Hopp til innhold

Snøskredfare fleire stader i helga – tre personar er i god behald etter snøskred i Trøndelag

Ver svært varsam om du har tenkt deg på skitur i fjellet dei neste dagane. Store styrker rykka ut til snøskred i Trollheimen fredag.

En ambulanse er på plass ved området hvor det har gått et skred i Oppdal. Vi ser fjell med snø i bakgrunnen.

SNØSKRED: Det har gått eit snøskred i Storlidalen i Oppdal. Tre turgåarar er trygge og på veg ut av skredområdet.

Foto: Morgan Frelsøy / OPP

– Det er tre skispor som går inn i skredet. Vi har kontroll på personane som har gått i desse skispora, seier operasjonsleiar Wenche Johnsen i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Det vart omtalt som ein større redningsaksjon. Naudetatane rykte ut med Sar Queen, Norsk luftambulanse, brannvesen og hundeekvipasjar.

Skredet gjekk i Nonsfjellet, opplyste Andreas Nesheim i Hovudredningssentralen i Sør-Noreg til NRK like før kl. 15.30.

En uniformert politibetjent peker opp mot skredområdet i Oppdal. I bakgrunnen ser vi fjell med snø på.

FULL UTRYKKING: Alle naudetatane rykka ut etter melding om snøskred.

Foto: Benth Owesen

– Ikkje andre personar i skredområdet

Politiet har grunn til å tru at personane på skitur kan ha utløyst skredet.

– Vi har konkludert med at det ikkje er andre personar der. Det er stor skredfare, så det medfører også fare å sende bakkemannskap i søk, seier operasjonsleiaren.

Skiløparane skal ha stått på randoneeski. Dei var i to ulike grupper.

– Ein far og ein son er gjort greie for. Det var ein anna turgåar som ringde og varsla om skredet. Personen sette i verk overflatesøk med ein gong, fortel Johnsen til NRK.

Skiløparane tek seg no ned frå fjellet sjølv på ei tryggare rute, opplyser politiet til NRK.

STORLIDALEN: Skredet skal ha gått i Nonsfjellet i Oppdal kommune.

Betydeleg fare for snøskred to stader i Noreg i helga

Dei fleste fjellområda i Noreg har gult nivå, altså moderat snøskredfare, fredag, laurdag og søndag. Som Trollheimen, kor Nonsfjellet ligg.

– Det som har skjedd fleire stader no, blant anna i Trollheimen, er årets første skikkelege oppvarming. Det har vore plussgrader fleire netter på rad. Då begynner det å gå skred i gamle, svake lag, seier Gustav Pless.

Han er vaktleiar i Snøskredvarslinga.

Det er greit å gå på tur i områda med moderat snøskredfare, så lenge du er varsam.

– I områder med moderat fare, er det veldig vanskeleg å seie når snøskreda går. Men det er mest sannsynleg at dei går på ettermiddagen og kvelden, seier Pless til NRK.

I Indre Troms og Jotunheimen er snøskredfaren betydeleg i helga, altså på raudt nivå.