Hopp til innhold

Jacobsen best i kvartfinalen

Astrid Uhrenholdt Jacobsen gjekk inn til bestetid i kvartfinalen i sprint-NM i Granåsen.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen
Foto: Jeff McIntosh / AP

Jacobsen frå Hemning IL vann første kvartfinaleheatet framfor Ingrid Aunet Tyldum frå Overhalla IL.

- Det var litt glatt i bakken, men eg kom meg opp og då staka eg kanskje litt betre enn dei andre. Det er ikkje den beste kjensla eg har hatt, men det blir ingen kongekjensle på dette føret uansett, seier Uhrenholdt Jacobsen.

Bjørnås vann 2. heatet

Kine Beate Bjørnås frå IL Varden gjekk til topps i det andre kvartfinaleheatet. Ho vann framfor Ingrid Urdahl frå Strindheim IL. Begge er vidare til semifinalen.

- Kroppen føltes grei. Eg var litt treig i starten, men greidde jobbe meg opp, så det var godt vi hadde den bakken. Eg trur det er der eg må gjere det, seier Bjørnås.

Brun-Lie vann 3. heatet

Celine Brun-Lie frå Njård vann det tredje heatet i kvartfinalen. Nummer to blei Sigrid J. Aas som representerer Tverrelvdalen IL.

- Eg trudde det såg svart ut, men greidde å på. Det var ikkje så verst med smurninga mi i dag, seier Aas.

Elise Aunet Tyldum, som blei nummer tre i heatet, kan gå vidare til semifinalen på god tid.

Gjeitnes vann 4. heatet

Kari Vikhagen Gjeitnes som representerer Henning Skilag i Steinkjer er vidare til semifinalen etter å ha vunne det fjerde heatet.

- Det var ganske tungt. Løypa er lang, så det tek på når oppløpet og løypa er lang. Kroppen kjennes bra ut, seier Gjeitnes.

Ellen Sandbakken frå Kjelsås IL sikra seg den andre semifinaleplassen frå dette heatet.

Grønvoll vann 5. heatet

Maria Nystedt Grønvoll som representerer Furuflaten IL gjekk til topps i det siste heatet i kvartfinalen for kvinner. 

Ho vann framfor Agnetha Åsheim frå Tromsø Skiklubb 

- Eg hadde ikkje venta dette, det kom som ein bonus, men eg veit eg kan vere rask, seier Grønvoll.