Tomme blir vogner på Trønderbanen i dag frå klokka 12:00. Foto: NRK Trøndelag
Klokka 12 i dag stansa all togtrafikk i Trøndelag.
Dei ansatte i Jernbaneverket gjekk då ut i ein tre timar politisk streik. Dei protesterar mot at regjeringa vil privatisera delar av Jernbaneverket, det fortel streikegeneral Ørnulf Øyen, som har holdt appell ved Trondheim stasjon nå i formiddag.
- Eg håpar på forståing for at vi gjer dette i dag. Vårt håp no er at ei ny regjering vil klare å snu dette, den regjeringa som sit no har vi overhodet ikkje tillitt til lengre. For Samferdselsministeren kastar oss høgt til værs og fagfolk behandlar oss som ikkje vi veit kva vi snakkar om, seier Øyen.
Dei tilsette streikar mot at Regjeringa vil leggje arbeidsoppgåvene i Jernbaneverket ut på anbod. Streiken starta klokka 12:00 og vil vara til klokka 15:00.
Elleve lokaltog står stille, i tillegg blir tre avgangar på Nordlandsbanen og fire på Dovrebanen ramma av streiken.
- Det er ikkje muleg å komme seg fram med lokaltog i Trøndelag. Dei som allereie er undervegs med Nordlandsbanen eller Dovrebanen får busstransport, seier informasjonssjef i NSB, Åge Christoffer Lundeby til NRK Trøndelag.
Forseinkingar i ettermiddag
Streiken vil få konsekvensar utover ettermiddagen.
- Det vil bli litt forseinkingar på enkelte avgangar etter klokka 15:00 også, seier Lundeby.
Ørnulf Øyen i Jernbaneforbundet håper togpassasjerane har forståing for kvifor dei tilsette streikar.
- Vi har kalla streiken "Din tryggleik, vårt ansvar". Dette er ein streik for dei som reiser og eit varsko til det offentlege om at dei må ta dette på alvor, seier Øyen.
Kan bli gjort om
Forslaget om å konkurranseutsette store delar av Jernbaneverket vil få fleirtal på Stortinget når det blir behandla i dag.
Men i følgje Aftenposten er mindretalet, Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet, innstilt på omkamp dersom det blir ein raudgrøn fleirtalskonstellasjon etter valet til neste år.
Opposisjonen fryktar at konkurranseutsettinga fører til svekka togtryggleik.