Hopp til innhold

Mista lappen: Køyrde i 127 km/t i 60-sone midt på dagen

Sjåføren vart stoppa like før barna på skulen i nærleiken var ferdige for dagen.

Dag Ryen, Politioverbetjent, Gruppeleder Utrykningspolitiet distrikt 4.

SJELDAN: Dag Ryen i UP seier dei sjeldan stoppar folk i så høg fart midt på dagen.

Foto: Politiet

Etter fleire klagar om råkøyring frå folk som ferdast på og ved Volhaugvegen, i nærleiken av ein skule i Verdal i Trøndelag, drog Utrykkingspolitiet (UP) i dag til staden for å halde fartskontroll.

– Det er ein gang og sykkelveg langs strekninga. Sjåførane vert målt like før dei kom inn i ei 40 sone med fotgjengarfelt over vegen. Dette er eit strekke som ikkje er så langt unna ein skule, seier Dag Ryen, gruppeleiar for UP i området.

Dagens kontroll vart starta like før barna ved skulen var ferdige for dagen. Målet med å ha kontrollen på dette tidspunktet var å kontrollere korleis folk køyrer der når barna ferdast langs vegen.

Strekninga der sjåføren vart tatt i 127 km/t.

Strekket der sjåføren vart tatt i 127 km/t.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Tre personar vart meldte for høg fart i 60 sona. Den raskaste av sjåførane vart målt til 127 km/t like før skuleklokka ringde ut for dagen.

– Det er alt for høg hastigheit, seier Dag Ryen.

– Er det vanleg at de tar folk i over dobbelt så høg hastigheit som er lov på ei slik strekning?

– Nei, det er lenge imellom. Men vi har vore borte i tilsvarande hendingar før, svarar UP-leiaren.

Han oppfordrar dei som køyrer på denne måten om å i det minste tenkje på kva tid og stad dei vel å køyre så fort.

– For med den hastigheita der, så er det eit bevisst val, seier Ryen.