Hopp til innhold

Meiner koronautbrot i Trondheim er under kontroll – vil oppheve lokale reglar

Kommunedirektør Morten Wolden føreslår å oppheve dei strenge smitteverntiltaka i byen, og følge dei nasjonale reglane i staden for.

Lykkens portal i Trondheim.

SMITTEN MINKAR: I Trondheim går smitten ned. Dei strenge koronatiltaka i kommunen vert no føreslått oppheva.

Foto: Marianne Løvland

I løpet av helga vart det registrert åtte nye smittetilfelle i Trondheim. Nesten 1500 testa seg.

Dei fleste store utbrota og smitteklyngene frå mai og første del av juni ser ut til å gå mot ei avslutning.

I slutten av mai måtte kommunen stenge ned store delar av byen for å få kontroll.

– Vi var uheldige og fekk fleire store utbrot samstundes. Og det var heilt nødvendig å sette i verk strenge tiltak. Men no ser vi at vi i stor grad har kontroll, seier kommunedirektør Morten Wolden til NRK.

Smittetala i Trondheim har no blitt halvert. I førre veke var talet på nye smitta 34, mot 60 smitta veka før.

Vil erstatte påbod med anbefalingar

I innstillinga si før morgondagens formannskapsmøte, ber kommunedirektøren politikarane om å skrote den lokale forskrifta, og gå over på nasjonal forskrift.

Han presiserer at dette er eit forslag.

Frå midten av mai og utover juni har Trondheim hatt strengare tiltak enn nasjonalt. Det er desse kommunedirektøren no føreslår å fjerne.

Torsdag 10. juni letta Trondheim kommune litt på dei strenge tiltaka i byen. Då valde dei å opne for skjenking og trening att.

Uroleg for nye smitteutbrot i byen

Trondheim har ikkje følgt den nasjonale planen for opning av landet igjen. Fredag la statsminister Erna Solberg fram dei nye endringane.

– Vi er i rute. Det er på tide å få fart på Norge, sa statsministeren då.

No blir det kanskje innført nasjonale reglar i Trondheim også.

– Smittetrykket i Trondheim er redusert veldig dei to siste vekene, og vi er no på eit nivå der vi ser at det er moglegheiter til å oppheve forskrifta, og gå over på nasjonal forskrift, seier Wolden.

Morten Wolden

NYTT FORSLAG: Kommunedirektør Morten Wolden vil legge fram forslag til endringar i smitteverntiltaka i Trondheim på morgondagens formannskapsmøte.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Men Wolden er framleis bekymra for at deltavarianten av koronaviruset skal dukke opp att i Trondheim.

– Vi er framleis urolege for at det kan dukke opp nye smitteutbrot, så vi har ein del sterke anbefalingar som går på avstand på treningssenter, registrering på skjenkestadar, bruk av munnbind og å avgrense sosiale kontaktar, seier han.

Bekymra for sommarferien

Kommuneoverlege Tove Røsstad deler Wolden si bekymring om oppblussing av deltavarianten i Trondheim.

Kommuneoverlege Tove Røsstad, Trondheim

BEKYMRA: Kommuneoverlege Tove Røsstad i Trondheim fryktar smitten vil blusse opp att i Trondheim når folk skal på sommarferie.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Det er enkelte utbrot med deltavarianten rundt om i landet. Det er absolutt ein fare for at den kjem tilbake til byen når folk skal reise på ferie, seier ho.

Ho fortel at ti av smittetilfella i førre veke skuldast reiseverksemd.

– Dette vil berre auke utover sommaren. Sjølv om ein anbefalar å avvikle den lokale forskrifta i Trondheim, betyr det ikkje at faren for smitte er over, fastslår Røsstad.