Hopp til innhold

Var tvangsinnlagd mange gonger: Tiltalte sa han hadde drepe Putin

Halvannan månad før drapet, vart tiltalte (58) utskriven frå tvungent psykisk helsevern. Legen meinte pasienten var i «normal form» og at det ikkje lenger var naudsynt med tvangsmedisinering.

Bilete frå politiet etter drapet på Lademoen.

ÅSTAD: Tiltalte si kommunale leilegheit der avdøde vart funnen morgonen 15. mai.

Foto: Politiet

Den tiltalte 58-åringen nekta straffskuld då saka starta i Trøndelag tingrett måndag morgon.

Drapet på Stig Ola Westgård er det andre drapet i same gata i Trondheim på halvtanna år.

I begge sakene var dei tiltalte psykotiske og hadde diagnosen schizofreni.

Sa han hadde drepe Putin

15. mai i fjor ringde tiltalte AMK og bad om hjelp. Han fortalde at han hadde fått eit kutt fingeren. Helsepersonell rykte ut til den kommunale leilegheita på Lademoen. Der fann dei Stig Ola Westgård (56) død på sofaen til tiltalte.

Ifølgje tiltalen blødde Westgård i hel av fleire knivstikk i overkroppen.

Stig Ola Westgård

Stig Ola Westgård vart drepen med mange knivstikk

Foto: Privat

Etter at Westgård var død, skar tiltalte han mange stader på kroppen. Derfor er han også tiltalt for å ha mishandla eit lik.

Helsepersonellet som ringde politiet sa at tiltalte hadde sagt at «han hadde drepe Putin». Det opplyste aktor, konstituert statsadvokat Eli Reberg Nessimo i innleiinga si til retten måndag.

Tiltalte meinte det var nokon som hadde lagt ei gummidokke på sofaen hans. Det går fram av ein dom frå Trøndelag tingrett i oktober 2021. Då møtte han i retten for å få oppheva vedtaket om tvungent psykisk helsevern som vart gjort kort tid etter drapet.

Avdøde ringde 112 og fortalde at han var stukken i magen

Westgård vart funnen på sofaen til tiltalte laurdag morgon 15. mai. Like før klokka 2 på natta ringde ein mann til AMK og fortalde at han var vorten knivstukken i magen. Helse og politi leita etter innringaren i området, men utan å finne vedkomande.

Då Westgård vart funnen død hos tiltalte, kopla politiet dei to hendingane saman. Avdøde sin mobil vart funnen ved sidan av han. Stemmeprøver viser at det var avdøde som hadde meldt om at han var skadd tidlegare på natta.

Bilde frå politiet etter drapet på Lademoen.

På sofaen vart Westgård funnen død under eit pledd.

Foto: Politiet

Lang sjukehistorie

Tiltalte har mange gonger vore innlagd, anten frivillig eller under tvang, på psykiatrisk institusjon. Dei fleste innleggingane har vore ved St. Olavs hospital på Østmarka i Trondheim.

På slutten av 90-talet budde han heime hos mor og tante, mens han var på permisjon frå sjukehuset.

Frå journalnotat som er attgjeve i domen heiter det:

«Opptrådt truende og verbalt aggressiv, har gått rundt med kniv i belte og truet med å skyte mor og tante hvis de ikke satt stille i mors leilighet hvor pasienten per tiden bodde. (…)
Mor og tante hadde etter hvert fått rømt fra leiligheten. Pasienten hadde ringt brannvesen og politi fordi han mente å kjenne gasslukt i leiligheten.»

Han har for mange år sidan fått diagnosen paranoid schizofreni. Dei klaraste teikna på sjukdomen er vrangførestillingar og hallusinasjonar. Ved fleire innleggingar har han vore psykotisk.

Medisin skal halde sjukdomen i sjakk. Mannen har eit ambivalent forhold til å ta medisinar. Han er også avhengig av alkohol, noko som dempar effekten av antipsykotiske medisinar.

Aktor opplyste måndag at tiltalte ikkje ville ta medisinane sine siste tida før drapet på Westgård.

Politiet bærer avdøde ut av huset på Lademoen i Trondheim.

