NRK Meny
Normal

Hatar du å rygge med tilhengar?

I framtida kan det bli lettare å rygge med tilhengar. Studentar ved NTNU har utvikla eit hengarfeste som forenklar og styrer rygginga på ein heilt ny måte.

I framtida kan det bli lettare å rygge med tilhengar. Studentar ved NTNU har utvikla eit hengarfeste som forenklar og styrer rygginga på ein heilt ny måte.

– I vår klasse hadde me temaet "styring av moderne bilar". Fokuset var stort sett på lastebilar, men mi gruppe valte å sjå på personbilar, seier Lars- Emil Fjermeros.

Og dei kom raskt inn på temaet rygging av bilar.

Eksperter i Team

Dei har laga eit system for personbil, som skal gjere det lettare for deg å rygge med tilhengar. F.v Stian Skaalvik Sandøy, Julie Johnsen Kirkhus, Peter Sandberg og Lars Emil Fjermeros.

– Det er veldig mange som tykkjer det er utfordrande å rygge med tilhengar. Me fekk lyst til å utvikle eit system for personbilar, som kunne forenkle rygginga og gjere oss til betre ryggarar.

Studentane tek faget "Eksperter i Team" ved Norges Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet.

Faget samlar studentar frå ulike studieretningar som saman skal løyse ei utfordring. I faget har dei delt inn studentane i landsbyar med ulike oppgåver.

Backing Buddy

Oppfinninga kallar dei «Backing Buddy».

– Grunnen til det er at eininga har ein reguleringsmekanisme som kan styre tilhengaren og følge styreretninga til bilen, seier Fjermeros.

Han forklarar at eininga skal kunne måle ulike parameter på bilen når du set bilen i revers med tilhengar.Til dømes skal eininga kunne måle vinkelen på tilhengaren for å alltid vite kvar tilhengaren er.

– Backing Buddy skal styre tilhengaren slik at den følgjer køyrebana til bilen. Det er eit vanleg problem at tilhengaren går i vranglås og går til ei tilfeldig side, seier Fjermeros.

Tverrfagleg arbeid

Eksperter i Team

I dag presenterte studentene prosjekta i faget ' Eksperter i team' ved NTNU.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Studentane har jobba med prosjektet sidan januar i år og fått utfordringar på tvers av faga dei studerer.

– Det har dreia seg om alt frå matematiske modellutrekningar til reguleringsteknikk og programmering.

Førebels har dei laga ein prototype i lego, men kanskje kan dette føre til at nokon blir interessert i utvikle det vidare. Fjermeros tykkjer det hadde vore kult om nokre bilprodusentar fatta interesse for prosjektarbeidet.

– No skal me først levere rapporten. Me har gjort nokre utrekningar, men me skulle gjerne ha gjort fleire utrekningar slik at me veit at det fungerer i praksis, seier han.

Dyktige studentar

Svein-Olaf Hvasshovd

Professor ved NTNU, Svein-Olaf Hvasshovd, er særs nøgd med studentane.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

– Då trenger me litt ekstra ressursar. Det er framleis ein veg å gå, seier Fjermeros

Professor ved institutt for data- og informasjonsteknologi, Svein-Olaf Hvasshovd, tykkjer dei har laga eit særs godt konsept.

– Eg tenkjer at dett kan utviklast vidare og at det kan bli ein realitet, seier Hvasshovd.

Eksperter i Team

Her er prototypen 'Backing Buddy'.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK