Hopp til innhold

John Ronny skal ete seg gjennom EM i fotball, ein rett for kvart lag i meisterskapet

John Ronny Sødahl Furunes har gjort fotballmeisterskapa til eit kulinarisk maraton. Han trur ikkje favorittlandet ville vunne om det handla om mat.

John R. Sødahl Furunes nyter fransk ost.

FRANSK PIKNIK: John Ronny Sødahl Furunes nyt ein fransk ost i hagen under opningskampen i VM for herrar i 2016.

Foto: Privat

Det byrja i det små. Under fotball VM for menn i 2010. Butikkane hadde byrja å få eit meir variert ølutval og fotballentusiasten John Ronny Sødahl Furunes kjøpte ein øl utifrå kva landslag som spelte på kvelden.

Fire år seinare, medan tyskarane rulla over motstandarane i Brasil-VM, utvikla konseptet seg. Furunes laga ein og anna matrett frå landa som spelte og posta det på Facebook. Responsen vart større enn han hadde trudd.

– Eg vart oppelda, seier stjørdalingen.

Og det er han framleis.

John R. Sødahl Furunes spiser seg gjennom EM.

ISLANDSK AFTEN: Når Island spelar skal ullgensaren på, sjølv om det er midt på sommaren.

Foto: Privat

EM-kokk

Sidan den gong er konseptet betydeleg utvikla.

Dei siste vekene har politiadvokaten planlagt nøye med excel-ark og handlelister.

Målet er å ete eit middagsmåltid kvar kampdag med inspirasjon frå eit eller fleire av landa som spelar.

Ofte kombinerer han rettar frå dei to landa som spelar mot kvarandre. I kveld serverer han for eksempel tyrkisk kebab og italiensk pizza med parmaskinke til familien.

Både fotballspelarar og hobbykokkar treng kviledagar under EM. Derfor går Furunes av og til ut og et på restaurantar med mat frå same land som dei som speler i meisterskapa.

– Det har vore ein tilleggsdimensjon å ete på restaurantar der eg visste at fans frå det landet skulle samlast den kvelden for å sjå kampen, seier Furunes.

John R. Sødahl Furunes spiser seg gjennom EM.

FORBRØDRING: På ein av pausedagane frå matlaginga gjekk Furunes på ein Iransk restaurant for å sjå kamp. – Det vart litt forbrødring rundt det når eg sa kvifor eg var der, det var veldig artig, mimrar den matglade fotballentusiasten.

Foto: Privat

Fekk opna skjenken dagen før EM

I Trondheim driv Adrian «Dougie» Douglas fotballpub. Den siste tida har det vore vanskeleg fordi han ikkje har hatt lov til å skjenke alkohol.

Også i fjor haust var det vanskeleg å drive pub i byen. Men i går opna formannskapet igjen for skjenking med eit hovudmåltid. Noko som passar bra for Douglas, som i fleire år har hatt sin eigen meny for meisterskapen.

I år er det 24 burgarar å velje mellom, ein for kvart land som er med i sluttspelet.

– Det betyr ekstremt mykje for oss. Eg håper vi nærmar oss slutten på pandemien og nedstenginga no, seier Douglas før han held fram.

– Mat og fotball går hand i hand.

EM meny Three lions

EM-MENY: På Three Lions English Pub i Trondheim har kvart land som deltar i EM fått kvar sin burgar og ein kort skildring av årets lag.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Kven trur du ville vunne EM, om det var dei med best mat som vant?

– Eg dreiv ein bar i Spania i ni år. Eg elskar maten deira.

– Trur du at fotballen «kjem heim» til England i år?

– I hjartet mitt trur eg alltid at vi skal vinne. Men om eg skal vere heilt ærleg, så trur eg ikkje vi vinn i år, seier Douglas, som har klipt seg som Paul «Gazza» Gascoigne for anledninga.

Adrian "Dougie" Douglas har fått seg ny sveis.

GAZZA-FAN: Adrian «Dougie» Douglas har klipt seg som sitt idol, Paul «Gazza» Gascoigne.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Meir utfordrande under VM

Når heile verda spelar mot kvarandre får hobbykokk Furunes frå Stjørdal bryne seg på heilt ukjente rettar.

Kva er den vanskelegaste retten du har laga under VM?

– Det må vere nokon av dei afrikanske rettane eg har prøvd meg på. Eg laga noko kylling frå Elfenbeinskysten, og ei slags peanøttgryte frå eit sentral afrikansk land, som var vanskeleg.

– Kva rett overraska deg mest?

– Gulasj frå Ungarn, den var overraskande god.

– Har du nokon gong laga noko ueteleg?

– Det var nok ein dessert frå Algerie. Då eg brukte alt for mykje ingefær. Eg bomma litt, det vart ete litt, men det gjekk nokre stykke i søppeldunken, men det var min og ikkje matretten si skuld.

John R. Sødahl Furunes spiser seg gjennom EM.

TYRKISK MAT PÅ MENYEN: John Ronny Sødahl Furunes på ein tyrkisk restaurant i Oslo under EM i fotball i 2016.

Foto: Privat

Draumen

Om vinnaren av fotball EM skulle kårast utifrå kva av landa som har det beste kjøkkenet, trur Furunes franskmennene ville vunne.

– Kva med favorittlaget ditt England då?

– Dei har kanskje eit dårleg rykte, med mykje smult og slikt i maten. Men du kan få mykje god tradisjonell mat i England, om du er litt meir bevisst på kor du kjøper den, seier Furunes.

John R. Sødahl Furunes spiser seg gjennom EM.

ANGLOFIL: John Ronny Sødahl Furunes held med England i meisterskap, og har vore mykje i landet, men trur ikkje dei hadde vunne om det var mat dei konkurrerte om mot andre europearar.

Foto: Privat

Han har aldri vore på eit større fotballmeisterskap og trur det ville vore vanskeleg å kombinere med matlaginga. Men han har ein draum.

– Ein slags våt draum hadde vore å reist rundt saman med ein skikkeleg flink kokk, og særleg om det hadde vore eit VM eller EM i eit land med mykje råvarer, kor vi både hadde sett fotball og laga mat frå dei forskjellige nasjonane. Det hadde vore ein draumeseanse.