Hopp til innhold

– Å ikkje ha cash i baklomma kan påverke åtferda vår

I kjølvatnet av pandemien går vi mot ein meir kontantfri kvardag. Kva kan skje med oss når kontantane forsvinn?

o0NXz2NER3I en dame tar imot penger. Hun har et munnbind på seg. Norske sedler. Svarte handsker.

BETALING MED CASH: Reint psykologisk skjer det noko med oss idet vi opnar lommeboka og gir ifrå oss det vi har jobba hardt for.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Eg synest det er litt trist og eg likar det ikkje i det heile tatt. Eg er tilhengar av å ha kontantar, seier pensjonist Unn Lund Grøtan.

Ho er på veg til Brekstad med hurtigbåten som går frå Trondheim til Kristiansund fredag føremiddag. Ho reagerer på at ein ikkje kan bruke kontantar på hurtigbåten.

Grøtan påpeikar at det er spesielt viktig for eldre menneske å ha moglegheita til å kunne betale med cash.

– Det er ikkje så enkelt for alle å betale kontantfritt. Eg snakkar med mange som ikkje klarar å lære seg den automatikken.

Unn Lund Grøtan skal ta hurtigbåt og snakker med reporter Jøte Toftaker om kontantfri betaling. August 2021.

MED BÅTEN: Unn Lund Grøtan skal ta hurtigbåten. Ho seier at ho stort sett betaler med kort, men ho har alltid nokon myntar liggjande på lur og likar å ha moglegheita til å kunne betale med cash ved naudtilfelle.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Ho er ikkje den einaste som reagerer på dette.

– Å nekte å ta imot kontantar frå folk strid mot den norske lova, seier Tina Marie Rødde Paulsen.

Ho er passasjer på den same hurtigbåten.

– Koronatiltak er ikkje nokon god nok unnskyldning, seier ho bestemt.

ATB: – Skal ikkje fjerne kontantbetaling for godt

Sentralbanklova slår fast at butikkar og kollektivtransport har plikt til å ta imot kontantar viss kunden betalar hos seljaren. Men under koronakrisa har det vore annleis.

– Vi held oss til kollektivrettleiaren og dei oppmodingane Folkehelseinstituttet har kome med. Dei oppfordrar til kontantlaus betaling, seier Grethe Opsal kommunikasjonsdirektør i ATB, det offentlege kollektivselskapet i Trøndelag.

Dette er stort sett praksisen i heile landet, seier ho. Men ho legg til at det berre skal vere ei mellombels løysning og at dei som berre har kontantar skal få med seg ein faktura heim.

Vi har på ingen måtar avskrive kontantbetaling. Det skal bli mogleg å betale med handpengar når vi er inne i fase fire.

Grete Opsal kommunikasjonsdirektør i ATB snakker om kontantfri betaling på kollektivtransport som følge av koronakrisa. 6. august 2021.

VANSKELEG: – Vi har full forståing for at dette kan vere vanskeleg for eldre menneske. Så vi prøver å finne gode løysningar. Det er viktig for oss at det finst nok moglegheiter slik at for folk skal kunne betale for billetten sin, seier Grethe Opsal kommunikasjonsdirektør i ATB.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Står overfor eit historisk skifte

Men kjem vi verkeleg attende til der vi var før krisa byrja?

Ifølge Vipps har kontaktlaus betaling tredobla seg under koronakrisa. Det skriv E24. I same artikkel står det at Norges Bank heller aldri har målt lågare kontantbruk i undersøkingane sine.

Fleire fagfolk påpeikar at vi no står overfor eit klart skifte i måten vi handterer betalingstransaksjonar på.

Ein av dei er NHH-professor i tjenesteinnovasjon, Tor W. Andreassen. Ifølgje han har dei urgamle handpengane tatt eit ordentleg og historisk tilbakeskritt med koronakrisa.

Tor W. Andreassen

MANGE FORDELAR: – For samfunnet er det ønskeleg at det er størst mogleg andel av elektronisk betaling fordi det er meir effektivt. Ein har òg meir kontroll og ein kan unngå den svarte økonomien, seier Tor Andreassen.

Foto: NHH

Eit og eit halvt år med smittevernrestriksjonar kan ha fått oss til å assosiere fysisk pengeutveksling med noko mindre stovereint.

Kontantar er ikkje like politisk korrekt som det var før, seier han.

Han påpeikar at viss det kjem ei ny lov som seier at butikkane ikkje treng å ta imot pengar som kontantmidlar, og som kanskje er motivert utifrå ein smitte- eller kvitvaskingsproblematikk, så kan ting endre seg relativt raskt.

