Hopp til innhold

Tok kvelartak på sjukepleiar: – No døyr eg

Sjukepleiaren trudde ho skulle døy då ein mann tok kvelartak på henne. Dette var to månader før han drap og likskjenda ein mann på Lademoen i Trondheim.

Akuttbygget Østmarka

Angrepet på sjukepleiaren skjedde på Akuttbygget ved St.Olavs hospital.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Den nyutdanna sjukepleiaren var sterkt prega då ho sette seg i vitneboksen i Trøndelag tingrett torsdag.

Hendinga på akuttposten ved St Olavs hospital på Østmarka 17. februar i fjor hugsar ho som det var i går.

Mannen som no er tiltalt for drap og likskjending var tvangsinnlagd same dagen som han angreip fornærma.

Les også Var tvangsinnlagd mange gonger: Tiltalte sa han hadde drepe Putin

Bilete frå politiet etter drapet på Lademoen.

– Umotivert latter

Det var ikkje avklart om pasienten var covidsmitta. Derfor tok sjukepleiaren på seg fullt smittevernutstyr, med hanskar, visir og munnbind. Så gjekk ho inn på rommet til tiltalte.

Ho fortel langsamt og med låg stemme det som skjedde minutt for minutt.

Ho forklarte pasienten at ho skulle sette ei sprøyte. Heile tida følgde ho han med augo, og passa på å ikkje snu ryggen mot han.

– Han hadde ein umotivert latter, som kom stadig oftare, seier ho i retten.

Etter at sprøyta var sett, åt pasienten middag før han gjekk på toalettet.

Sjukepleiaren sa til han at ho måtte stå i døropninga.

Framleis hadde han ikkje sagt noko til henne.

Eg møtte blikket til pasienten og tenkte: No døyr eg

Frå sengekanten får ho eit «skulande blikk». Han strammar augebryna, seier sjukepleiaren.

Eg kjenner eg blir litt stressa og at eg må tilkalle nokon, minnest ho.

Ho går mot døra, opnar den og ser mot vaktrommet utanfor. Der er det ingen.

Ho høyrer nokon i gangen som seier at det ikkje er poeng med isolasjon dersom døra står open.

Etter kvart bestemmer ho seg for å gå inn igjen på rommet. Lukkar døra og set seg på ein benk ved vindaugo.

Så skjer det:

Han reiser seg opp frå senga, ho gjer det same.

Pasienten spring mot henne, med knytt never og på ein «mekanisk måte», fortel sjukepleiaren.

Mannen slår henne mot hovudet og mot kroppen. Ho ramlar og blir liggande på sida på benken.

Han står over henne.

Eg møtte blikket til pasienten og tenkjer: No døyr eg.

Så tek han kvelartak og seier han skal drepe henne.

Sjukehuset ville ikkje politimelde hendinga

Ho får ikkje tak i alarmen i buksa.

Det neste ho hugsar er at ho står på alle fire i rommet. Ho krabber mot døra. Dreg seg opp på beina ved hjelp av handtaket.

Alarmen går over heile huset. Personale frå alle kantar strøymer til og ho får hjelp.

Ho var innlagt på sjukehus med store smerter. Seinare fekk ho påvist PTSD (posttraumatisk stressliding). Ho har ikkje greidd å jobbe i full stilling sidan hendinga.

Sjukehuset ville ikkje melde hendinga til politiet. Dei meinte at pasienten truleg ikkje var strafferettsleg tilrekneleg. Først i slutten av juni, halvannan månad etter drapet på Lademoen, kom meldinga frå St. Olavs.

Sjukepleiaren fekk opplyst at ho sjølv kunne melde saka. Ho kjende det var eit stort ansvar å legge på henne. Ho greidde ikkje å bere også det.

Eg synest det er skremmande. Viss ein vel å jobbe i psykiatrien så skal ein vere utsett for slikt utan å ha noko sikkerheit, spurte sjukepleiaren.

