Den tidlegare politileiaren i Trøndelag politidistrikt må i neste månad møte i retten, tiltalt for å ha tatt ei kvinne på låra, rompa, magen og ryggen ved fleire tilfelle .
Han er også tiltalt for grov uforstand i tenesta ved å ha sendt fleire tekstmeldingar med upassande innhald til kvinna han skulle verne i ein sårbar situasjon.
Ansvarleg for sikringstiltak mot kvinna
Politileiaren fekk ansvar for å sette i verk sikringstiltak då kvinna var i ein trugsmålsituasjon. Politimannen hadde mykje kontakt med kvinna, men er også tiltalt for å ha unnlete å føre dette inn i politisystemet Indicia slik reglane krev.
Det var bistandsadvokaten til kvinna som melde saka til politiet på vegne av klienten sin. I følgje tiltalen hadde ho gitt beskjed om at politimannen ikkje måtte ta på henne.
Berøringane skal ha skjedd både mens tiltalte jobba i politiet, men også etter at han slutta.
Mannen må møte i Sør-Trøndelag tingrett neste månad.
Foto: Kjartan Ovesen / Nrk«Drinking vine and doing men mad»
Forholda skjedde i løpet av eit års tid frå 2013, i følgje tiltalen som vart tatt ut av Spesialeininga for politisaker i november i fjor.
Men i januar i år bestemte Riksadvokaten at politileiaren også skulle tiltalast for grov uforstand eller utilbørleg framferd i tenesta. Bakgrunnen var fleire tekstmeldingar han sende til kvinna.
Ei av dei lydde: «Hi ….( namnet på kvinna. red anm.) With the high heals and a small tight red dress, drinking vine and doing men mad. »
Ei anna melding lydde:
«Go on dance naked».
Han skreiv også at han ikkje fortente å sitte der som eit "0", går det fram av tiltalen.
Kolbjørn Lium forsvarer den tidlegare politimannen. Han kjem til å nekte straffskuld når saka startar i Sør-Trøndelag tingrett, opplyser Lium til NRK.
Bistandsadvokaten til kvinna ønskjer ikkje å kommentere saka no.