Rosenborg har fått ein knallstart på sesongen med totalt 11 mål på to kampar, og Kjeldsnes meiner å sjå at kunnskapen frå trenarlegenden allereie har gjort utslag.
Går heller i angrep
Kjelsnes vil, logisk nok, ikkje juble for seriemesterskap enno.
Men han meiner det er tydeleg å sjå ting i laget som gjer at det er grunn til å tru at Rosenborg vil prestere betre i år enn på fleire år.
– Forskjellen i det spelemessige er at det er eit ønske om å angripe. Det har i fleire år vore slik at dersom vi har scora, har vi prøvd å trygge den leiinga. No går vi heller i angrep, seier Kjelsnes.
Og full fart framover på banen, det vekker minne om gullalderen under Nils Arne Eggen.
Gode strukturar
Den tidlegare RBK-trenaren er inne som mentor for Kåre Ingebrigtsen og resten av trenarteamet i Rosenborg. Akkurat no er han innlagt på Rikshospitalet, etter ein nyretransplantasjon tidleg i mars.
Men mykje kan tyde på at filosofien hans blir overført til læresveinen Ingebrigtsen sjølv om Eggen sjølv må halde sjukesenga.
– Det er strukturar i laget som er gode. Det er slik at sjøl om det står 4-0, 5-0 og 6-0 så er det fem-seks spelarar i boksen når det kjem innlegg. Slikt blir det mål av, seier Kenneth Kjelsnes.