Hopp til innhold

Aktors kronvitne: Kvifor er ikkje mordaren her?

39-åringen var augevitne til at Cathrine Sand vart drepen på Lademoen i Trondheim i fjor haust, meiner påtalemakta. Mannen fortalde i retten tysdag at tiltalte sette seg opp på Sand og stakk henne med kniv i halsen.

Rommet i leiligheten på Lademoen i Trondheim der Cathrine Sand ble funnet med kritiske skader i oktober 2019. Sand ble sendt til St. Olavs hospital, hvor hun ble erklært død

ÅSTADEN: 39-åringen sat i tosetaren, mens Cathrine Sand låg i sofaen til høgre då ho vart knivstukken.

Foto: Politiet

Måndag erklærte tiltalte seg ikkje skuldig i drapet og sa at han ikkje kunne hugse alt som skjedde morgonen 27. oktober. Men tiltalte meiner vitnet lyg for å redde seg sjølv.

Kan eg spørje – kvifor er ikkje mordaren her?

Då 39-åringen kom i vitneboksen i Sør-Trøndelag tingrett tysdag spurte han domaren før han starta forklaringa si:

– Kan eg spørje – kvifor er ikkje mordaren her?

Domar Ingvild Skaar opplyste at tiltalte følgjer rettssaka frå sikkerheitsavdelinga på Brøset der han er innlagd.

Vitnet fortel at han kom til leilegheita saman med ein kamerat ut på morgonen 27. oktober.

Cathrine Sand låg på sofaen med teppe på seg, mens vitnet sat i tosetaren ved sidan av. Han seier han var «brisen» og at tiltalte spanderte narkotika.

Det var første gong han møtte tiltalte. Kameraten gjekk etter ei stund og tok med seg ei vodkaflaske. Ifølgje vitnet skulda tiltalte han eller Sand for å ha tatt flaska. 39-åringen seier tiltalte kravde han skulle kle seg naken for å sjekke at han ikkje hadde flaska.

– Det vart krangling og dritslenging, seier vitnet. Han hevdar også at tiltalte skulda Sand for å ha vore utru med andre, også vitnet.

Politiet mener dette er kniven som Cathrine Sand ble stukket med i leiligheten på Lademoen i Trondheim i oktober 2019. Det ble funnet blod med DNA fra Sand på kniven. Sand ble sendt til St. Olavs hospital, hvor hun ble erklært død

RASLING I SKUFFA. Vitnet seier han høyrde rasling i skuffa frå tiltalte før Sand vart knivstukken.

Foto: Politiet

Høyrde rasling i kjøkenskuffa

Tiltalte gjekk stort sett rundt i stova.

– Han var bajas og stressa og rusa fortel vitnet.

På eit tidspunkt høyrde han rasling i kjøkenskuffa bak seg der tiltalte var. Så kjem han mot sofaen og set seg opp på Sand. Vitnet trudde han skulle sette ei sprøyte i halsen på henne. I staden ser han at tiltalte stikk henne med kniven.

Aktor spør korleis Sand reagerte på dette.

– Det er det eg synest er så rart. Ho såg på meg heile tida, sa ikkje eit ord. Gjorde ingen motstand.

Truga med å drepe vitnet

– Det er så jævlig brutalt, seier vitnet sterkt prega av det han fortel.

Etterpå rispa tiltalte vitnet med kniv på magen utanpå genseren og truga med å drepe han også om han «tysta».

Det hadde vore betre for meg å ha vore daud enn å ha desse bileta i hovudet, seier 39-åringen i vitneboksen.

Forsvarer Tore Angen viser til at vitnet verka veldig påverka då politiet kom til leiligheita. Angen ville vete korleis vitmnet kunne hugse så mykje i den tilstanden. 39-åringen svarte at han tok fleire piller for å roe seg ned før politiet kom.

– Det her skulle eg ha gjort for lenge sidan

Etter at tiltalte hadde pakka Sand inn i eit golvteppe skal han ha sagt til vitnet:

– Det her skulle eg ha gjort for lenge sidan.

I retten tysdag sa vitnet at han var redd for kva tiltalte ville gjere om han fortalde kva som hadde skjedd.

– Eg vart pissredd og var redd han skulle gjere det same med søstra mi.