Avdøde blir frakta bort 15. mai 2021

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Lege: Tiltalte verken til skade for seg sjølv eller andre

17. februar 2021, halvannan månad før drapet, vart han tvangsinnlagd igjen. 22. mars fekk han flytte tilbake til leilegheita si.

Ei veke etter vurderte sjukehuset at han var frisk nok til at tvangen kunne opphevast. Han hadde i fleire år vorte følgd opp av PART, eit ambulerande behandlingstilbod for personar med psykose -eller bipolarlidingar. Liknande tilbod finst fleire stader i Noreg.

Tiltalte var positiv til røynsla med PART og ville halde fram samarbeidet med dei, går det fram av domen.

Mannen sa til legen at han var innstilt på å ta medisinen frivillig. Legen meinte tvangsvedtaket kunne opphevast og skreiv mellom anna dette i journalen:

«En ser derfor ingen grunn til videre tvungent vern, og velger å oppheve det etter dagens samtale. Oppfatter pasienten i vanlig form, hvor han hverken er til fare for seg selv eller andre.»

Angreip sjukepleiar same dagen han vart innlagd

Mannen er også tiltalt for vald mot ein sjukepleiar 17. februar 2021. Ifølgje tiltalen slo han henne mot hovudet og kroppen fleire gonger, ho ramla og tiltalte tok kvelertak på sjukepleiaren. Ho måtte behandlast på sjukehus, var sjukmeld i minst åtte månader og har fått diagnosen PTSD.

Sjukepleiaren var ikledd smittevernutstyr på grunn av koronasituasjonen. Tiltalte skal ha trudd at det var eit «utanomjordisk vesen» som han måtte verne seg mot. Overlegen meinte angrepet skuldast at pasienten var stressa fordi han var psykotisk.

Sjukehuset melde ikkje saka til politiet før 29. juni, det vil seie halvannan månad etter drapet.

Praksis er at sjukehuset ikkje melder valdshendingar til politiet dersom det er utført av ein pasient som ikkje er strafferettsleg tilrekneleg. Det opplyste Merete Blokkum, direktør for virksomhetsstyring ved St. Olavs hospital til Adresseavisen i september.

– Det var eg som fann han død

Tiltalte forklarte seg måndag via videolink frå sjukehuset der han er innlagd.

– Det var eg som fann han død, seier tiltalte når han blir spurt av domaren om han vil forklare seg.

Det var to andre personar på besøk i leilegheita tidlegare på kvelden. Dei skal vitne tysdag. Tiltalte seier han vart skoten med ein el-pistol av ein tredje person. Så skal tiltalte ha sovna av og vakna på morgonen av at det låg nokon under eit teppe på sofaen.

– Eg fekk sjokk, seier tiltalte. Han skildrar også skadane på avdøde for retten.

– Først trudde eg det var Putin som låg der, Men så skjønte eg det var Stig, seier tiltalte.

Han seier han skar i skoa til Westgård for å sjekke om han vari live.

I retten avviste tiltalte at han hadde drepe Westgård.

– Hvis eg gjorde det, så var det i affekt, i sjølvforsvar, seier tiltalte.

Fleire detaljar i politiavhøyret

Sidan tiltalte har vanskar med å svare på alle spørsmål, les aktor opp frå politiavhøyr med tiltalte. Der fortalde han i detalj om kva han gjorde med avdøde for å finne ut om han var i live.

NRK har valt å ikkje referere noko av dette, av omsyn til dei etterlatne.

Undervegs i avhøyret seier han fleire gonger at han «drap Putin» og at Westgård spraya han i andletet. Det provoserte han.

Tiltalte seier i retten at dersom han var ein morder, ville han skjult knivar og kropp etterpå.

På spørsmål frå domar Frode Hanssen om korleis helsa er, svarer tiltalte at han han har vore delvis «frisk» dei siste tjue åra.

– Har du fått psykosar nokon gong, spør domaren.

– Nei, men kanskje for 25 år sidan.

14. mai kjøpte tiltalte nokre knivar. Aktor la fram kvitteringane i retten.

