Hopp til innhold

Møter Wiig i forliksrådet

Ulf Hammern og advokat Christian Wiig skal møtast i forliksrådet i mars.

Ulf Hammern
Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Før jul fremja Ulf Hammern eit søksmål på fem millionar kroner mot Christian Wiig.

Christian Wiig var Ulf Hammerns tidlegare advokat i Bjugnsaka og Hammern er sterk misnøye med måten Wiig behandla saka på.

Glad for møtet

Ulf Hammerns noverande advokat Per Danielsen seier hans klient er glad for at dei to skal møtast.

- Det betyr veldig mykje for familien Hammern å få sette eit endeleg oppreisingspunktum, om ein kan kalle det det, på denne langdryge saka, seier Danielsen til NRK Trøndelag.

Les også: Millionkrav mot kjendisadvokat  

Omfattande sak

Bjugnsaka blei ei av landets mest omfattande straffesaker. Tretti personar blei mistenkt for å ha misbrukt barn i Bjugn, men berre barnehageassistent Ulf Hammern blei tiltalt og stilt for retten.

I 1995 blei Hammern frifunnen på alle punkt, men erstatninga var låg. Han fekk berre 170 000 kroner, fordi retten meinte han ikkje kunne sannsynleggjere at han ikkje hadde gjort det han stod tiltalt for.

Ulf Hammern og forsvarar Christian Wiig tok saka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg som sette dette prinsippet til side. Men Wiig fremja ikkje krav om erstatning i Strasbourg, noko dei hadde høve til.

Wiig skal heller ikkje ha helde tidsfristar for å få saka tatt opp igjen i dei norske domstolane.

Set pris på fortgang

Ifølge advokat Per Danielsen er familien Hammern godt nøgd med at forliksrådet i Trondheim behandlar saka raskt.

- Målet er å få eit skikkeleg plaster på såret og eit endeleg punktum for saka, seier Danielsen.

Christian Wiig vil ikkje kommentere saka.