Endra forklaring i politiavhøyr

39-åringen vart pågripen saman med tiltalte då politiet kom til åstaden på Lademoen 27. oktober. Video som vart vist i retten måndag viser at 39-åringen hadde store problem med å stå på beina. På spørsmål frå politiet der sa han at han ikkje visste korleis Sand vart drepen. Dette heldt fast på han i det første politiavhøyret. I retten tysdag sa 39-åringen at han var redd for kva tiltalte ville gjere mot han om han sa sanninga.

På grunn av helsetilstanden til vitnet vart det i november i fjor gjort eit rettsleg avhøyr for å sikre seg den nye forklaringa hans i tilfelle han ikkje kunne møte i rettssaka.

Vitnet har også vore med på ein rekonstruksjon frå 4.desember av det som skjedde på åstaden. Politiet bygde opp ein kopi av romma og videoen vart vist for retten tysdag. Her fekk retten sjå vitnet vise det han meiner skjedde då Sand vart drepen.

Søstera: Sa han skulle drepe Cathrine fordi det var hennar skuld at hunden døydde

Mens vitnet aldri hadde møtt tiltalte før drapsdagen, hadde han kjend fornærma i to-tre år.

– Cathrine var bestandig koseleg mot meg. Og ho likte ikkje urettferd. Ho sa eg måtte ha meir ryggrad når folk utnytta meg.

39-åringen vart nyleg hjarteoperert og har fleire helseproblem. Sundag vart han pågripen etter kjennelse frå retten for å sikre at han møtte til rettssaka.

Cathrine Sand (39) døde etter å ha blitt utsatt for grov vold i en leilighet på Lademoen 27. oktober 2019

BLØDDE I HEL. Cathrine Sand (39) vart drepen på Lademoen 27. oktober i fjor.

Foto: Privat, via Trøndelag politidistrikt

Også søstera til tiltalte skildra avdøde i postive ordelag då ho vitna i retten tysdag ettermiddag. Ho oppfatta at forholdet mellom Sand og broren var «harmonisk».

Men etter at tiltalte krasja med bil to månader før drapet, meinte tiltalte at det var Sand som køyrde bilen der hunden hans vart drepen.

Sand var ikkje med i bilen så dette var noko tiltalte innbilte seg, sa søstera hans.

Tiltalte vart innlagd på sjukehus, men skreiv seg ut allereie dagen etter. Han ringde då søstera og sa at han skulle drepe Cathrine fordi det var hennar skuld at hunden hans døydde.

Meiner broren ikkje fekk nok hjelp

Tiltalte mista mor si i brann mens han var heime i ei bygd i Trøndelag. i 2013. Han var fortvilt over at han ikkje greidde å få henne ut av huset. Dette prega han veldig i åra etter. Etter domen på tvungents psykisk helsevern i 2016 vart han etterkvart overført til Østmarka i Trondheim.

Søstera reagerte på at broren kort tid etter vart plassert i det ho kalla det «verste stroket» i Trondheim med mange rusmisbrukarar. Broren ønskte å vere lenger på Østmarka, men det gjekk ikkje, ifølgje henne.

I leilegheita fekk han heller ikkje mykje hjelp. Han fekk antabus kvar dag og behandlarar på besøk to gonger i veka. Elles var det søstera som måtte dra til byen og hjelpe han.

Søstera fortel om ein bror som høyrde stemmer i hovudet og hadde vrangførestellingar.

Forsvarer Angen spør om ho trur drapet hadde skjedd om broren hadde fått meir hjelp.

-Aldri i verda. Dette er psykiatrien på sitt verste. Eg har stått på og gjort alt eg kunne, seier søstera.

Tiltalte er psykotisk, meiner dei sakkunnige

Sjefpsykolog Kåre Nonstad ved St.Olavs hospital presenterte den rettsspykiatriske vurderinga av tiltalte for retten tysdag ettermiddag. Saman med spesialist i psykiatri Andreas Hamnes er dei oppnemnde som sakkunnige for retten.
Nonstad viste til at tidlegare behandlarar har vore usamde om tiltalte er psykotisk. Nonstad slo fast i retten tysdag ettermiddag at Hamnes og han meiner tiltalte er psykotisk og lir av schizofreni.

Blir tiltalte dømt, vil aktor legge ned påstand om tvungent psykisk helsevern.