Hopp til innhold

Martin trudde han fann eit slangeskinn: – Eg vart kjempefascinert

Det sjeldne larvefenomenet kan bli fleire meter langt og vere ei spektakulær oppleving.

Martin Gudem Ringdalen snubla nyleg over noko langt, slimete og rart på veg ned frå fjellet under ein hyttetur i Eresfjorden i Møre og Romsdal.

– Eg vart kjempefascinert, eg aldri har sett noko liknande før, seier han.

Langs stien ned frå fjellet sprang han rett på ein slangeliknande masse på bakken.

– Eg var heilt sikker på at det var eit hoggormskinn.

Så sparka Martin forsiktig borti det.

«Hoggormskinnet» løyste seg opp og vart til ein stim av slimete larvar. Massen som kravla bortover stien var over 40 centimeter lang, og telte hundrevis, om ikkje tusenvis av individ.

– Eg lurer på kva art det er, kor vanleg dette er, og kvifor dei oppfører seg slik, seier han til NRK.

Vi måtte ringe til fleire insektekspertar før vi fann ein som kunne svare på kva art Martin hadde snubla over.

Kva art er det?

– Det er larvar av arten «Sciara hemerobioides», svarar Øivind Gammelmo i stiftelsen Biofokus.

Han er eksperten dei andre ekspertane viser til når vi spør dei kva art det er Martin har filma.

Øivind Gammelmo har tidlegare leia arbeidet i Artsdatabankens ekspertgruppe for tovenger. Han veit med andre ord mykje om mygg, fluger og larvane deira.

– Arten høyrer til familien sørgjemygg. Frå gammalt av vart dei kalla hærmygg, som jo fint skildrar korleis larvene rører seg, seier Gammelmo.

Det finst fleire artar av sørgjemygg i Noreg, men det er berre ein av dei som kan danne slike prosesjonar, som ein kallar «hærorm»

LANG, SLIMETE OG RAR: Hærormen kan sjå ut som ein slange på lengre hald, men går du nærmare ser du at det er larvar.

Foto: Martin Gudem Ringdalen

Kor vanleg er dette?

Sjølv om det finst fleire hundre forskjellige arter av sørgjemygg i Noreg, er det berre denne arten som kan danne slike prosesjonar, som ein kallar «hærorm», fortel mygg- og flugeeksperten.

– Det er eit ganske sjeldan syn. Ein kan oppleve det om sommaren. Formasjonen kan bli fleire meter lang og vere ei spektakulært oppleving, seier Gammelmo.

Sjølv om det er sjeldan, er ikkje Martin Gudem Ringdalen den første som har møtt på slike larvar:

Kor skal dei?

Fenomenet er såpass sjeldan at det er vanskeleg å forske på det, forklarar Øivind Gammelmo.

– Kanskje er det berre ei vandring til ein stad dei kan forpuppe seg, trur han.

Slike reiser er ikkje uvanlege blant holometabole insekt, som går gjennom larvestadium og puppestadium før dei vert vaksne.

Kvifor samlar dei seg?

Smålarvar er lekkerbiskenar for mange dyr. Øivind Gammelmo trur larvane samlar seg som ein lang matrett, for å få dei som vil ete larvane til å tru at dei er for mykje å gape over.

– Kanskje er dette ein form for slange-etterlikning, der «pølsa» blir tatt for å vere ein slange og såleis unngår predasjon av den grunn, seier han.

Predasjon er når ein organisme (ein predator) et heile eller delar av ein annan organisme (eit byttedyr) som er i live inntil predatoren går til åtak, ifølgje Store norske leksikon.

Vi spurte også biolog i Norsk institutt for naturforsking, Sondre Dahle om kvifor larvane samlar seg som ei pølse.

Han trur òg dei prøver å likne på ein slange.

– Dei kan verke store og farlege for fuglane. Eg trur det er ein anti-predator-strategi, seier han entusiastisk.

Nina-biologen synest og det er kult at Martin fekk fanga fenomenet på video. Sjølv har han aldri sett ein «hærorm» i levande live før.

– Eg har berre lese om det, seier han.