Hopp til innhold

Tiltalt for drapsforsøk – verken fornærma eller tiltalt hugsar noko

Fleire augevitne såg tiltalte køyre på ein 23 år gamal mann utanfor nattklubben på Brekstad i fjor haust.

SKADER ETTER PÅKØYRINGA: Den fornærma mannen vart slengt opp på frontruta. Deretter trefte han asfalten med hovudet først.

SKADER ETTER PÅKØYRINGA: Den fornærma mannen vart slengt opp på frontruta. Deretter trefte han asfalten med hovudet først.

Foto: Politiet

Tiltalte (40) nekta straffskuld for drapsforsøk, aktlaus køyring og promillekøyring i Trøndelag tingrett tysdag.

Slengt opp på frontruta og deretter ned på bakken

Påkøyringa skjedde på parkeringsplassen ved Sjøsiden nattklubb på Brekstad 20. september i fjor. Nattklubben var nett stengd og mange folk var samla utanfor klokka halv eitt.

ÅSTADEN: Påkøyringa skjedde mellom lokalet til Sjøsiden nattklubb og forretningsbygget til høgre.

Påkøyringa skjedde mellom lokalet til Sjøsiden nattklubb og forretningsbygget til høgre.

Foto: Politiet

I retten fortalde fleire vitne at dei såg tiltalte sette seg i bilen, rygge og deretter akselerere mot ei gruppe med fire-fem personar. Nokre av personane hoppa unna.

– Det her går ikkje bra, tenkte eg, sa eit av vitna som visste kven føraren var.

– Eit bestemt forsøk på å skade nokon, sa eit anna augevitne. Han var på staden som militærpolitivakt frå Ørland flystasjon. Han visste ikkje kven som køyrde, men såg bilen treffe beina til fornærma.

Han vart slengt opp på frontruta og roterte nesten heilt rundt i lufta. Så landa han på bakken og slo hovudet i asfalten.

Då politiet kom, låg fornærma på bakken. Han blødde kraftig frå hovudet. Vitne gav namnet på tiltalte, og sa han hadde køyrd frå staden med ein gong.

Han vart pågripen ein time seinare. Promilleprøva viste 1,92.

Bilen hans vart funnen bak garasjen hans og då var registreringsskilta fjerna.

Hugsa ein person som kanskje stod og «kjefta» på andre

Den fornærma var ute i lag med arbeidskollegaer på Brekstad den aktuelle kvelden i fjor. Etter middag gjekk nokre av dei vidare og enda på nattklubben Sjøsiden. Der var dei til den stengde ved midnatt.

I retten sa han at han var rusa, men ikkje slik at han hadde problem med å orientere seg.

I politiavhøyr same dagen sa fornærma at han la merke til ein person som stod og kanskje «kjefta på» nokre andre utanfor.

Til politiet beskreiv han også vedkomande. I retten vart han vist eit bilete av tiltalte då han vart pågripen.

– Er dette mannen, spør aktor, statsadvokat Kaia Strandjord.

Fornærma svarer at han ikkje kan hugse det i dag.

Det neste fornærma minnest er at han ligg på bakken og at det er mykje helsepersonell rundt han. Han trur også at han høyrde eit helikopter.

Han vart frakta til St. Olavs hospital i Trondheim med ambulansehelikopter.

– Eg kunne ha døydd

På sjukehuset vart han behandla for mellom anna fleire skader i auge og øyre.

Han vart utskriven etter to dagar og sjukmeld. Månaden etter oppdaga han store smerter i knea og kontakta sjukehuset på nytt. Då fann dei omfattande skader i begge knea med fleire avrevne leddband.

– Sjukehuset oppdaga truleg ikkje dette fordi pasienten var så bedøvd av smertestillande at han ikkje merka skadane sjølv. Det sa bistandsadvokat Håkon Knudsen i retten.

Fornærma er framleis halvt sjukmeld og har problem med å fungere skikkeleg i jobben som handverkar. Men han er glad for at skadane ikkje vart meir alvorlege med tanke på det som skjedde:

– Eg kunne ha døydd, seier 23-åringen og viser til samanstøyten med bilen og deretter fallet i asfalten.

Torfinn Svanem

FORSVARER. Torfinn Svanem forsvarer tiltalte som seier han ikkje hugsar noko frå hendinga eller dagane før.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Har vorte sjikanert og drapstruga på bygda.

I retten sa tiltalte at han hugsar lite eller ingenting frå heile veka, også før påkøyringa.

Han nekta for at han ønska om å drepe nokon.

– Eg har vorte sjikanert og drapstruga på bygda etter det eg skal ha gjort. Det er ei sorg, ei skam, seier tiltalte.

Frå åstaden på Brekstad til dit tiltalte bur er det ei halv mil. Tiltalte kunne ikkje forklare kvifor politiet fann bilen hans bak garasjen då han vart pågripen.

På plenen var det ferske hjulspor som leia politiet til bilen.

FUNNEN BAK GARASJEN: Tiltalte sin bil vart funne bak garasjen hans. Skilta var då fjerna.

FUNNEN BAK GARASJEN: Tiltalte sin bil vart funnen bak garasjen og skilta var då fjerna.

Foto: Politiet

Tiltalte er uføretrygda og fortalde om store, personlege belastningar i privatlivet.

Han har diabetes, brukar insulinpenn og går med målar på kroppen for å passe på blodsukkernivået.

Då han vart pågripen var nivået over det dobbelte av det som er normalt.

Sakkunnige skal vitne om det kan ha påverka tiltalte slik at han ikkje var ved fullt medvit då han køyrde på mannen.

Alkohol påverkar blodsukkeret. Høge verdiar kan gje tåkesyn.

Tiltalte sa at han tok avstand frå alkohol fordi han visste det kunne vere «døden» om ein ikkje passa på. Han hadde ikkje noko svar på kvifor han drakk den kvelden.

Eit vitne meiner han såg at tiltalte og fornærma så vidt var i snakk ei stund før hendinga. Fornærma skal ha avslutta med å be tiltalte «ha seg heim».

Det er sett av tre dagar til saka i Trøndelag tingrett sine lokale på Brekstad.