Hopp til innhold

Petter-bygdas kommunehus kan bli ditt

Mosvik kommune slo seg saman med Inderøy og vart til Inderøy. Kommunehuset vart til overs. No – fem år etter samanslåinga, er kommunehuset i den vesle Northug-bygda til sals.

Kommunehuset i Mosvik

Lysa vart sløkte i kommunehuset i Mosvik etter 2012.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Mosvik tok initiativet til kommunesammenslåinga med naboen Inderøy.

Det var for ti år sidan. Det vart ein god prosess mellom dei to senterpartistyrte landkommunane i Nord-Trøndelag.

Inderøy låg nærare E-6, hadde jarnbane, og frå Inderøy var det kortare veg til både den noverandre fylkeshovudstaden Steinkjer, og den kommande etter regionreforma i Trøndelag, Trondheim.

Kommuneadministrasjonen i Mosvik flytta til nytt hus

1. januar 2012 var samanslåinga eit faktum.

Den sentrale Skarsundbrua hadde bunde dei to kommunane vest og aust for Trondheimsfjorden saman, i og med det var alle innstilte på at ein måtte samarbeide.

Hvor er dette 15.04

Kommuneadministrasjonen i Mosvik tok vegen over Skarnsundbrua og fann seg kontor i kommunehuset i Inderøy.

Foto: Morten Austmo

Mosvik fekk garantiar for at det meste skulle bli som før, kommunale stillingar skulle behaldast, og heile kommuneadministrasjonen i Mosvik tok med seg pikkpakket og installerte seg i kommunehuset i nabokommunen.

Men ikkje alt var som før. Erfaringane var blanda så snart samanslåinga var eit faktum.

I Petter-bygda stod eit tomt kommunehus

Mosvik vart Petter Northug-bygda, ikkje eigen kommune, men ei bygd i Inderøy.

Skistadion i Inderøy fekk namnet Petter Northug skistadion, det var kanskje ein sjølvsagt ting, men det var óg for å velsigne det gode samarbeidet.

Petter Northug stadion

Petter Northug skistadion ligg i Inderøy.

Foto: Eivind Aabakken/NRK

Borte i sentrum i Mosvik stod eit kommunehus med svarte vindauge.

Flyktningar kom og drog igjen

Det tomme kommunehuset vart bygd om for å huse flyktningar.

Ein periode vart det gamle kommunesymbolet ein heim for menneske på flukt.

Refleksjoner i vannet ved småbåthavna i Mosvik

Fjord-idyll har vesle Mosvik nok av.

Foto: Grethe Belsvik Myrabakk

Men frå hausten 2016 har kommunehuset igjen stått tomt, og no vurderer rådmannen i den spleisa kommunen å selje det til høgsbydande.

Ein idé om å bygge det om til helse og omsorgsformål vil bli for dyrt, viser utrekningar rådmannen har gjort.