Hopp til innhold

Pubeigar Roar jublar – kan endeleg opne kranene igjen

Politikarane i Trondheim har i dag oppheva den lokale koronaforskrifta og dermed fjerna eteplikta. – Det betyr alt for oss, seier ein lukkeleg pubeigar.

Roar Waage, dagleg leiar Mellomveien pub, Trondheim

GLAD: Roar Waage ved Mellomveien pub på Lademoen i Trondheim jublar for at gjestene kan samlast og nyte fotball-EM utan eteplikt, etter at Trondheim oppheva den lokale koronaforskrifta.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

I går føreslo kommunedirektør Morten Wolden å vrake dei lokale smitteverntiltaka i Trondheim, og heller følge dei nasjonale reglane.

Formannskapet vedtok i dag å oppheve den lokale koronaforskrifta.

Skjenkestoppen frå kl. 22 og eteplikta ved alkoholservering i Trondheim er altså historie.

Byen følgjer no dei nasjonale reglane, men kommunen vil framleis ha eigne, sterke anbefalingar når det gjeld smittevern.

Kan endeleg vise fotball-EM på puben

På Mellomveien fotballpub i Trondheim jublar dagleg leiar Roar Waage for vedtaket.

Han har halde stengt då det var eteplikt til alkoholserveringa, sidan puben ikkje har kjøkken.

– Det betyr alt for oss at vi kan opne igjen, og at folk no kan sjå fotballkamp utan å kjøpe middag, seier pubeigaren.

Han håpar på fullt hus og god stemning når Tsjekkia møter England under fotball-EM i kveld. Sjølv held han med England.

– No er vi klar for ein god sommar framover. Det er mange av gjestene som har sakna oss. Det er litt avgrensa kor mange vi kan sleppe inn, men det ser lovande ut no, seier han.

Kor glad er du no?

– På ein skala frå 1-10 er eg ein god tiar!

– Pandemien er ikkje over

Måndag fekk fire nye personar påvist koronavirus i Trondheim. I løpet av helga var det åtte nye smitta.

Smittetalet i Trondheim har blitt halvert den siste tida. I førre veke var talet på nye smitta 34, mot 60 smitta veka før.

Det er dei låge smittetala, og færre smitta med ukjent smittekjelde, som ligg bak kommunen si vurdering om å no følge dei nasjonale føringane.

– Dette er ein gledens dag. At vi ikkje treng ei lokal koronaforskrift i Trondheim lenger er ein milepæl. Eg håpar vi no har hatt eigne, strenge koronareglar i Trondheim for siste gong, sa Julie Indstad Hole (Ap) under tysdagens formannskapsmøte i kommunen.

Sjølv om den lokale forskrifta er oppheva, legg Wolden vekt på at det ikkje er fritt fram.

– Pandemien er på ingen måte over. No lyser varsellampene raudt fleire stader i Europa.

England har utsett opninga av landet med fire veker.

Kommunedirektøren meiner Trondheim no i stor grad har kontroll på koronasmitten.

Morten Wolden, kommunedirektør, Trondheim

– PANDEMIEN ER IKKJE OVER: – Det kan bli behov for nye restriksjonar i løpet av sommaren, dersom smitten blussar opp att, fastslår kommunedirektør Morten Wolden i Trondheim.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Smittetrykket i Trondheim er redusert veldig dei to siste vekene, sa han måndag.

Men det er for tidleg å senke skuldrene.

– Det kan bli behov for nye restriksjonar i løpet av sommaren, dersom smitten blussar opp att, fastslo Wolden under formannskapsmøtet.

– Betyr mykje å få komme tilbake på jobb

Trondheim har ikkje følgt den nasjonale planen for opning av landet igjen. Frå midten av mai og utover juni har Trondheim hatt strengare tiltak enn det har vore nasjonalt.

Før dagens formannskapsmøte hadde næringspolitisk leiar Børge Beisvåg i Næringsforeningen i Trondheimsregionen høge forventningar.

Og lokalpolitikarane innfridde.

– Folk er veldig modne for at vi kan få lov til å gjere litt meir i Trondheim. Eg trur befolkninga tek imot dette med glede.

Børge Beisvåg

SPÅR LYSARE TIDER: – Eg trur befolkninga tek imot dette med glede, seier Børge Beisvåg, næringspolitisk leiar i Næringsforeningen i Trondheimsregionen.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Beisvåg er glad for at fleire no kan komme tilbake på jobb. Både i hotell, utelivs- og serveringsbransjen, og ikkje minst innanfor kulturlivet.

– Det betyr mykje at ein faktisk får lov til å komme tilbake på jobb. Det har vore veldig tøft for mange i bransjen, vedgår han.

Beisvåg gledar seg over meir normale tilstandar i Trondheim også, og håpar folk vågar å ta byen i bruk.

– Ein sårbar fase

Kommuneoverlege Tove Røsstad uttrykte måndag bekymring for mykje smittespreiing når folk skal på sommarferie.

Tove Røsstad

SÅRBAR FASE: Kommuneoverlege Tove Røsstad påpeikar at Trondheim kommune er i ein sårbar fase så lenge store grupper framleis ikkje er vaksinerte.

Foto: Morten Andersen / NRK

– At vi opnar opp no, betyr ikkje nødvendigvis at vi har ei lett tid framfor oss. Vi er i ein sårbar fase framleis. Det er mange som har mykje sosial kontakt, som ikkje er vaksinerte, påpeikar ho.

Ho siktar spesielt til aldersgruppa 25-39 år, som står sist i vaksinekøen.

Trondheim skal også ta imot 1800 internasjonale studentar i løpet av sommaren.

Kommuneoverlegen utelukkar ikkje at det kan bli nedstenging dersom smitten blomstrar opp igjen.

– Dersom smitten kjem heilt ut av kontroll, vil det vere ein aktuell strategi, seier ho.