, Norge 0.11,3 (3-17),
4) Georg Hettich, Tyskland 0.11,5 (2-22),
5) Kevin Arnould, Frankrike 0.13,4 (4-14),
6) Matthias Menz, Tyskland 0.13,9 (6-10),
7) Kenneth Braaten, Norge 0.39,7 (22-3),
8) Björn Kircheisen, Tyskland 0.41,3 (13-9),
9) Johnny Spillane, USA 0.41,7,
10) Petter Tande, Norge 0.44,4 (15-8),
11) Kristian Hammer, Norge 0.52,3 (28-1),
12) Jouni Kaitainen, Finland 0.53,3 (7-29),
13) Wilhelm Denifl, Østerrike 0.53,3 (9-28),
14) Jens Gaiser, Tyskland 0.54,7 (17-12),
15) Lars Andreas Østvik, Norge 0.57,3 (20-5),
16) Todd Lodwick, USA 1.10,2 (26-6),
17) Marko Baacke, Tyskland 1.15,6 (18-23),
18) Sverre Rotevatn, Norge 1.16,3 (23-13),
19) Mathieu Martinez, Frankrike 1.16,6 (27-7),
20) Ludovic Roux, Frankrike 1.16,9 (11-31),
21) Hannu Manninen, Finland 1.27,5 (33-4),
22) Michael Gruber, Østerrike 1.28,8 (12-35),
23) Ronny Heer, Sveits 1.34,0 (24-25),
24) Andrej Jerzersek, Slovenia 1.43,3 (31-16),
25) Thorsten Schmitt, Tykland 1.46,9 (33-15),
26) Andreas Hurschler, Sveits 1.46,9 (36-10),
27) Daito Takahashi, Japan 1.57,6 (19-36),
28) Preben Fjære Brynemo, Norge 2.00,2 (38-18),
29) Jan Rune Grave, Norge 2.01,6 (35-24),
30) Satoshi Mori, Japan 2.07,6 (25-34).
Hopp (K115):
1) Ackermann 131,1 (128), 2) Hettich 128,7 (126,5), 3) Græsli 126,4 (124,5), 4) Arnould 125,1 (123), 5) David Zauner, Østerrike 124,9 (124,5).
Øvrige norske: 15) Tande 115,8 (116,5), 20) Østvik 111,0
(112,5), 22) Braaten 110,4 (112), 23) Rotevatn 109,3 (111,5), 28) Hammer 106,4 (109,5), 35) Grave 101,7 (106), 38) Brynemo 99,5 (105).
Langrennet, 7,5 km:
1) Hammer 17.32,5, 2) Gottwald 17.32,7, 3) Braaten 17.35,9, 4) Manninen 17.49,7, 5) Østvik 17.56,5.
Øvrige norske: 8) Tande 18.02,6, 13) Rotevatn 18.08,5, 17)
Græsli 18.11,5, 18) Fjære Brynemo 18.13,4, 24) Grave 18.22,8.