Hopp til innhold

Vil du jobbe her?

Det er så få som ønskjer å bli organistar at Nidaros bispedømme vil sette ut orgel i heimar for å rekruttere fleire.

Nidarosdomen

Det er nesten ingen som utdannar seg til kyrkjeorganist.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Den store mangelen på organistar uroar dei som jobbar i Nidaros bispedømme.

– Eg vil seie at situasjonen er kritisk, seier Søren Hjort, som er rådgivar ved Nidaros bispedømmekontor til NRK Trøndelag.

Berre ein student
Orgel i Nidaros domkirke

Det er få som vil spele på orgelet i Nidarosdomen.

Foto: Morten Karlsen / NRK

På Musikkonservatoriet i Trondheim er det i år berre ein student som starta på linja for kyrkjemusikk. På andre året er det også berre ein einsleg student.

– Det er ikkje nok til å dekke dei organistane som etterkvart må overta orgelkrakkane rundt om kring, seier Hjort.

For å betre situasjonen har Nidaros bispedømmeråd starta eit samarbeid med kulturskulen i Trondheim. Saman vil dei søkje Norsk kulturråd om støtte til å kjøpe inn 15 orgel, som skal lånast ut i heimar der det er barn.

– Det handlar om å skape eit miljø for orgel og eg trur at om vi plasserer orgel heime hos barna, vil dei ha ein sjanse til å øve og det blir eit miljø, seier Hjort.

Godt nytt

Ved Musikkonservatoriet i Trondheim er de glade for at bispedømmet engasjerer seg i rekrutteringa av organister.

– Eg syns det er heilt strålane at fleire kjem i kontakt med orgelet og dei mulegheitane det gir. Orgelet gir så store mulegheiter både dynamisk og med klangane, i motsetnad til fleire andre instrument, seier Trine Knutsen, som er leiar for Musikkonservatoriet i Trondheim.