Hopp til innhold

Sluttar etter ny kritikk frå Helsetilsynet: Gav uforsvarleg behandling til gravide

Legen i Trøndelag manglar fagleg innsikt og evne til å følgje regelverket, meiner Statens helsetilsyn.

Thyroid

GRAVIDE: To kvinner med for lågt stoffskifte brukte ikkje godkjend medisin etter råd frå legen (illustrasjonsfoto).

Foto: Rita Kleven/NRK

I mange år har legen vore i søkelyset for uforsvarleg behandling av pasientar.

I fjor fekk han ei åtvaring frå Statens helsetilsyn. Pasientar hadde fått diagnoser det viste seg dei ikkje hadde. Han skreiv óg ut store mengder vanedannande tablettar og tilrådde ein kreftpasient å ete aprikoskjernar og gurkemeie. Etter ei ny tilsynssak har helsetilsynet bestemt at han ikkje får verke som lege utan oppsyn og kontroll.

– Vi kom til at ei åtvaring denne gongen ikkje var nok. Vi hadde grunn til å tru at han kunne vere ueigna til å utøve yrket forsvarleg. Derfor vedtok vi å avgrense autorisasjonen, seier avdelingsdirektør Anne Myhr til NRK.

Skjermdump fra lege

AVGRENSA AUTORISASJON: Helsestilsynet bestemte i vinter å avgrense autorisasjonen hans.

Pasientane betaler legemidla sjølve

Han var privatpraktiserande ålmenlege, men tilbyr også alternativ behandling på klinikken han driv saman med kona. Ho er ikkje legeutdanna. Klinikken har ikkje avtale med det offentlege. Det betyr at pasientane sjølve må betale for behandlinga og legemidla.

To gravide med lågt stoffskifte gjekk over til andre legemiddel etter å ha vore hos legen i Trøndelag. Verken Thyroid eller Nature-Throid er godkjende fordi det ikkje er forska nok på biverknadene. Risikoen for overdosering er også større enn ved det mest brukte, Levaxin, påpeikar helsetilsynet. I det eine tilfellet døydde barnet. Kvinna fekk også hydrokortisontablettar som ved langvarig bruk kan skade fosterutviklinga.

Den andre gravide vart innlagt i 2018 på fødeavdelinga som øyeblikkeleg hjelp. Legane vurderte at det var fare for både mor og barn. Kvinner med for lågt stoffskifte treng meir av medisinen når dei blir gravide .I motsett fall kan det bli svangerskapskomplikasjonar og fosteret kan utvikle seg for seint. Dosen i dette tilfellet vart ikkje auka då kvinna vart gravid.

Helsestilsynet slår fast at dei gravide ikkje fekk forsvarleg helsehjelp slik det står i paragraf 4 i helsepersonellova . Legen tok for få blodprøver og hadde mesteparten av kontakten med kvinnene på telefon og epost. Legen manglar også kunnskap om biverknader av dei alternative preparata, meiner helsetilsynet.

Levaxin

MEST VANLEG: Levaxin er det mest vanlege legemiddelet som blir gjeve til pasientar med stoffskiftesjukdom.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Homeopati mot gallestein – bipolar på unødig diett

Då den eine kvinna var plaga med gallesteinsanfall, forordna legen tre ulike homeopatiske legemiddel.

Rett behandling er smertelindring og medisinar som hjelper mot kvalme. Ved feber eller smerter utover eit døgn skal pasienten innleggast på sjukehus, påpeikar helsetilsynet.

Ein bipolar pasient var innlagd på psykiatrisk døgnklinikk. Samstundes oppsøkte han den privatpraktiserande legen på grunn av problem med fordøyinga. Basert på få prøver slo legen fast at pasienten hadde matvareintoleranse og tilrådde lågkarbodiett, mindre glutenmat og produkt utan mjølk.

Matvareintoleranse kan ikkje påvisast ved analyse av urin eller blod aleine.

Helsetilsynet viser til at mat og drikke betyr mykje for livskvaliteten. Den omfattande omlegginga av kosthaldet var unødig, ikkje vitskapleg basert og i strid med forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp. Legen burde i staden vurdert om den psykiske lidinga kunne vere årsaka til problema med fordøyinga og derfor kontakta spesialist, skriv helsetilsynet.

Legen har i denne saka vedgått at det var feil å gi pasienten helsehjelp mens vedkomande var innlagd på psykiatrisk klinikk.

Nature-Throid

IKKJE GODKJEND: Nature-Throid er ikkje eit godkjend legemiddel, til liks med Thyroid. Men legar kan skrive det ut på såkalla registeringsfritak.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Uforsvarleg samanblanding av roller

Som i den førre tilsynssaka fekk pasientar råd om ei rekke kosttilskot, mineraler, homeopatiske middel og diettar. Legen har ikkje informert om at produkta manglar vitskapleg dokumentasjon på at dei verkar.

I brevet til legen skriv helsetilsynet:

«Du viser ingen forståelse for at dine diagnostiske metoder, dine behandlingsvalg, din oppfølging av pasienter og din manglende samhandling med annet helsepersonell er i strid med gjeldende regelverk».

«... du blander sammen dine roller som lege og alternativ behandler på en uforsvarleg måte».

Helsestilsynet bestemte i vinter å avgrense autorisasjonen hans.

For å halde fram som lege måtte han ha betalt ein medisinsk rettleier som skulle kontrollere han og rapportere til helsetilsynet.

– Ingen kommentar

No har han i staden bestemt seg for å slutte som lege, men halde fram med å tilby alternative behandlingsformer. På heimesida til klinikken står det:

«I mars 2019 sluttet (namn på klinikken. red.anm) å fungere som et legekontor.»

Mannen var kommunelege før han opna klinikken for snart tjue år sidan. Han har tidlegare fått reprimande frå Rådet for legeetikk. Det er den sterkaste reaksjonen etter å misse legelisensen.

I dei etiske reglane paragraf 9 står det:

«Legen må ikke gjøre bruk av eller anbefale metoder som savner grunnlag i vitenskapelige undersøkelser eller tilstrekkelig medisinsk erfaring. En lege må ikke la seg presse til å bruke medisinske metoder legen finner faglig ukorrekte.»

Det er svært sjeldan legar får avgrensa autorisasjonen sin. Så langt i år har det vore to tilfelle, i fjor eitt, viser tal frå helsetilsynet.

Legen stadfester overfor NRK Trøndelag at han har slutta som lege.

– Kva betyr det for drifta av klinikken ?

– Ingen kommentar. Eg har ikkje tid. Eg har pasientar som ventar, avsluttar legen.

Kona hans har kontakta NRK og kritiserer media for å skrive om denne saka.Ho viser til at mannen har mange nøgde pasientar. NRK har tilbydd henne å uttale seg på vegner av mannen, men det har ho avslått.