Men han trur ikkje at dei fysiske pengane vil forsvinne heilt med det første.

Å ha kongen i baklomma

Ifølgje Andreassen treng landet vårt å ha fysiske pengar i baklomma vår, viss det skulle oppstå ein krisesituasjon og dei elektroniske systema skulle liggje brakk nede.

5Xyr4w65xUw Norske sedler og kronestykker på et bord. Munnbind ved siden av.

HANDPENGAR: korkje Tor Andreassen eller Håkon Fyhn trur at dei norske kontantane vil forsvinne med det første.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ein annan som heller ikkje trur at pengane vil forsvinne i vår levetid er førsteamanuensis ved NTNU Håkon Fyhn.

Han er forskar på robotisering, digitalisering og automatisering.

– Eg trur ikkje kontantane vil forsvinne heilt plutseleg, men eg trur ikkje dei kjem tilbake på den same måten som før pandemien, seier han til NRK.

Betalingsformene set grenser for kva som er mogleg

Han påpeikar at Noreg i lang tid framover vil vere avhengig av klirrande mynt for å kunne samarbeide med andre land som er mindre digitaliserte.

Både Fyhn og Andreassen nemner at det finst grupper i samfunnet som er avhengige av kontantar, som til dømes tiggarar og andre som på ein eller anna måte har hamna på samfunnet si skyggeside.

Tigger i Skien

HAR DU CASH: Nokre menneske er avhengig av kontantar for å overleve.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

– Ser ein historisk på det så er det slik at dei betalingsformene eit samfunn har set grense for kva som er mogleg, seier Fyhn og held fram:

– Fordelen med kontanfrie transaksjonar er at det kan gjere ting mykje enklare for folk flest.

Han trekkjer fram Vipps som eit døme på det.

– Vi føler ikkje på smerta

Men ein total kontantfri kvardag kan gjere noko med åtferda vår reint psykologisk.

– Tenk berre på kva det gjer med oss når vi opnar lommeboka, tar ut ein setel og gir han til ein person vi skal forhandle med. Då får vi ei påminning om at vi gir bort noko, seier Andreassen.

– Ein får jo ikkje den same kjensla når betalinga blir automatisert. Ein kan jo berre leggje ei klokke over ein betalingsautomat og så har ein betalt. Då opplever ein ikkje ein mental kostnad av at noko vi har jobba hardt for gradvis forvitrar.

Betale med armbånd

BETALINGSARMBAND: I dag gjer teknologien det mogleg å betale med ei klokke rund armen.

Foto: Frank Nygård / NRK

Når den påminninga forsvinn så vil konsumet òg stige, seier han. Det blir rett og slett for enkelt å bruke pengar.

Han understrekar at bedriftene dreg fordelar av at vi ikkje kjenner på den mentale kostnaden.

I dag er det lettare å kjøpe ting fordi du føler ikkje smerta av å forsake noko på same vis.

Kan miste viktige sosiale arenaer

Fyhn er samd i at den kontantfrie kvardagen kan påverke åtferda vår. Men det er ei litt anna problemstilling han er mest oppteken av:

– Kva vil skje med oss reint sosialt når den fysiske pengeutvekslinga forsvinn meir og meir?

– Når alt blir automatisert, når det finst ein app for alt, og du kan gjere bestillingar via telefonen, når maten kjem inn til deg med ein robot, og du ikkje treng å sjå kelneren din i auga, då forsvinn også dei mellommenneskelege møta mellom framande, seier han.

HIS-19731217-151

KONG OLAV: Sjølv ein konge måtte sjå konduktøren i auga på trikken i gamle dagar. Kongen skulle på skitur og han sette seg godt til rette og vil betale, han som alle andre. Kongen gav ifrå seg ein tiar og bad om to billettar. Men Kongen slapp å betale, for konduktør Sigmund Myrvold hadde allereie fått betaling av Kongen sin eskorte som stod bak i vogna. Aftenposten, Oslo 1973

Foto: Jan Greve / VG

For dette er ein type lågterskelsamtale som tilsynelatande kan verke uviktig, men som likevel har sin eigenverdi.

– Desse tilfeldige menneskemøta kan bety noko anna enn dei daglege samtalene vi har med kollegaer, familie og nære venar, legg han til.

Det at vi til dagleg ikkje blir tvinga til å ha noko med framande menneske å gjere er det ingen som kan vite konsekvensane av.

– Men eg trur det gjer noko med eit samfunn. Og det er noko vi vil leggje merke til snart og bli nøydde til å snakke om.