Hopp til innhold

Snøfonna spår ny verdskrig

For første gong sidan 1937 er Fonnfjellet i Meråker fritt for snø. No blir det snakka om at dei to siste gongane snøen har forsvunne der, har det blitt verdskrig.

Fonnfjellet uten snø

Fonnfjellet er eit landemerke i Meråker. No er fjellet så godt som snøfritt, det skjedde sist i 1937!

Foto: Kjartan Trana / NRK

Fonnfjellet i Meråker har fått namn etter den store snøfonna som brukar å ligge året rundt. Men no har skavlen smelta, noko som skjer svært sjeldan.

Det blir snakka om alt frå klimaendringar til at dette er eit teikn på ein kommande verdskrig.

– Det er spesielt at fonna er borte. Eg har aldri opplevd det før, men eg er vel ikkje gammal nok, seier Randi Børseth Borstad, som kjører postbil i Meråker.

Ho kikkar ofte opp på Fonnfjellet, fjellet med to toppar og med snøfonna mellom. Ei fonn som ser ut til å vere heilt borte for første gong på veldig lenge.

Soga om namneplata under isen

Aluminiumsplate i Fonnfjellet

Dette er aluminiumsplata som no har kome til syne i Fonnfjellet.

Foto: Rolf Strid
Funnstedet

Aluminiumsplata vart funne eit par meter bak Jarle Strid (til venstre). Ved føtene til Leif Almåsvold er det teikn på at fleire nyleg har vore i området og leitt.

Foto: Rolf Strid

Sist det skjedde, var i 1937.

Soga seier at ei koppar- eller messingplate med tolv namn da vart hamra fast til berget der det elles er snø og is. Plata har sidan vore dekt.

I det siste har fleire i Meråker vore oppe og leitt etter plata.
Første søndagen i oktober vart det blink.

– Rolf og Jarle Strid, saman med Leif Almåsvold, har funne noko, seier Karsten Tidemann, som er redaktør i avisa Meråkerbygg.


Det er verken ei messing- eller koparplate, og ho har ikkje tolv namn.

Det er ein tjukk aluminiumsstav med inskripsjonen «Lars Graftaas 28/8 1937».

Staven er om lag 30 centimeter lang, og festa til berget med stålboltar som tydeleg har begynt å ruste.

– Stadvalet er genialt, i ei grop slik at minnesmerket blir spara for slitasje frå is som sig, seier Tidemann.

Det er også eitt namn meisla inn i berget rett ved aluminiumsplata. T. Høgmo (truleg Terje Høgmo) var der fire dagar etter Graftås i 1937.

Lars Graftås var ein markant mann i Meråker, han budde like ved Fonnfjellet, og var lokalpolitikar og smelteverksarbeidar.

– Aluminiumsplata er nok laga på smelteverket, seier Tidemann.

– Kan vere fleire plater

Fonnfjellet uten fonn

Fonna i Fonnfjellet er nesten heilt borte.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Tidemann trur framleis at det er mogleg at det finst ei plate med tolv namn på, for fonna er ikkje heilt borte.

– Det er litt is att i området, kanskje kan det skjule seg noko under den, seier Tidemann.

Aluminiumsplata som er funne, viser at det ikkje er tvil om at fonna var borte i 1937.

Men det blir også sagt at skavlen var borte i 1911. Begge gongane skjedde det altså rett før ein verdskrig braut ut.

Karsten Tidemann trur ikkje på at den manglande fonna er eit teikn.

– Eg veit ikkje om han Putin har høyrt om Fonnfjellet, ler han.

– Det er vel samantreff. Det er ingen som veit sikkert at fonna var borte i 1911 heller, seier han.

Har ikkje vore heil på mange år

Det finst ingen statistikk over kor ofte fonna har vore borte.

– Vi har ingen nasjonal verstatistikk på meir enn 160–170 år heller, så det er vanskeleg å seie. Men om eg skal gjette, vil eg nok tru at fonna har vore borte både 100 og 200 gonger opp gjennom historia. Vi skal òg huske at det er veldig lenge sidan fonna har vore heil. No har ho vore oppdelt i mange år, seier Tidemann.

Han meiner at kommunen bør passe på no, og få på plass eit liknande minnesmerke.

– Rykta seier at nokon i Meråker har ei messingplate klar, og at det berre er å bestemme kva som skal stå og få det fresa inn. Men det må skje før snøen kjem.

Fonnfjellet i Meråker

Slik ser Fonnfjellet ut til vanleg, med ein stor snøskavl mellom dei to toppane. I år er snøen borte.

Foto: Ole Kr. Tangen