Helsetilsynet gir åtvaring: Lege behandla kreftpasient med gurkemeie og aprikoskjernar

Ein lege i Trøndelag har i mange år behandla pasientar for diagnosar dei ikkje har fått påvist. Han har skrive ut store mengder vanedannande tablettar og tilrådd kreftpasient å ete aprikoskjernar og gurkemeie.

Helsetilsynet gir åtvaring: Lege behandla kreftpasient med gurkemeie og aprikoskjernar

UDOKUMENTERTE DIAGNOSAR: Ein lege i Trøndelag har fått ei åtvaring frå Statens helsetilsyn for årelang behandling av åtte pasientar med delvis udokumenterte diagnosar.

Foto: Even Langmo / NRK

Legen fekk i vinter ei åtvaring frå Statens helsetilsyn etter å ha brote fleire paragrafar i Lov om helsepersonell. I tillegg behandlar helsetilsynet no to andre saker mot legen.

I 2016 fekk fylkesmannen ei bekymringsmelding frå ein fastlege i Trondheim. Han hadde oppdaga at ein av pasientane hans også fekk store mengder vanedannande medisinar av den privatpraktiserande legen.

Etter kvart omfatta tilsynssaka åtte pasientar, fleire av desse hadde legen behandla sidan 2003. Statens helsetilsyn slår fast at legen har behandla sju av dei åtte pasientane fagleg uforsvarleg.

Grove avvik frå omsorgsfull hjelp

Dei fleste hadde fastlege, men oppsøkte i tillegg den privatpraktiserande legen, som fekk autorisasjon i Noreg i 1998. Han driv ein klinikk i Trøndelag saman med ein homeopat.

Statens helsetilsyn kritiserer legen for fleire til dels «grove avvik» og brot på lova om å gje forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp:

  • Diagnosar utan dokumentasjon på at pasienten hadde sjukdomen
  • Mangelfull journal over kva medisinar pasientane har fått
  • Utskriving av medisinar som ikkje er godkjende i Noreg
  • Misvisande og feil behandlingsråd
  • Bruk av prøvelaboratorium i utlandet som ikkje er godkjende i Noreg
  • Reseptar på vanedannande eller smertestillande tablettar utan å kontakte fastlegane eller sjekke kva legemiddel pasientane hadde fått andre stader
  • Førte journalen på engelsk på sin eigen PC
  • Tilrådde alle pasientane homeopatiske middel, helsekostprodukt og diettar utan å grunngje i journalen kvifor
Sovemiddel, angstdempande og smertestillande tablettar

GROVT AVVIK: Dei åtte pasientane til saman har fått utskrive minst 10.000 smertestillande, vanedannande og roande tablettar av denne typen. Å kombinere ulike vanedannande legemiddel til personar med angst og depresjon, er eit grovt avvik, meiner Helsetilsynet.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

«Mistanke om forstyrringar i kroppen»

Behandlinga av dei åtte pasientane er ettergått av Helsetilsynet, basert på reseptar og journalar hos legen. Også blodprøveresultat er kontrollert. Dei viser at mange av pasientane ikkje hadde den sjukdomen legen påstod.

Ein pasient var kvalm, nomen i andletet, stiv i musklane og hadde vondt i ryggen.

Legen meinte det viktigaste var å få fjerna amalgamfyllingane i tennene. I tillegg var rådet sukkerfri diett, kosttilskot, C-vitamin og homeopatiske medisinar. Det galdt også pasientar som legen meinte hadde senebetennelse, «kronisk» soppinfeksjon, urinvegsinfeksjon eller lågt stoffskifte. Men slike plager skal ikkje behandlast med kosttilskot eller C-vitaminkurer, fastslår Helsetilsynet.

Om ein pasient skreiv legen i journalen: «Mistanke om forstyrringar i kroppen». Dette er inga diagnose, påpeikar tilsynet, som også reagerer sterkt på at pasienten fekk utskrive legemiddel brukt i behandling av alkoholabstinens.

Tre av dei åtte pasientane vart behandla for stoffskiftesjukdom utan at det var dokumentert at dei hadde det. Utgiftene pasientane hadde til medisinane legen fororda, var derfor unødvendige, konkluderer Helsetilsynet.

Behandlinga medførte at alle åtte kjøpte kosttilskot og homeopatiske legemiddel på nettet. Blodprøvene som legen sende til utanlandske laboratorium måtte pasientane betale for sjølve. Helsestilsynet meiner legen påførte sårbare pasientar unødvendige utgifter utan at det er påvist at helsa deira vart betre.

Kreftpasient på aprikoskjernar og gurkemeie

Legen hadde også ein kreftpasient som ikkje nytta seg av det offentlege helsevesenet. Ein anonym kontakta fylkesmannen i Trøndelag i 2016 og fortalde om behandling med aprikoskjernar, gurkemeie, C-vitamin, «feberterapi» og alternative legemiddel.

Nokre var importert ulovleg frå Sverige og Sveits. Pasienten hadde også vore på fleire kostbare kuropphald, via legen.

Ein annan, som ikkje hadde kreft, fekk skriv frå legen med overskrifta «Kosttilskudd som anbefales pasienter med kreft». Slikt kan føre til at pasienten blir unødig uroa, meiner Helsetilsynet.

Dei kritiserer legen for å ikkje ha fortalt pasientane om manglande vitskapleg dokumentasjon av dei alternative preparata.

Legen driv også vanleg konvensjonell praksis basert på skulemedisin. Då er det ekstra viktig å informere pasientane om kva som er basert på fagkunnskap og kva som er alternativ behandling, meiner Helsetilsynet.

