Hopp til innhold

Høgspentleidning kan ha starta lyngbrann på Frøya

Lyngbrannane ved Hammarvatnet og Nesset på Frøya er sløkt.

Brannvesen slukker lyngbrann på Frøya

Like før klokka 7 var brannvesenet i gang med sløkking av lyngbrannen ved Hammarvatnet på Frøya.

Foto: Ronny Teigås

– Då me kom fram på plassen ser me at det brenn godt i terrenget rundt ein høgspentstolpe, seier innsatsleiar i Frøya brann og redning, Roy Kenneth Sundfjord.

Fyrst var det lyngbrann ved Hammarvatnet på Frøya.

Medan brannvesenet held på med å sløkke denne brannen, kom det telefon om røyk og flammar 8 km lenger nord på øya ved Nesset.

– Her var det ein liknande brann som også hadde starta rundt ein høgspentstolpe, fortel Sundfjord.

Begge brannane er no sløkte.

Lyngbrann ved Hammarvatnet på Frøya.

Litt før klokka seks tysdag morgon fekk brannvesenet melding om lyngbrannen ved Hammarvatnet. Om lag ein time seinare hadde dei kontroll på denne brannen.

Foto: Ronny Teigås

Straumnettet kan vere årsaka

Over 2000 personar var utan straum, ifølgje Tensio, men straumen skal vere tilbake.

Politiet opplyser om at det truleg er høgspentleidningane som går over begge områda som er årsak til brannane.

Sjølv opplyser Tensio at begge brannane har starta ved trafokioskar.

– Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannane, og det er svært sjeldan at straumnettet skapar brann. Men det hender.

Det seier kommunikasjonsdirektør i Tensio, Bengt Eidem.

Saman med brannvesenet skal nettselskapet finne ut kvifor det begynte å brenne.

Frykta gjentaking av 2014

Ordførar Kristin Furunes Strømskag vakna til melding om lyngbrannen ved Hammarvatnet. Dette gjorde at ho frykta gjentaking av den store lyngbrannen i 2014.

– Me blir jo ganske raskt tatt tilbake til januar 2014 då det var den verkeleg store lyngbrannen på Frøya. Men no ser det ut som dei har kontroll og at dette skal gå skikkeleg bra, fortel Strømskag.

Les også Lighter-lek kan ha ført til denne storbrannen

Brann Frøya

Også brannvesenet har storbrannen friskt i minne. Men i 2014 var det mykje meir vind og tørrare i terrenget, opplyser Sundfjord Frøya brann og redning.

– No var det sånn at då me stod opp i dag så var det heilt stille og fint på Frøya, så forholda låg godt til rette for at me skulle få til ein grei innsats på dette.

Oversikt over lyngbrannane på Frøya.