Hopp til innhold

- Ja til meir likeverd

Harald Reppesgaard vil at det skal bli meir likeverd og rettferd i samfunnet.

Harald Reppesgaard
Foto: privat

– Under oppveksten min på austkanten i Oslo møtte eg store skilnadar når det gjaldt levekår og klasse. Eg har vore viss på mi klassetilknyting og identitet. Det var naturleg i vaksen alder og jobbe for eit rettferdig og meir likeverdig samfunn. For alle, seier Harald Reppesgaard.

Han legg til at rett til utdanning og mulegheit til arbeid er grunnleggande menneskerettar.

– Historia har vist at det berre er Norges Kommunistiske Parti (NKP) som både i krig og fred er det mest konsekvente partiet for gjere alvor av interessene til arbeidarklassen. NKP er partiet som mest viljefast har jobba for fred og solidaritet med den fattige verda, legg han til.

Full styring sjølv

Harald Reppesgaard meiner NKP har det beste programmet for å avgrense og å avskaffe storkapitalens og monopolas makt over økonomien og den repressive makta (politi, militæret) og kulturen i samfunnet.

– Et hovudvilkår for å bygge det sosialistiske samfunn er full samfunnsmessig styring med dei viktigaste produksjonsmidla som råstoff og naturressursar. Då har ein kontroll med produksjon og styring av marknaden, seier han.

Dei neste fire åra vil han kjempe for nettopp dette.

– Dei viktigste politiske sakene er sterkare samfunnsmessig styring med bank- og kredittvesen. Full nasjonalisering av desse er målet. Tilbakeføring av totalt eigarskap til de store statsverksemdene til staten. (Telenor, Statoil, NSB, Posten med fleire) Partiet ønskjer også å stoppe privatisering av helsevesen, skular, infrastruktur og all tilbodsordning på desse områdene.

For Norges Kommunistiske Parti er det viktig å vere einig med samarbeidspartnarane i mål og midlar når det gjeld å ta opp kampen om samfunnsmessig full styring.

Harald Reppesgaard vil helst samarbeide med Sosialistisk Venstreparti og helst ikkje med Framstegspartiet om partiet blir representert på Stortinget til hausten.

Nei til bompengar

Kommunistpartiet meiner den norske stat har god nok økonomi til å byggje ut vegnettet utan at privatbilistar, transportsektoren og kollektivtransporten skal måtte ta sin del av utgiftene.

– NKP går imot auka avgifter og skattar generelt. Alt gjennom bensin- og dieselavgifter, årsavgifter, registeringsavgifter, samt enorme overskot på oljeformua og utan utanlandsgjeld, har den norske stat økonomi til å byggje ut vegnettet. Storingspartia, særleg partia i regjeringa, gjer ingenting eller lite, for å ansvarleggjere staten, seier Reppesgaard.

Korleis stiller du deg når det gjeld rovdyrpolitikken?

Rovdyr har rett til liv ut frå sine naturlege føresetnader. Dei var først på jorda, før menneska. Vi har ingen moralsk eller naturgitt rett til å utrydde nokon liv. Rovdyrstyringa må sikre berekraftige stammer som kan overleve i sine naturlege omgivnader. Talet individ som skal leve må avgjerast i nasjonal plan for forvaltinga då rovdyr ikkje kjenner dei lokale grensene, seier Reppesgaard.

Han syns også at lokalsamfunnet må ha stor rett til å avgjere korleis rovdyrstyringa skal utøvast og kva område som passar best til å ta vare på rovdyrstamma.

– Vi er ikkje imot at enkelte dyr blir tatt ut når skadeomfanget er for stort, men vi meiner det er for lettvint å skyve alt ansvar på rovdyra og at dei som held husdyr må gjere langt meir for å unngå skade på sine dyr. Gjeting av husdyr må etablerast i langt større omfang, helst i fellesordningar og
dei som held husdyr må før større økonomisk støtte til å sikre seg mot rovdyr.

Ja til samanslåing

NKP i Midt-Noreg har tidlegare gått til val på å leggje ned det fylkeskommunale styringsorganet til fordel for regionale kommunale einingar.

– Fleire kommunar bør slås saman til større styringseiningar. I alle fall gå saman om samdrift av vidaregåande skular, sjukeheimar, renovasjon, vegvedlikehald osv. Det bør også vere felles innkjøpsordningar for varer og tenester, seier Reppesgaard.

Send epost til Harald Reppesgaard
Møt Harald Reppesgaard på Facebook