I alt set Regjeringa av 12 millionar kroner til sikring mot leirras i det Reviderte Nasjonalbudsjett. Av desse får altså Skaun fire millionar.
Midlane skal fordelast av Norges Vassdrag og Energidirektorat (NVE), og brukast for å sleppe mellomlagring av tunnelmasse i samband med bygginga av nyvegen gjennom kommunen. Dette kjem etter eit sterkt ønskje frå kommunane.
I følgje budsjettet er pengane overførbare til seinare år slik at dei kan nyttast til dømes neste år dersom dei ikkje vert brukt i år.