Hopp til innhold

Metalfeber på Eberg skole

Vokalisten i Keep of Kalessin var i dag tilbake hos den aller ivrigaste fansen.

Barn ved Eberg skole

Barna ved Eberg skole hylla vokalist i Keep of Kallesin, Torbjørn Schei, då han kom tilbake på jobb etter Melodi Grand Prix-suksessen.

Foto: Aleksander Ødegård / NRK

Fredag kveld gjekk Keep of Kalessin med vokalist Torbjørn Schei til topps i delfinalen i Melodi Grand Prix på Ørlandet.

Tilbake til kvardagen

I dag var det slutt på fest og glam og Torbjørn Schei var tilbake på jobb på SFO på Eberg skole i Trondheim. Der har kollegaene blitt rive med suksessen til bandet.

– Med ein så sjarmerande vokalist og eit så bra band, er det klart folk må stemme, seier SFO-medarbeidar Terje Stordahl til NRK.

Saman med resten av arbeidskollegaene på SFO tok han i dag imot den første finalisten i den store Melodi Grand Prix konkurransen.

(Artikkelen held fram under bildet)

Torbjørn Schei, Keep of Kallesin

Torbjørn Schei i aksjon på Ørlandet.

Foto: NRK

Hylla av ungane

Ungane var også godt nøgde med innsatsen til SFO-medarbeidaren. Dei møtte han med plakatar og stor applaus.

– Eg måtte halde for øyrene heile tida, for eg var så redd for at det ikkje skulle bli han, seier Amanda Estenstad som går i 4. klasse på Eberg skole.

Blei du ikkje hes i stemma, spør ein av ungane?

– Eg har øvd meg så lenge, at det gjekk bra, forklarar Torbjørn.

Overraska over finaleplassen

Han er sjølv overraska over at det gjekk så bra på Ørlandet i helga.

– Det var så mykje overrasking som det kunne bli. Vi hadde ikkje trudd at det skulle gå slik, seier Torbjørn Schei.

Rektoren på skulen innrømmer at også ho sendte nokre meldingar for å stemme på kollegaen fredag kveld.

– Eg sat og stemte. Torbjørn er ein mjuk rockar som har slusa oss inn i musikken, seier rektor ved Eberg skole, Elisabeth Rystad.

Vokalist i Keep of Kallesin Torbjørn Schei på Eberg skole.

Applaus

Foto: Aleksander Ødegård / NRK