Knivesker og kniver. De til høyre er innkjøpt av politiet for å sammenligne med det som ble funnet i leiligheten hos tiltalte

Tiltalte kjøpte eit knivsett dagen før drapet. Til venstre det politiet kjøpte inn, til høgre eska som vart funne hos tiltalte.

Foto: Politiet

Etter at han fann Westgård død, gjekk han ut i bakgarden der det stod nokre bilar. Tiltalte meinte dei kunne tilhøyre folk som ville drepe han. Derfor stakk han hol på dekka. Då skar han seg på hendene og noko av blodet dryppa på bakken, forklarte tiltalte.

Når det gjeld valden mot sjukepleiaren i februar 2021, kunne tiltalte ikkje hugse noko serleg av det.

Kan bli dømt til tvungent psykisk helsevern

Tiltalte fekk ikkje medhald i retten i fjor haust om å bli sett fri frå tvungent vern.

Advokaten hans argumenterte med at vilkåra for tvang ikkje var oppfylte: Tilstanden hans hadde ikkje forverra seg. Han hadde vore utanfor tvungent vern i lengre periodar frå 2003 til 2014 og frå 2015 til 2021. Nedtrappinga av medisinane hadde skjedd i samråd med fastlege. Og pasienten ville halde fram med å ta medisinane om han vart utskriven, argumentere advokaten til mannen som då var sikta for drap.

I retten måndag spurte forsvarer Kolbjørn Lium kor ofte tiltalte tok medisinen sin dei siste vekene.

Tiltalte svarte at dersom han ikkje ville ta medisinen som helsepersonell kom med morgon og kveld, så slapp han.

Aktor har varsla at det kan bli lagt ned påstand om dom på tvungent psykisk helsevern.

Då aktor las opp tiltalen, svarte tiltalte «IKKJE» på alle punkta. To sjukepleiarar forutan forsvarer sit i lag med tiltalte ved eit bord på sjukehuset.

Sjukehuset beklaga etter det førre drapet

I same gata som den tiltalte budde vart Cathrine Sand funnen drepen i ei leilegheit. Der budde ein person som allereie var dømd til tvungent vern.

Cathrine Sand (39) døde etter å ha blitt utsatt for grov vold i en leilighet på Lademoen 27. oktober 2019

Cathrine Sand vart drepen av ein mann som var dømd til tvungent vern

Foto: Privat, via Trøndelag politidistrikt

Sand var sjølv pasient på Østmarka, men rømte frå sjukehuset. Nitten dagar seinare vart ho knivdrepen av mannen som ho delvis budde hos.

Dei pårørande meinte sjukehuset ikkje hadde gjort nok for å ta vare på Sand.

– Dette drapet skulle aldri ha funne stad, sa bistandsadvokat Svein Holden under rettssaka.

Les også Ingen leita etter Cathrine då ho stakk frå tvangsinnlegging – nitten dagar seinare vart ho drepen

Cathrine Sand (39) døde etter å ha blitt utsatt for grov vold i en leilighet på Lademoen 27. oktober 2019

Statens helsetilsyn slo fast at St. Olavs ikkje gav forsvarleg helsehjelp. Klinikksjef Elin Ulleberg beklaga overfor dei pårørande.

Krevjande å føreseie valdsutøving

Pasientar med alvorleg psykisk liding har ofte eit svingande forløp. Dei kan trenge døgninnlegging og trygge rammer. Men dei kan også ha lange periodar der tilstanden er stabil. Då kan dei fungere greitt i eigen bustad med hjelp frå helsetenesta.

Klinikksjef Elin Ulleberg seier til NRK at det har vore ei politisk og fagleg ønska utvikling at pasientane skal bu hos seg sjølve når dei er vurderte til å vere i stand til det.

– Å hindre vald tek vi på største alvor. Samstundes må vi ha forståing for at det er krevjande for helsepersonell å skulle føreseie valdsutøving, seier Ulleberg til NRK.

Rettssaka i Trøndelag tingrett varer heile veka.

Blant dei som skal vitne er fagpersonar som behandla tiltalte både før og etter drapet.

Les også I denne gata har det skjedd to drap på halvannet år

Østersunds gate på Lademoen i Trondheim. Vi ser hus på rad og rekke på begge sider av veien i ulike farger, og biler som står parkert langs veien.