Hopp til innhold

Kvinne redda ut frå brann i bustadblokk i Trondheim

Tre personar er sendt til sjukehuset etter brann i Trondheim – skal ha inhalert røyk.

Brannvesenet i kranebil i Trondheim.

REDDA UT: Ei kvinne blei redda ut gjennom vindauge i femte etasje.

Foto: Bertil Lernæs

– Me har fått kontroll og brannen er sløkt.

Det seier vaktleiar i 110-sentralen Midt Noreg, Eivind Schjødt.

– Flammane stod ut frå vindauga, legg innsatsleiar i Trøndelag politidistrikt Håvard Lossius.

Leilegheita det brann i er totalskadd. I tillegg er to naboleilegheiter ikkje til å bu i.

Tre personar sendt til sjukehus

– Fleire har inhalert røyk.

Det seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Kirsten Bergstrøm.

To personar er sendt til sjukehus etter å ha inhalert røyk.

– Resterande som har blitt utsett for røyk har blitt sjekka av lege og ambulanse på staden, legg innsatsleiaren til.

I etterkant av brannen kollapsa ein person på gata utanfor blokka. Vedkommande blei sendt med ambulanse til St. Olavs hospital.

I tillegg blei ei kvinne berga ut frå vindauget frå naboleilegheita til der det brann.

Brannvesenet i gata i Trondheim

Brannvesenet på staden kom fort i gang med å sløkke brannen.

Foto: Bertil Lernæs

Etasjen er ikkje til å bu i

– Femte etasje er ikkje til å bu i, seier operasjonsleiaren.

Naudetatane rykka ut til brann i toppetasjen på eit stort bustadbygg i Elgeseter gate i Trondheim søndag kveld.

– Me fekk melding klokka 18.30 om at det brann i toppetasjen i eit bustadkompleks.

Då brannvesenet kom til staden brann det kraftig frå ein leilegheit i femte etasje.

– Brannvesenet jobbar med å få fullstendig kontroll på den etasjen det har brunne i. Det er fem leilegheiter i den etasjen.

Bebuarane i resten av blokka fekk kome inn igjen søndag kveld.

Årsak til brannen er ikkje kjent.

Les også Kontroll på brann i leilighet i Trondheim

Brann