Familie, venner og mange frå det afghanske miljøet i Trondheim møtte fram for å ta eit siste farvel med Nilofer Naseri som forrige veke blei drepen i Melhus.
Gravferda starta hos Svanholm begravelsesbyrå på Moholt i Trondheim klokka 1100, før gravfølgjet ein halvtime seinare køyrde vidare til Kolstad gravlund.
Ifølgje Adresseavisen var det fleire familiemedlemmar som tok ordet inne i seremonirommet under den første delen av gravferda.
– Ho hadde draumar, draumar ho tek med seg i grava i dag, sa broren til den døde kvinna ifølgje avisa.
Kriseteam deltok i gravferda
Fleire tilsette i Melhus kommune deltok også i gravferda.
Kommunen oppretta kort tid etter drapet eit pårørandesenter på rådhuset i Melhus. Teamet var sett saman av psykiatriske helsearbeidarar, lege og lensmann.
Ektemannen sikta for drapet
Ektemannen til den drepne 27-åringen blei kort tid etter drapet tatt av politiet og sikta for forsetteleg drap. Mannen blei forrige veke varetektsfengsla i fire veker.
Det afghanske ekteparet har dei siste månadane hatt eit turbulent ekteskap og Nilofer Naseri ynskte å skilje seg frå mannen. Saman hadde dei ein to år gamal son.