Hopp til innhold

Sjå kva Mailen fann då ho knuste julekula ho hadde arva av farmora

Det er sjeldan ein finn slike mengder med denne arten på eit så lite område, ifølgje insektekspert.

Dette møtte Mailen då ho opna boksen med julepynt.

FRYSNINGAR: Denne gamle julekula har fungert som ei insektfelle, fortel NTNU-forskar.

Foto: Privat

Då Mailen Christin Andersen skulle pakke vekk julepynten høyrde ho at ei av julekulene sprakk. Julekula hadde ho arva frå farmora si.

Ho opna eit av papira ho nettopp hadde tulla inn dei skjøre og gamle kulene i for å beskytte arvegodset fram til neste jul.

Då oppdaga ho ein haug med døde biller blant dei knuste delane.

– Eg fekk veldig frysningar, seier ho.

Så vart ho nysgjerrig på kva det var ho hadde funne.

– Eg lurer på kva bille det er, kor den kjem frå og om slike biller er skadelege for hus og heim, seier Andersen.

NRK ringde førsteamanuensis ved NTNU og insektforskar Frode Ødegaard for å få svar.

Mailen Christin Andersen.

NYSGJERRIG: Mailen Christin Andersen frå Bergen lurer på kva art det var ho fann i julekula til farmora.

Foto: Privat

Kva slags biller er det?

Ifølgje Ødegaard er det snakk om tjuvbiller. Det er fire artar av desse som er vanleg å finne innandørs i Noreg.

Det er og nokre artar som ofte blir innført som blindpassasjerar med importerte varer. Totalt er det derfor registrert ein tolv- tretten artar av tjuvbiller i Noreg. Rundt halvparten av dei lever innandørs, fortel insektforskaren.

– Billene i Mailen si julekule ser ut til å vere av arten som heiter Australsk tjuvbille, «Ptinus tectus» på latin, seier Ødegaard.

Australsk tjuvbille er spesielt vanleg å finne i fuktige strøk langs kysten på Vestlandet, fortel Ødegaard.

– Eg finn ofte slike biller når eg er på hytta, seier han.

Korleis kom den seg inn i kula?

– Det er nok eit hol i kula som dei kome seg inn gjennom, konkluderer Ødegaard.

Det er typisk at ein finn slike biller i små tette behaldarar, i skuffer og i skap. Det kan vere organiske restar som dei kan leve av sånne stadar, fortel insektforskaren.

– Men det er sjeldan ein finn slike mengder med oppropa tjuvbiller som Mailen har gjort. Så her har dei nok hopa seg opp inne i kula i løpet av mange år, seier Ødegaard.

– Dei kan også leve av «sine eigne restar», legg han til og ler litt.

Kan dei ha brukt det som ein bustad, og gått ut for å ete innimellom?

– Nei, det er vanskeleg for dei å kome seg ut igjen. Julekula har nok fungert som ei slags insektfelle for desse billene. Dei har nok likt lukta frå kula, seier Ødegaard.

Er den skadeleg for hus og heim?

Billene er i nær slekt med borebiller, som går i veggane, men tjuvbiller går ofte på tørre matvarer og tørt organisk materiale, ifølgje insektforskaren.

– Det er veldig mange av desse tjuvbillene. Dei kan gå på tørre kornvarer og er ikkje noko ein ønskjer å ha i kjøkkenskapet, seier Ødegaard.

Mailen fortel til NRK at ho ikkje har turt å riste på dei andre kulene sine enno.

Kan det hende at det finst fleire slike biller i dei andre julekulene?

– Ja det kan godt hende, men dei er nok døde, i alle fall dei aller fleste av dei, seier Ødegaard med eit smil.

For billene er absolutt ikkje farlege, understrekar han.

– Dei fleste heimar har slike biller, seier insektforskaren.

Insektforsker Frode Ødegaard

INSEKTEKSPERTEN: Insektforskar Frode Ødegaard svarar på Mailen og NRK sine spørsmål.

Foto: Arnstein Staverlokk / NINA