Hopp til innhold

Tagga på Nidarosdomen: – Kan vere skadeleg for sikta i fengsel, seier forsvarer

Mannen som er sikta for grovt skadeverk på Nidarosdomen og på den jødiske gravlunden på Lademoen, seier han sjølv er religiøs.

Tagging på framsiden av Nidarosdomen.

HÆRVERK: Den sikta tagga blant anna dørene i Vestfronten

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

Fredag møtte sikta i fengslingsmøte i Trøndelag tingrett.

Han blei varetektsfengsla i fire veker, fordi retten meiner det er fare for at han gjer fleire straffbare handlingar.

I løpet av fjorten dagar har mannen i slutten av 40-åra vorte sikta for 15 ulike forhold i Trondheim.

Forsvararen meiner sikta heller burde ha vore innlagd enn å bli varetektsfengsla.

Retten meiner det ikkje er noko grunn til at han ikkje skal tole fengsling, og at han vil bli ivareteke av helsepersonell i fengselet.

«Når det gjelder siktedes helsesituasjon, legger retten til grunn at dette vil bli ivaretatt av helsepersonell i fengslet, om nødvendig med tvangsinnleggelse i helsevesenet.» skriv retten.

Tagging på Nidarosdomen

På inngangsdøra til Trondheim kunstmuseum har også sikta markert seg.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

Aktor: – Skremmande plagsam framferd

Hærverket på Nidarosdomen, kunstmuseet og den jødiske gravlunden er det mest alvorlege, meiner politiet.

Han er også sikta for utagerande framferd, delvis i rusa tilstand, mot fleire tilfeldige personar.

Helsepersonell og politi som har hatt med han å gjere har vorte spytta mot og fått høyre mange ukvemsord.

Les også Mann siktet for hærverket på Nidarosdomen og jødisk gravlund

Ødelagt jødisk gravplass.

I Vår Frue Kirke tømte han eit pulverapparat over ein person.

Han er også sikta for skadeverk på fleire bilar mellom anna ved å kaste stein.

Ei natt i slutten av mars rulla han elleve kabeltromlar frå ein byggeplass og ut i ei rundkøyring på Ranheim.

– Dette er skremmande plagsam framferd. Derfor er det på tide at han blir sett i varetekt, seier politiadvokat Anne Haave til NRK etter fengslingsmøtet.

Politiadvokat Anne Haave sitter i Trøndelag tingrett. Hun sitter ved en bærbar PC.

Politiadvokat Anne Haave i fengslingsmøtet fredag.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Spurte om det han gjorde var på video

I fengslingsmøtet møtte den sikta i ein burgunder joggedress.

Politiet har enno ikkje avhøyrt han.

Etter ein samtale med forsvarar Frode Wisth sette sikta seg i vitneboksen.

Han hadde den fyldige siktinga på papir og noterte litt undervegs.

Mens aktor las opp post for post følgde sikta nøye med og kom med fleire spørsmål undervegs.

Han erkjende straffskuld for tagginga på Nidarosdomen og hærverket på kyrkjegarden på Lademoen.

På nokre av postane spurte han om det var video av det han hadde gjort.

Han svarte «nei» på spørsmålet om straffskuld dersom aktor ikkje kunne stadfeste at handlinga var filma.

Sikta sa at han truleg var den mest intelligente personen i rommet og at folk flest ikkje skjønte så mykje av det som går føre seg.

Han meinte at det han gjorde ikkje var «tagging», men noko med ein viktigare bodskap.

Motivet for handlingane var det vanskeleg å få avklart, sjølv om sikta snakka mykje undervegs.

Forsvarer Frode Wisth i fengslingsmøte 19. april 2024

Forsvarer Frode Wisth meiner det kan vere skadeleg for sikta å bli varetektsfengsla.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Handlingane gjort i frustrasjon

Tingrettsdomar Kjersti Lyster Ryen noterte undervegs, men sa at ho ikkje fekk med seg alt fordi det gjekk litt fort.

Ho spurte om ho hadde forstått det rett at han ikkje vil bryte lova igjen om han blir sett fri.

Det stadfesta han.

Eg vil gjerne bli lauslaten og nyte vårvêret. Eg er veldig glad i naturen, seier sikta.

Forsvarer Frode Wisth bad om at sikta blir lauslaten fordi han har sagt at han ikkje skal gjere liknande ting igjen.

Les også Mann pågrepet etter å ha tagget på Nidarosdomen

Tagging på framsiden av Nidarosdomen.

Om bakgrunnen for handlingane seier Wisth:

På det han har forklart er det ein bodskap han ønskjer å fremje utan at det er ein djup politisk bodskap.

Eg trur det er ei handling av frustrasjon.

– Frustrasjon over kva?

– Det er litt uklart, svarer Wisth

– Han seier han er ein religiøs mann. Korleis skal vi då forstå skadeverket han har gjort på Nidarosdomen og den jødiske kyrkjegarden?

– Det har eg ikkje noka meining om.

Ødelagt jødisk gravplass.

Ei knust Davidstjerne låg igjen på Den jødiske gravlunden på Lademoen i Trondheim.

Foto: Bilde hentet fra Facebook-profilen til Sophie Bodd Jenssen

Kan bli aktuelt med tvungent psykisk helsevern

Statsadvokaten har alt varsla at det kan bli tatt ut ein tiltale på tvungent psykisk helsevern når saka skal behandlast i retten.

Det opplyste aktor Haave i fengslingsmøtet.

Sikta sa han er frisk og vil ha ein fengselsdom på det han har gjort og så sone den.

Om sikta no blir sett i varetekt seier Wisth:

– Systemet er slik i Noreg at dersom ein er for sjuk til å vere i fengsel så blir ein flytta over til eit psykiatrisk sjukehus, til dømes.

Kvar meiner du han bør vere?

– Det er opp til helsevesenet i fengselet å avgjere.

Meiner du rette plassen er fire veker i varetekt framfor å få hjelp?

– Eg tenkjer det kan vere skadeleg for han å vere i fengsel, seier Wisth.

I løpet av fredag ettermiddag avgjer domaren om mannen blir varetektsfengsla eller ikkje.

Referatforbodet i fengslingsmøtet vart oppheva etter ønske frå NRK.