Hopp til innhold

Køyrde frå idrettspresidenten

Bussen køyrde frå idrettspresident Karl-Arne Johannessen då OL-synfaringa var over på Oppdal.

Karl Arne Johannessen
Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Idrettsforbundet og den olympiske komité (NIF) var onsdag på Hovden skisenter i Oppdal og kikka på bakkane og løysingane styret i OL 2018 ser for seg om Trondheim blir arrangør av dei olympiske leikane.

Halvtimes gåtur til utforløypene

Arrangørane hadde lagt opp eit tett program, og for å halde tida køyrde bussen med ein gong dei var ferdige i alpinbakkane på Hovden. 

Det dei ikkje hadde fått med seg var at idrettspresident Karl-Arne Johannessen stod og snakka med pressen, då bussen køyrde. Fleire av journalistane spurte om ikkje Johannessen skulle sitte på til Trondheim.

- Jo, men den køyrer sikkert for å snu, var svaret frå Johannesen.

Men den gong ei, bussen kom ikkje tilbake, og idrettspresidenten måtte ta beina fatt.

- Dei sa det tok ein halvtime å gå til den utforløypene, så eg får sjekke ut det, lo Johannessen.  

Sjå reaksjonen: Idrettspresidenten blir fråkøyrd på Oppdal

Likevel imponert over Trondheim

Trass at han blei ståande igjen i vegkanten, idrettspresidenten var godt nøgd med arbeidet arrangørane til Trondheim 2018 har gjort.

- Eg er veldig imponert over planlegginga og detaljane Trondheim har fått på plass på så kort tid, seier idrettspresident Karl-Arne Johannessen til NRK Trøndelag. 

Han har tidlegare besøkt Tromsø og sett på deira planar. Om eit par veker skal ha på synfaring i Oslo.

- Det er veldig viktig å kunne gå ut og lukte på naturen. Både Tromsø og Trondheim har vore heldige med veret då eg var på besøk, seier Johannnessen.

Vidare til Lerkendal

Delegasjonen skal også besøke Lerkendal stadion, der det er planlagt at opning- og avslutningssermoniane skal haldast.

Med på synfaringa var ordførar i Trondheim Rita Ottervik og fylkesordførar i Sør-Trøndelag Tore O. Sandvik.

Først i mars blir det kjent om Trondheim, Tromsø eller Oslo blir Noregs OL-søkar i 2018.

 

Norges Idrettsforbund på synfaring Oppdal.
Foto: Rune Kjær Valberg / NRK