Eit tjuetals rederi med planer om å byggje nye skip har kontakta Fosen Mekaniske Verksteder for å diskutere byggjeoppdraga. Talet på redieri som har kontakta oss er overraskande høgt, meiner personalsjef Reidar Gullesen ved Fosen Mek.
Reidar Gullesen, personalsjef ved FMV.
Etter at verksemda blei enige med kreditorane sine om gjeldssanering like før årsskiftet, karakteriserer dei seg sjølv for å vere økonomisk friskmeldt. No konsentrerer leiinga seg om å agere i marknaden for å hente i land byggjekontrakter. Pressetalsmann Reidar Gullesen trur på ny giv for Fosen Mekaniske Verksteder.
- Det vi håper på er at vi skal ha ei eller fleire kontrakter klare før sommarferien. Dei siste to-tre månadane har det vore veldig mange spørsmål om nye skip.
Kva skip er det snakk om?
- Det er eigentleg alle type skip som vi kan byggje. Det er passasjerskip, cruiseferjer som vi har levert ganske mange av, og det er også snakk om lasteskip av den typen vi har levert tidlegare, seier Gullesen.
The World blei bygd på Fosen
Tungt med Økokrim
Men det heng likevel ei tung sky over Fosen Mekaniske Verksteder, ettersom Økokrim framleis etterforskar om verksemda har brote reglane for verftsstøtte. Staten meldte verksemda i januar i fjor, og no tyder alt på at Økokrim neppe er ferdig med arbeidet før nærmare påske:
- Eg har ingen kommentar til det, men eg synest det er svært leit. Sjølv om vi har mange som kontakter oss, så må alle skjønne at det er ei stor belastning å vere meldt av den norske stat for grovt bedrageri i den tidsperioden vi har lagt bak oss, og som det desverre ser ut som vi får forlenga framover, seier Gullesen.