29. mars var pasienten ute av tvang, og flytta til leilegheit på Lademoen.

Då ho seinare fekk vete om drapet, reagerte ho sterkt:

– Det var det eg var redd for og det var derfor eg ville at saka skulle politimeldast. Eg trudde jo at eg skulle døy sjølv.

Burde ikkje vore sleppt ut, meiner bistandsadvokat

Bistandsadvokat Mette Skoklefald representer sjukepleiaren. Ho reagerer på at saka ikkje vart meld til politiet med ein gong.

Då føreset eg at vilkåra for tvungent psykisk helsevern openbert var til stades fordi han ville vorte vurdert som farleg.

Og då ville han ikkje vorte sluppe ut i slutten av mars?

Det meiner eg heilt klart, seier Skoklefald.

Bistand Mette Skoklefald.

Bistandsadvokat Mette Skoklefald er kritisk til at sjukehuset ikkje melde saka til politiet.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Klinikksjef Elin Ulleberg ved Psykisk helsevern ved St. Olavs hospital opplyser at angrepet på sjukepleiaren i februar var med i vurderinga då sjukehuset skreiv ut tiltalte.

I ein e – post til NRK skriv Ulleberg:

«Alvorlighetsgrad av hendelsen og ønske fra ansatte inngår i den samlede vurderingen. Det er altså ikke en automatikk i at hendelser blir anmeldt. Kunnskapen om hendelsen var en del av vurderingsgrunnlaget for risikovurderingen som så lå til grunn for utskrivelsen. Det er altså lite trolig at en tidligere anmeldelse ville ha endret det videre hendelsesforløpet.»

Det kokte jo litt på intensivavdelinga den dagen

Den aktuelle dagen hadde sjukepleiaren vorte vaksinert mot covid etter avtale med overordna. Derfor kom ho litt forsinka på vakta på ettermiddagen.

Det kokte jo litt på intensivavdelinga den dagen, seier sjukepleiaren i retten.

Som vanleg skulle ho starte med å lese rapportane om pasientane på avdelinga. Her skal det mellom anna stå om risikoen for vald slik at pleiarane er førebudde på møtet med pasienten.

Men så fekk ho kontrabeskjed: Ho måtte oppsøke den aktuelle pasienten for å sette ei sprøyte.

Ho visste ingenting om han. Men ho såg han hadde raude merker rundt handledda. Derfor gjekk ho ut frå at han kanskje hadde kome til akuttposten i handjarn.

I ettertid har ho tenkt at angrepet på henne kanskje ikkje hadde skjedd dersom det var fleire folk på jobb.

Den tiltalte sa i retten at han ikkje hugsar noko av åtaket på sjukepleiaren,

Like etter hendinga på sjukehuset skal han ha oppfatta sjukepleiaren i smitteverndrakta som eit «utanomjordisk vesen» som han måtte verne seg mot. Overlegen meinte angrepet skuldast at pasienten var stressa fordi han var psykotisk.

Aldri før kjend seg utrygg i jobben

Dei rettspsykiatrisk sakkunnige meiner tiltalte framleis er delvis psykotisk og ikkje skjønar at han er alvorleg sjuk. Han fekk diagnosen paranoid schizofreni for mange år sidan.

Under rettssaka har det kome fram at han mange dagar ikkje tok den antipsykotiske medisinen når han ikkje var tvangsinnlagd.

Aktor har varsla at det kan bli lagt ned påstand om dom på tvungen behandling. Han er no innlagd ved regional sikkerheitsavdeling ved St. Olavs hospital.

Sjukepleiaren sa i retten at ho aldri før har kjent seg utrygg i jobben med psykisk sjuke personar.

Det er eit ganske stort samfunnsansvar vi har overfor denne pasientgruppa. Men eg kan ikkje gå og tenkje på kva eg kunne gjort annleis. Eg handla så godt eg kunne ut ifrå situasjonen, sa den unge sjukepleiaren.

No jobbar ho ved ei anna avdeling ved sjukehuset når ho greier det.