Legen får også kritikk for å ha nytta testar som ikkje er gode nok til å fastslå om ein person reagerer negativt på mjølk eller andre matvarer. Han meinte også at ein pasient med «kronisk» soppinfeksjon truleg hadde fått skade av poliovaksine sjølv om laboratorieresultata ikkje viste det. Dette er eigna til å spreie urett informasjon om eit viktig vaksinasjonstiltak, skriv tilsynet.

Apotek

UFORSVARLEG: Legen skrev ut reseptar på vanedannande eller smertestillande tablettar utan å kontakte fastlegane eller sjekke kva legemiddel pasientane hadde fått andre stader. Helsetilsynet skriv at legen har handla aktlaust og uforsvarleg. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Stein Roar Leite / NRK

«Planlaus» utskriving av 10.000 tablettar

Fleire av dei åtte pasientane hadde også psykiske problem og gjekk til psykolog. Samstundes fekk dei reseptar på store mengder sovemiddel, angstdempande og smertestillande tablettar. Å kombinere ulike vanedannande legemiddel til personar med angst og depresjon, er eit grovt avvik, meiner Helsetilsynet.

Dei kallar utskrivinga «pasientstyrt og planlaus», og skriv at legen har handla aktlaust og uforsvarleg.

Ei oppteljing NRK har gjort, basert på brevet frå Helsetilsynet til legen, viser at dei åtte pasientane til saman har fått utskrive minst 10.000 smertestillande, vanedannande og roande tablettar.

Legen har overfor Helsetilsynet tatt sjølvkritikk på at han i det eine tilfellet har late seg lure i mange år av ein pasient til å skrive ut store mengder tablettar, i tillegg til dei pasienten fekk frå fastlegen sin.

Ein pasient som legen behandla i tolv år, fekk jamleg eit svært sterkt smertestillande legemiddel som i stor grad påverkar reaksjonsevna til dømes under bilkøyring. Legen kontakta ikkje fastlegen til pasienten for å forsikre seg mot misbruk. Det står heller ingenting i journalen om vedkomande har førarkort og køyrer bil.

Uforståelege forkortingar i journalane

Legen skreiv stort sett journalen på engelsk, noko som ikkje er tillate i Noreg, utan særskild løyve frå Helsetilsynet. Bruken av forkortingar gjer det også vanskeleg for Statens helsestilsyn:

«I mange av journalnotatene er det tall og bokstaver som Statens helsetilsyn ikke forstår. I tillegg inneholder journalnotatene forkortelser som fremstår som ukjente», skriv tilsynet i brevet til legen.

Døme er TFT, CEASE, Nux-v, detox Varicella, MSM og NDS 850. Journalen mangla til dels opplysningar om reseptutskriving på vanedannande legemiddel. Dataprogrammet legen nytta, innebar at journalen kunne endrast utan spor.

Legen har forklart at journalen fungerte som hjelpenotat for han sjølv og at han ikkje visste at den skulle førast på norsk.

Helsetilsynet viser til at pasientjournalar skal kunne lesast av anna helsepersonell, til dømes når ein pasient skifter lege, for å sikre forsvarleg behandling. Legen har derfor brote fleire paragrafar i helsepersonellova også om journalføring.

To nye tilsynssaker

Helsetilsynet meiner handlingane til den aktuelle legen har vore aktlause og uforsvarlege, at lovbrota gjekk føre seg over lang tid og galdt fleire sårbare pasientar.

I 2003 vart legen klaga inn til helsetilsynet etter å ha gitt tetraeddiksyre intravenøst – såkalla EDTA-behandling – mot plakk og åreforkalking.

Produktet er ikkje godkjend i Noreg fordi det ikkje er påvist at det verkar. Tilsynet konkluderte då med at vilkåra for å gje ei åtvaring ikkje var til stades. Men no har altså legen fått ei åtvaring for årelang behandling av åtte pasientar med delvis udokumenterte diagnosar.

Ifølgje paragraf 56 i helsepersonellova kan åtvaring gjevast når helsepersonell med vilje eller aktlaust set pasientar i fare eller svekkjer tilliten til helsetenesta. Før avgjerda vart tatt i vinter, kom det inn nye varslingar frå helsepersonell mot legen i Trøndelag.

Begge dreier seg om gravide som fekk alternativ behandling for hormonforstyrringar og lågt stoffskifte.

Om kva som generelt skal til for at ein lege misser autorisasjonen, skriv Vigdis Malt Marøy, fagsjef i Statens helsetilsyn til NRK:

«Tilbakekalling av autorisasjonen, som er den strengeste reaksjonen vi kan gi, er forbeholdt de alvorligste sakene. Ved saker som gjelder faglig svikt hos eksempelvis en lege er tilbakekall aktuelt der det foreligger alvorlege og gjerne gjentatte brudd på helselovgivningen, og der helsepersonellet i sin yrkesutøvelse har vist gjennomgående faglig svikt og/eller grov mangel på faglig innsikt.»

«Et helsepersonell som til tross for at det er gitt advarsel ikke innretter seg etter lovbestemte krav kan på senere tidspunkt miste sin autorisasjon.»

Legen meiner pasientane kjem frivillig

Legen i Trøndelag har forklart til helsetilsynet at pasientane kjem til han frivillig. Dei er innforstått med at han kan tilby behandling som skil seg ut frå det som skjer på eit tradisjonelt legekontor, meiner han.

Rådet for legeetikk gav han ein reprimande for nokre år sidan for å ikkje vere tydeleg nok på om behandlinga var basert på vitskapleg kunnskap.

NRK har snakka med legen for å gi han høve til å utdjupe kva han syns om kritikken frå Statens helsetilsyn, men han avstår.