Hopp til innhold

Lokalsjukehusa kan få hjelp av rik onkel

Sjukehusa i Nord-Trøndelag har behov for store investeringar i både bygg og medisinsk utsyr. No ønskjer ein dei rikaste investorane i fylket, Jarle Rasmussen, å hjelpe til.

Lokalsykehuset i Namsos

Lokalsykehusene i Namsos og Levanger kan få hjelp av ein rik onkel.

Foto: Kjartan Trana

Jarle Rasmussen

Investor Jarle Rasmussen står klar til å hjelpe sjukehuset i Namsos.

Foto: Kjartan Trana

Han vil bruke pengar både på fornying og oppgradering av eigedommar og utstyr. Lokalsjukehusa er viktig for distrikta, seier Rasmussen.

– Namsos er i utgangspunktet ein handelsby. Byen er den tredje eller fjerde største i Noreg, og utan sjukehuset hadde me vore mykje lenger nede på lista. Namsos har også 40 000 kvadratmeter med areal og utan eit sjukehus vil verdien av dette gå ned, seier han.

Framtidsplanar

Arne Flaat

Sjukehusdirektør Arne Flaat vil gjerne ha hjelp frå private investorar.

Foto: Kjartan Trana

Både i Levanger og Namsos er det planar om nye sjukehusbygg med helikopterlandingsplass og akuttfunksjonar som er samla på ein plass. Sjukehusdirektør Arne Flaat vil gjerne ha hjelp.

– Me har jo tenkt at det kanskje kan vere lokale investorar som har interesse av å vere med å gi lokalsjukehusa eit løft. Det er ikkje først og fremst det bygningsmessige me treng hjelp til, men det er ein del medisinskteknisk utstyr me har behov for som kostar ein del.

Han viser til at dei store universitetssjukehusa får hjelp og kapital frå investorar.

– Det burde det også leggast til rette for ved lokalsjukehusa, seier Flaat.

Rik onkel

Investor Jarle Rasmussen seier at han står klar til å investere i nye bygg også, dersom dei skulle ha behov for det.

- Dei er dei beste debitorane me kan ha. Me står klare til å vere med på alle planar i offentleg sektor, avsluttar han.